Ulsteinskuta Sjannøy drog våren 1950 i Vestisen. Etter at ho kom heim med fangst i april, drog båt og mannskap vidare til Newfoundland.
I midten av februar 1951 melde Vikebladet at det framleis stod mykje sild utanfor kysten på Sunnmøre, og at det hadde vore svære fangstar både for drivarane og snurparane. Alle snurpefangstar på 1500 hektoliter og meir vart dirigerte sørover til Florø, men likevel gjekk det tregt med avtaket.
Sildefisket vart stadig betre utover første halvdelen av 1950-talet. Eitt problem var kapasiteten på mottak. To norske fabrikkar lagra sild i Ulsteinvik under fisket vinteren 1951. Sildoljefabrikken i Lysøysund i Trøndelag hadde leigt sildekummane ved Teigenebuda (Teigenes sjøpakkhus) på Osnes. I februar 1951 var kummane fulle, og silda var lagra etter ny konserveringsmetode. På den store planen vest for sjøpakkhuset hadde dei den siste tida teke imot fleire tusen hektoliter sild for Sildefiskernes Fabrikklag. Det var meininga å ta imot 20-30.000 hektoliter her om det vart behov for det. Elles var det inne på Teigenebuda 2100 tønner salta sild.
Hausten 1951 starta Rolf Hatlø eit nytt notbøteri i Ulsteinvik. Osnes Garn- og Notbøteri heldt til i den såkalla Sinbuda ved Osnesodden. Ifølgje lokalavisa hadde eigedommen blitt utbygd og forbetra, og der var bygt notheng. Hatlø rekna med å sysselsetje nærare ti mann til vinteren.
I oktober 1951 kom Ulstein-båtane Grøyven og Gandal heim frå torskefiske ved Grønland. Grøyven hadde fiska heile 310 tonn, og Gandal, som drog av garde noko seinare, hadde ein fangst på 240 tonn. Begge båtane leverte mykje av fisken i Færingehavn på Grønland, men hadde med seg om lag 70 tonn kvar heim.
Eit typisk døme på samarbeidet mellom lokale verkstader og lokale reiarar er arbeidet med MS Barden på Hatlø Verksted hausten 1951. Reiarlaget Skjervøy i Ulstein eigde båten som hadde vorte bygd om ved Hatlø i 1948. No, i 1951, fekk han sett inn ein Alpha dieselmotor med ei yting på 360-400 hestekrefter. Vikebladet har reportasje frå prøveturen fredag 28. desember 1951 og kan fortelje at båten gjorde 10 mils fart. No hadde Barden også fått ny keising, og forut var det mannskapsmesse med rom til 12 mann. Båten hadde blitt utstyrt med ei stor romsleg bysse, vaskerom og klosett med meir. Vikebladet kan fortelje at mellom 100 og 150 menneske tok del på prøveturen – som etterpå vart markert med smørbrød og kaffi på Stratos.
I februar 1952 presenterte lokalavisa ei liste over dei beste sildesnurparane så langt denne vinteren. Ulstein-båten Sjannøy låg på tredjeplass med 17.100 hektoliter medan Bell kunne notere seg for 14.400 hektoliter. Seinare rapporterte avisa om Gandal 11.000 hl, Grøyven 10.000 hl, Bell 15.000 hl, Barden 13.500 hl og Sjannøy 17.000 hektoliter.
Sildefisket utanfor kysten på Sunnmøre vart ein attraksjon; mange ville rett og slett ut for å sjå dei mange båtane i aksjon. Vinteren 1953 arbeidde Ålesund og Sunnmøre reiselivslag for å gjere sildefisket til ein internasjonal attraksjon. 12 utanlandske journalistar vart inviterte til Ålesund. Seinare ville også representantar for amerikanske kringkastingsselskap vere på pletten. Det skulle bli reportasjar, radio, TV og film frå den hektiske aktiviteten på fiskefeltet. I alt var 500 snurpefartøy og 2000 garnbåtar med i sildefisket. Elles var det venta mange turistar til fiskefeltet. I tillegg hadde fleire nemnder på Stortinget planar om å dukke opp og sjå nærare på dette eventyret.
Notbasane hadde ein spesiell posisjon denne tida, og var viktige for den fangsten båtane klarte å hale om bord. Frå Ulstein var det 10 notbasar i sving under storsildfisket i 1953: Hans Skeide på Ole Solbjørg, Laurits Skeide om bord i Tampen, Rudolf Berge Skeide, Sørtrål, John Skeide, Skarbak, Johannes Skeide, Bell, Arthur Eltvik, Jernbarden, Knut Gjerdsbakk, Fangstmand, Nils Notanes, Bellsund, Ingolf Eikrem, Flømann og Henrik Osnes om bord i Skrøyfa, ein båt frå Kristiansund.
Storsildfisket tok seg opp utover vinteren 1954, og det var stadig vanskar med mottaket i land. Fryseriet i Ulsteinvik hadde i starten på februar teke imot og frose om lag 4000 kasser sild for eksport. Dei hadde også salta mange, mange tonn. Det var no 16-17 mann i arbeid ved bedrifta.
Samtidig hadde Skeide Fabrikker i Ulstein starta fabrikasjonen av eit heilautomatisk måleapparat for sild. Oppfinninga var no sett opp ved Teigenebuda i Ulsteinvik og fungerte etter planen. Arbeidsformann Howlid kunne fortelje at dei hadde berre lovord å seie om apparatet. Apparatet hadde ein kapasitet på 450 hektoliter i timen med normal elektrisk spenning; dei kunne greie heilt opp i 1000 hektoliter i timen om lossekapasiteten tillét det.
I februar 1954 kunne båtane frå Ulstein rapportere om følgjande fangstar: Barden 32.000 hektoliter, Gandal 18.000, Bell 16.000, Sjannøy 14.000 og Grøyven 12.000. Best av båtane frå Hareid var denne gongen Flømann med 26.500 hektoliter.
Alt i 1954 var det planar om å starte ein sildoljefabrikk i Ulstein. Det var meininga at fabrikken skulle ligge i Hasund og nytte nybygget til Møre Korkfabrikk som no var under oppføring i to høgder. Når korkfabrikken hadde vist interesse for dette tiltaket, hadde det samanheng med at vilkåra for å drive korkfabrikk hadde endra seg medan fabrikken no bygde seg opp att etter den siste brannen. Råstoffet til korkprodusjon hadde hamna så høgt i pris at det ikkje svarte seg å drive med korkproduksjon som tidlegare.
I slutten av september 1952 markerte reiarlaget AS Snorre 50-årsjubileum med fest for 100 gjester på bedehuset. Skipper Sigvald Spjutøy gav det historiske attersynet: – Han minte om at Ulstein fekk sine to første fiskedampskip i 1902, Ulf og Snorre, og med det vart havfiskeselskapet AS Snorre stifta 30. september. Ei stund før krigen selde selskapet båten Snorre og skaffa seg Bell. Men den 19. juli 1940 kom eit tysk krigsfartøy til Ulsteinvik, og tyske offiserar oppsøkte leiinga i AS Snorre. Bell skulle leverast ut til den tyske marinen. Ulsteinbåtane Bell og Skjervøy vart tekne samtidig. Hadarøy var teken tidlegare, og Ulstein var med eitt ribba for båtar. Bell vart gjort om til krigsfartøy, fekk kanoner, luftvern og torpedoskyts, og så vart båten døypt om til Markomane. Båten kom mellom anna i kamp sør for Vattøya – på veg til Stad. Vidare fekk båten gjennom dei fem åra fleire grunnstøytingar, og ifølgje skipper Spjutøy såg han ut som ein trekkspelbelg i botnen. Sommaren 1944 vart han angripen av to engelske fly medan han låg ved Haugsholmen. Han fekk store skadar og vart køyrd på land. Mange av mannskapet strauk med.
Då krigen slutta i mai 1945, vart Markomane levert tilbake til reiarlaget, men i ein ynkverdig tilstand. AS Snorre var då i ein vanskeleg situasjon, men fekk støtte til reparasjon. Mange meinte at det var uråd å stable Bell på føtene igjen, men han vart likevel send til Rosenberg verft i Stavanger, som var ferdig med reparasjonen i desember 1945. Det heile kosta 200.000 kroner, støtta frå stat og kommune var på 110.000 kroner, resten måtte reiarlaget betale. Disponent Knut Dimmen slutta etter eige ønske i 1948, og Johs. N. Osnes tok over. I 1950 vart Bell så bygd om frå stim til motordrift ved Hatlø. Selskapet skapte overskot og var snart gjeldfritt igjen (Vikebladet).