Vikebladet melde i april 1952 igjen om stor aktivitet ved verkstadene i Ulstein. Ulstein Mek. hadde arbeid med utbetring av fleire båtar og sysselsette for tida 50 mann. Hasund Smie og Sveiseverksted hadde godt med arbeid til 20 mann. Mellom andre båtar skulle Gandal ha montert inn fryseanlegg. Ved Kleven var om lag 10 mann i sving med diverse reparasjonsarbeid. Ved Hatlø var heile 70 mann i arbeid, og verkstaden hadde ei rekke oppdrag. Mellom anna skulle Barden setje inn fryserom og anna utstyr som båten måtte ha til ein Grønlands-tur.

1953 vart også eit travelt år for verkstadene i Ulstein, og utover i 1954 var det rikeleg å gjere, kanskje endå meir. Dette hadde mellom anna samanheng med det rike sildefisket. Ulstein hadde til dømes i april alle beddingane fulle og ifølgje lokalavisa ein pen flåte ved kaia. Avisa skriv ikkje kor mange som er i sving, men kallar det ein pen arbeidsstyrke, og fortel at verftet gjerne skulle hatt tilgang på meir folk om dei kunne skaffast. Verkstaden heldt no på med fjellsprenging innover mot Naustnesodden. Kaia skulle på nytt forlengast, og dessutan skulle dei byggje ein ny plateverkstad på 500 kvadratmeter.

Hatlø hadde dei siste åra hatt opp til 80 mann i arbeid. Dette var no for lite. Verkstaden hadde mellom anna fått tilslaget på bygging av eit nytt stålskip, men tilgangen på arbeidskraft var avgjerande for om verftet kunne ta på seg oppdraget. Også Hatlø dreiv byggjeverksemd og utvida anlegget sitt. Ifølgje lokalavisa hadde også Kleven nok å gjere.