Det vart eit heller dårleg sildefiske i 1958. Dei hadde merka svikten året før òg, men trudde det var forbigåande. Torsdag 27. februar 1958 melde Vikebladet: – Noko storfiske har det ikkje vore denne veka heller. Rett nok vart det teke nokre gode snurpefangstar på feltet Runde-Storholmen måndag, men flåten er stor, og ikkje alle fekk fangst.

Fjordenes Tidende i Måløy skriv samtidig om situasjonen: – Det blir nok heilt vonlaust for fiskarane å kunne rette opp att svikten i vintersildfisket denne sesongen. Skaden er altfor stor og vidtfemnande til det. Sildemillionane dei andre åra har vore som eit overrislingsanlegg som har ført til betre levekår og kjøpekraft langt utanfor dei reine fiskedistrikta. Når dette ikkje fungerer som det skal, seier det seg sjølv at skadeverknadene blir overlag store både på sjø og land. Så spørst det om vi maktar å minke verknaden av den katastrofen som trugar. Alle synest vere samde om at vi ikkje løyser noko problem om vi set i gang ei syndflod av tvangsauksjonar langs kysten. Det vil berre føre til at situasjonen blir endå meir modlaus enn han alt er.

Nedgangen i sildefisket krev offer. Tysdag 5. mars 1959 blir det halde 3. gongs tvangsauksjon over eigedommane til Ulstein Sildoljefabrikk.

Torsdag 17. februar 1959 melde Vikebladet at haramsbåten Fisk vart beste båt på storsilda denne sesongen med om lag 20.500 hektoliter. Deretter kom Sæbjørn med 17.600 hl og Langvin med 14.900 hl. Avisa nemner ikkje båtar frå vårt område, men skriv at fem-seks av sunnmørsbåtane ikkje hadde hatt sild om bord i det heile.