Kultur

Innhald
294 treff

Det har ofte vist seg både økonomisk og politisk at om eit senter kjem over ein viss storleik, hjelper tyngdekrafta det vidare. Slik vart det med Ulstein og Ulsteinvik. I 1972 fekk kommunane på bordet ein fylkesplan som var påverka av tanken om vekstsenter. Omgrepet vart lansert i Europa i 1955, kom så til Noreg og vart ei heitt tema i debatten på 1960- og 70-talet. I Arbeidarpartiet fann idéen klangbotn, medan parti som Venstre og Senterpartiet var meir skeptiske.

Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 20 år tilbake i høve til skrivepunktet, ville vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. I 2003 byrja Trekantsaka å rulle, ei av dei viktigaste politiske sakene i kommunen dei siste 50 åra. Saka kom til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune satsfart og nye hopp i utviklinga.

K. Moldskred Rutebiler heldt til i Ulsteinvik og dreiv buss- og varetransport i området Ulstein, Hareid og Brandal, gjerne i korrespondanse med ferjer og passasjerbåtar. På bildet ovanfor ser vi Moldskred får overlevert ein Mercedes OH 321, 1956-modell. Bussen, ein 37-setar, hadde ein 120 HK dieselmoter. Det var første bussen med hekkmotor. Til venstre på bildet står seljaren, Adolf Pedersen frå Ålesund.

Rakettane gjekk til vêrs med lys og drønn. Folk omfamna kvarandre, tok farvel med 1900-talet og helsa det nye tusenåret velkome med von og uvisse. I nyttårsleiaren sin skriv redaktøren for lokalavisa i det han ønskjer velkomen til år 2000: – Kvardagen er her igjen, tida går som vi veit, nokså fort, og straks har det blitt vane for oss å skrive 2000.

Ved årsskiftet 1978/79 registrerer arbeidskontoret rekordarbeidsløyse i distriktet. I alt er 255 utan arbeid på Ytre Søre Sunnmøre. Eit så høgt tal har kontoret aldri registrert sidan opprettinga tidleg på 1960-talet. Utover mot 1979 kjem der stadige meldingar i avisene om at tidene er i ferd med å bli trongare. Det vart også strammare økonomi for kommunane, også Ulstein. Kva har skjedd?

I 1946 vart Søre Sunnmøre Kraftlag skipa, 12 lokale kraftlag i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Rovde, Vanylven og Dalsfjorden. Ein primus motor i dette arbeidet var sokneprest Sverre Nybø i Vanylven. Søre Sunnmøre Kraftlag fekk i oppgåve å byggje ut vassdraget i Søre Brandal i Vanylven og byggje hovudlinjer i distriktet. Anlegget stod klart til drift i 1951. Parallelt gjekk arbeidet med kraftlinjene.

I perioden 1983 til 1985 snur utviklinga i norsk økonomi. Vi får det som Berge Furre kallar Det store kalaset, og som andre har gitt namnet jappetida (1983-87). Snunaden vart dramatisk. Det vart gode konjunkturar ute i verda, oljen fløymde og var godt betalt. Dessutan slo regjeringa Willoch inn på ein ekspansiv finanspolitikk. Veksten i norsk økonomi var på 3,5 prosent i 1985, arbeidsløysa gjekk ned, og om lag 50.000 fleire var i arbeid enn året før og 60.000 fleire i 1986 enn i 1985.

I 10-årsperioden frå 1989 til 1999 var jordbruket i Ulstein inne i ei dramatisk endring. Talet på mjølkekyr i Ulstein og Hareid minka med 83, medan talet på driftseiningar med minst fem dekar med jordbruksareal i drift minka med 194. Jordbruket i dei to kystkommunane var på stupande kurs.

Ein statistikk frå 1972 viste at det var stigning i dyrka areal i Ulstein fram til 1968. Sidan då vart det dyrka mindre. I 1972 var mjølkeproduksjonen i kommunen på topp i Møre og Romsdal med 5868 kilo mjølk i gjennomsnitt per ku i året, eit høgt tal også i nasjonal målestokk. Sidan 1956 hadde kutalet minka frå 630 til 330 i 1971. Då stansa nedgangen, og i 1972 var det ein liten oppgang og ein auke i mjølkeproduksjonen på 12 prosent.

Statistikken viste at det sorterte 221 kyr under Ulstein kontrollag i 1981. Dei fleste av desse fann vi på Flø, og åtte av dei ti beste kyrne høyrde heime her. Men den alle beste kua tilhøyrde Elias Garshol i Dimnasund. Nina, som ho heitte, mjølka 9487 kilo i 1981. På andreplass kom Raia (Asbjørn Flø) med 9432 kilo.

Skjervøy Fiskemottak og egnesentral fekk ei årsomsetning på 1,2 millionar kroner i 1986. Det vart levert mest saltfisk (om lag 65 prosent), resten ferskfisk. Anlegget sysselsette 1,3 årsverk i tillegg til den eigeninnsatsen som eigaren Knut Strand la ned. Sentralen var kanskje mest å rekne som eit servicetilbod. Her kunne fiskarane egne linene sine under tak, og med fryseri, vatn og agnlager like i nærleiken. Det hadde vore stor utvikling i fiskeflåten i Ulstein dei siste åra; for fire år sidan var det berre ein båt over 35 fot, men vinteren 1986 var det sju båtar frå 35 fot og oppover. Samla hadde kapasiteten på båtane blitt meir enn dobla dei siste åra, og alle dei lokale båtane leverte fangstane sine på Skjervøybuda. I denne situasjonen var behovet for fiskerikai klart til stades.

1994 vart eit bra år for fiskarane i Ulstein og Hareid. Talet på fiskarar hadde halde seg nokså stabilt dei siste 20 åra. No var det ein stad mellom 350 til 380 fiskarar i dei to kommunane, med ein gjennomsnittsalder på 38 år. Litt under halvparten høyrde heime i Ulstein, medan talet på båtar var ein tredel større i Ulstein.

Medan industrien gjekk på høggir, og servicenæringar, helse, omsorg og undervisning voks og fekk stadig fleire kvinneleg tilsette, gjekk det tilbake med tradisjonelle næringar i Ulstein. Ein statistikk frå 2010 (SSB) viste at over halvparten av dei registrerte jordbruksverksemdene i Ulstein og Hareid hadde blitt borte dei siste ti åra.

I oktober 2011 fekk dei nyvalde kommunepolitikarane i Ulstein saka i fanget, planane om ein kjempehall ved Ulstein vidaregåande skule. Med eit golvareal på 5000 kvadratmeter ville dette bli den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim. Lokalavisa slo fast at det kom til å bli litt av ein start for det nye formannskapet då dei møttest for første gong mot slutten av oktober. På sakskartet stod aktivitetsparken på Saunes, omsorgsbustader ved Sjøsida og ny idrettshall ved Ulstein vidaregåande skule. Den nye hallen var kalkulert til 77,5 millionar kroner og var tenkt som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, som eigde og dreiv UVS, Ulstein kommune og ulike lag og organisasjonar, særleg Hødd og Dimna IL, som begge hadde vore sentrale i planlegginga av hallen. Både Ulstein vidaregåande og idrettslivet i kommunen hadde etterlyst ein betre hall. No var planen å rive den gamle Ulsteinhallen, og byggje den nye så stor at han kunne vere eit regionanlegg for friidrett, og med det løyse ut 10 millionar kroner frå departementet. Det heile kunne såleis gjennomførast med relativt låge kostnader for kommunen.

Kværner-oppkjøpet av Kleven vart ei stor omvelting for Ulstein-samfunnet. Klevengruppa med dei langsiktige kontraktane sine og styrken sin i å utvikle og byggje ulike skipstypar i samarbeid med reiarar, var interessant for det store Kværnerkonsernet, som no ville satse på oppgangen i skipsfartsnæringa. I april 1990 var handelen klar og Kværner Kleven Ulsteinvik eit faktum.

Samtidig er kloakken i Ulstein ei viktig sak. Så seint som i 1981 rann det ut fire kloakkleidningar i hamnebassenget i Ulsteinvik. Det betydde at kommunen opererte med eit kloakksystem som ikkje var lovleg.

Det gjekk sakte, men sikkert tilbake med fråhaldsrørsla i Ulstein og Hareid på 1980- og 1990-talet. Men alkoholbruken mellom ungdomsskuleelevane hadde minka dei siste ti åra. Det synte lokale granskingar. Medan det var flest gutar som brukte alkohol i 1981, var jentene i fleirtal på dette området ti år seinare. I 1991 svarte 54 prosent av elevane ja på spørsmålet om dei hadde smakt alkohol. I 1981 var ja-prosenten 72. Av dei som hadde smakt alkohol, var det i 1991 35 prosent som brukte alkohol jamt, men berre fem prosent svarte at dei brukte stoffet fire gonger i månaden eller meir. I 1981 var desse tala høgare, forklarte Vikebladet Vestposten.

Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.

Diskusjonen om kommunesamanslåing vart alt meir intens utover i 2015 og 2016. Fleirtalet mellom politikarane i Ulstein kommunestyre gjekk i januar 2016 inn for å halde ei rådgivande folkerøysting om kommunereforma, der også ungdommar skulle få røysterett.

Som vanleg var det ein massiv debatt i spaltene til lokalavisa før kommunevalet i 2007, side opp og side ned. I tillegg hadde avisa si eiga redaksjonelle satsing på kandidatane. Valet gav Ap 838 stemmer (26,2 prosent) og sju representantar, ein meir enn perioden før.