I 1980 hadde folketalet i Ulstein vakse til 5323 mot 4537 i 1970. Framleis hadde kommunen eit underskot på kvinner: 2701 menn og 2622 kvinner. Av desse var det heile 1411 ugifte menn mot 1167 ugifte kvinner. Desse tala reflekterte at det framleis var eit mannsdominert arbeidsliv i Ulstein og eit kjønnsdelt samfunn.
Folketalet i Ulstein ved teljinga i 1930 var 2477, 1235 menn og 1242 kvinner. 188 av desse er jordbrukarar, medan 277 er sysselsette i fiske og fangst, mange av dei i kombinasjon med småbruk. Her er 410 husmødrer og 144 under rubrikken husarbeid heime. Ved kommunevalet i 1931 er det berre krinslister, ingen politiske parti. Flø får inn to representantar, Ulstein to, Ulsteinvik ni, Hasund fire, Haddal to og Dimna ein, medan Hatløy krins ikkje når opp.
Folketeljinga i 1990 viste at Ulstein hadde 5737 innbyggjarar i starten på november 1990. Kommunen kunne i 1989 notere eit fødselsoverskot på 43 og eit tilflyttingsoverskot på 26, i høve til folketalet den største auken i Møre og Romsdal. Nominelt var det berre Ålesund og Molde som kunne vise til større auke.
Folketalet i Ulstein hadde igjen vakse kraftig i dei ti åra mellom 2005 og 2015, frå 6795 til 8292, det vil seie 22 prosent. Men det var eit faktum at ein stadig større del av innbyggjarane var innvandrarar. I 2015 var 16,7 prosent av folket i kommunen innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, det vil seie 1385 personar. Slik vart også mange ulike livssyn og religionar representerte i Ulstein. Hausten 2015 var 569 innbyggjarar i kommunen registrerte i andre trus- og livssynssamfunn enn den norske kyrkja. Mellom desse hadde den katolske kyrkja 181 medlemer og pinsekyrkjelyden Filadelfia 71. Ved inngangen til 2016 var folketalet i Ulstein 8430, ein auke på 1,7 prosent siste året. I august dette året kunne kommunen slå fast at det var 1400 innbyggjarar med utanlandsk opphav i Ulstein, og dei representerte 72 nasjonar. Dette var nok ei av dei største forandringane av lokalsamfunnet dei siste femti åra.
Folketeljinga i 1970 viste at Ulstein no hadde 4538 innbyggarar, 2319 menn og 2219 kvinner. Ti år tidlegare var talet 3654. I alt 187 hadde hovudinntekta si frå jordbruk, 112 frå fiske, 635 i indiustrien, berre 32 av desse var kvinner, 114 arbeidde med bygg og anlegg, 155 i varehandelen, 89 av desse kvinner, 142 i sjøtransport, 148 i privat og offentleg tenesteyting, 82 av desse kvinner, medan talet på husmødrer i Ulstein var 778 i 1970.
Innflyttinga til Ulstein omfatta ikkje berre nordmenn, men etter kvart også stadig fleire utlendingar. På 1990-talet var ikkje den store arbeidsinnvandringa til industrien, særleg frå Aust-Europa, komen i gang. Likevel var det 19 ulike nasjonar representerte under nyttårsfesten for utlendingane i Ulstein i romjula 1994. Festen vart halden på Aktivitetshuset, og Alv Ottar Folkestad var programleiar.
Den 30. april i 1975 var det slutt på meir enn 30 år med krig i Vietnam. Det er det største som skjer på den internasjonale himmelen på midten av dette tiåret. Noreg var no godt inne i oljealderen.”Dei gylne sekstiåra” hadde halde det dei lova om økonomisk vokster for landet. Industrien fekk si glanstid og skapte grunnlag for både velferdsstat og velstandsstat. Folketrygda var krona på trygdestellet som hadde grodd gjennom heile hundreåret. Godt inne på 1970-talet synte både offentleg og privat forbruk rekordtal. Forbrukarsamfunn og overflodssamfunn var nemningar som stadig dukka opp i media og debatt.
Om morgonen den 10. desember 1969 gjekk fiskebåten Ulstein 2 på grunn ved Sæviksteinen i innseglinga til Rundesundet. Båten hadde eit mannskap på 10 om bord og sette straks ut redningsflåten. Losskøyta på Runde gjekk raskt ut for å leite. Det var sterk vind frå sørvest og mørkt då båten grunnstøytte, og vêret stod hardt på det bratte skjeret. Båten, med medeigar Andreas Svendsen som skipper, var på veg heim frå linetur på felta vest for Shetland. Om natta hadde det vore full storm som båten hadde takla før dei prøvde å kome seg inn Rundesundet og i hamn.
I juni 1940 rekvirerte ein tysk vaktstyrke forsamlingshuset Vonheim på Flø, og dei innkvarterte kring 10-12 soldatar der. Tyskarane sette så opp ei vaktstove på ei høgd ovanfor Vonheim. Her var det alltid to soldatar på vakt, døgnet rundt. Oppgåva deira var å halde oppsyn med skipstrafikken forbi Flø.
Etter gudstenesta drog 19 mann, dei fleste frå Ulstein mannskor, viste det seg, til Fløstranda og kom att derifrå med våpen og utstyr som dei tok med seg til folkeskulen i Ulsteinvik. Her møttest etter kvart det meste av styrken. HS-jegerane sat natta til endes og reinska våpna som var innsmurde med gris. Då morgonen kom, var dei klare til oppstilling. Mange var forundra då dei såg kven som møtte opp; sikringstiltaka hadde vore strenge.
Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.
I 1982 starta det førebels siste byggjesteget på småbåthamna ved Ryssholmen på Ulstein. Dei skulle no fylle 8000 kubikkmeter stein for å forlenge den ytste moloen slik at opninga inn på hamna vart 15 meter. Då ville dei få plass til 160 båtar i hamna, men etter muring langs land ville dei etter kvart kunne utvide til i alt 250 båtar. Båteigarlaget hadde i 1982 150 medlemer, og kring 30 av desse skulle no byggje seg flytebrygger. Frå før var det plassert 26 flytebrygger i hamna.
Men då saka kom til kommunestyret 27. mars 2003, var det meste fryd og gaman. Ikkje ein einaste representant gjekk imot då politikarane skulle avgjere om dei skulle ta saka vidare til fase 2, som innebar ei avklaring mellom dei tre partane: – Ein unik sjanse til å skape noko nytt og positivt i sentrum, var gjennomgangsmelodien. Likevel var der nokre som varsla at dei ikkje kjende seg sikre på at dei ville henge med til den tredje og avgjerande fasen. Dei som målbar dette sterkast, var Knut Erik Engh (Frp) og Karen Randi Festøy (SV). Det var stille før stormen.
Den økonomiske optimismen før og under første verdskrigen snudde til depresjon og krise i 1920. Ulstein hadde hatt bank saman med Hareid heilt sidan Ulstein off. sparebank vart skipa i 1867, den såkalla Rise-banken, ettersom hovudkontoret for banken låg på Rise, midt mellom Ulsteinvik og Hareid. Aktivitetsauken under krigen førte til at folk fekk meir bruk for banken. Bankstyret vedtok derfor å halde ein kontordag for veka i Hareid og ein i Ulstein så snart høvelege lokale kunne skaffast.
Overgangen frå sjø til land vart etter kvart både motto og arbeidsprogram for kyststrøka. Det betydde opprusting av vegnettet, fleire og betre bussruter – og ikkje minst fleire og betre ferjeruter. I 1949 kom sjøbussen Hjørungavåg som ein revolusjon til Sunnmøre og våre grender. Men i løpet av 1950-talet gjekk utviklinga forbi passasjerbåtar av denne typen. Det nye som folk hadde helst velkome med salutt nokre år etter krigen, var ti år seinare forelda. No var det ferjene som tok over.
Så kom boda få land og hav – til mødrer og fedrar. Folk kom springande med gledesrop over meldingar dei nett hadde fått over telegraf eller telefon: «Han Harald lever! Han Henry! Han Odd! Han Reinert!» slik skildrar Ragnar Ulstein det. Rop etter rop. Men det var stilt om andre; dei som aldri kom heim.
Den 7. februar 1946 melder Vikebladet at det rike sildefisket held fram. Det har vore travel verksemd ved fabrikkane. Elles har silda gått til salting og ising; ikkje så lite har gått til Austlandet med Raumabanen. I midten av mars var sildefisket slutt og sildesnurparane hadde kome heim.
Dette kapitlet baserer seg i hovudsak på artiklar og intervju i Vikebladet og bøkene Himmelen over Shetland av Øystein Orten og Lagunen og stormen av Ragnar Ulstein. Boka til Ulstein er eit lokalhistorisk meisterverk på kring 450 sider. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein maktar på ein naturleg og levande måte å integrere dei lokale hendingane med den stormen som raste på nasjonalt og internasjonalt plan.
Ein etter ein kom ulsteiningar som hadde vore ute under krigen, heim utover sommaren og hausten 1945. Men nokre hadde ofra livet, og det vart nokså raskt sett i gang ein diskusjon om å reise eit minnesmerke over dei falne.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.