Den maritime industrien i Ulstein skyt verkeleg fart utover på 1960- og 70-talet. Då Sunnmøre Arbeideravis vitja Kleven Mek. Verksted i november 1972, var bedrifta i ferd med å avslutte eit tre års investeringsprogram på mange millionar kroner. I 1973 stod ein ny sveisehall klar til innflytting, 80 meter lang og 23 meter brei. Samtidig tok dei i bruk ny brennehall, 20 meter lang og 20 meter brei. Dermed disponerte verftet eit moderne og rasjonelt anlegg med kapasitet for mange år framover.
Onsdag 4. mars 1970 overleverte Hatlø det nye ruteskipet Mørejarl til MRF. Båten skulle trafikkere ruta frå Møre til Gøteborg med gods. Hausten 1970 hadde Hatlø fleire nybygg under arbeid, og ville få eit hektisk program utover i 1971. I april 1970 tok Ulstein over hareidsverksemda Nor Aluminium. Bedrifta skulle i første omgang levere utrustningsdetaljar i stål og aluminium til verftet. Samtidig er Ulstein Mek. stadig på jakt etter meir areal i Ulsteinvik. Ved utgangen av 1970 figurerte tre verksemder i Ulstein mellom dei 500 største i landet, Ulstein, Hatlø og Kleven.
Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.
Ulsteinvik sentrum hadde utvikla seg mykje dei siste tiåra. Men tettstaden hadde fått sterkare konkurranse frå bygdebyane rundt på Søre Sunnmøre, og naturlegvis frå Ålesund og Moa. Dessutan var det skjerpa konkurranse mellom butikkar i Ulsteinvik. I tillegg hadde det vakse til mykje nytt næringsareal, og då tidene vart tøffare utover i 2015, 2016 og 2017, auka talet på ledige nærings- og butikklokale. Også i eit senter som Blåhuset såg publikum no fleire tomme lokale.
Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.
– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.
Idar Ulstein personleg var imot salet til det britiske konsernet. Han ønskte å halde verft og utstyrsproduksjon samla, men han var minoritetsaksjonær og vart nedstemt. Lojalt sette han seg likevel til forhandlingsbordet for å skaffe ein best mogleg avtale med det britiske selskapet, og når Vickers ikkje var interessert i å drive verftet vidare, satsa han som 65-åring saman med borna og nokre aksjonærar frå andre familiegreiner på å berge verftet og bygge opp ei levedyktig bedrift på nytt (sjå Harald Kjølås, Norsk biografisk leksikon).
I utgåva 16. mai melde Vikebladet at den 30 fots motorbåten til Tomas Nykrem var stolen. I avisa veka etter fekk lesarane vite at fire karar frå Hareid hadde teke båten. Dei hadde tenkt seg nordover for å kjempe vidare der. Tyskarane hadde enno ikkje kontroll over Nord-Noreg. Men det skulle vise seg at dei var seint ute. I nord var det kaos, og fienden var i ferd med å feste grepet. Etter nokre dramatiske døgn enda karane på Shetland med ein annan båt. Skuta til Nykrem kom etter kvart til rette; Snæingen vart sentral under krigen; ho vart seinare mellom anna brukt til våpentransport.
På byrjinga av 1800-talet kom posten sjøvegen frå Borgund til Brandal. Hjå futen Landmark vart posten sortert og rodd til Hareid. Postbodet gjekk eller reid frå Hareid til Skeide på ein veg som knappast kunne kallast ein gang- eller rideveg. Frå Skeide gjekk posten vidare til prost Buschmann i Dimnasund, eller frå 1815 via sorenskrivar Staboe på Håkonsholmen. Sørgåande post gjekk sjøvegen frå Osnes til Ekset i Volda.
I området ved Hasundstraumen, både på Hasund og på Dimnøya, har der vore buplassar frå langt tilbake i tid. Dette kan vi mellom anna sjå av alle gravhaugane. I dette området hadde Hasundkarane storbåtnaust. I Storevika var der ei god styd. Eit berg ved denne styda vart kalla Åburen. Dette området er fylt att med stein i dag.
Vi som er gamle kjem igjen og igjen attende til dei voldsomme endringane som har skjedd i levekåra våre dei siste seksti, sytti åra. Og neppe på noko område er forandringane så store som når det gjeld å reise.
Mine første barndomsminne, og nokre glimt frå då Noreg var hærteke av tyskarane. Eg er fødd 19. juni 1940, så Noreg var alt under tysk kontroll då eg vart fødd. Eg vil tru at min minnehorisont er frå ca. 3 års-alderen og til eg var 5 år, altså frå 1943 til 1945. Sjølvopplevde minne frå krig set seg gjerne fast i eit barnesinn, som om det var i går.
Aslaug Aarkvisla (f. Saunes) peiker på ansikt etter ansikt på biletet av Heimestyrkane oppstilt utanfor folkeskulen i Ulstein i 1945. Ho kjenner igjen dei fleste og seier namna deira, sjølv om ansikta er uklare på det gamle fotoet. No er alle på biletet borte. Aslaug er ein av få som hugsar innsatsen til Heimefronten i Ulstein. Sjølv hadde ho 8 brør. Dei fire eldste var med og kjempa i krigen.