Statistikken viste at det sorterte 221 kyr under Ulstein kontrollag i 1981. Dei fleste av desse fann vi på Flø, og åtte av dei ti beste kyrne høyrde heime her. Men den alle beste kua tilhøyrde Elias Garshol i Dimnasund. Nina, som ho heitte, mjølka 9487 kilo i 1981. På andreplass kom Raia (Asbjørn Flø) med 9432 kilo.
Skjervøy Fiskemottak og egnesentral fekk ei årsomsetning på 1,2 millionar kroner i 1986. Det vart levert mest saltfisk (om lag 65 prosent), resten ferskfisk. Anlegget sysselsette 1,3 årsverk i tillegg til den eigeninnsatsen som eigaren Knut Strand la ned. Sentralen var kanskje mest å rekne som eit servicetilbod. Her kunne fiskarane egne linene sine under tak, og med fryseri, vatn og agnlager like i nærleiken. Det hadde vore stor utvikling i fiskeflåten i Ulstein dei siste åra; for fire år sidan var det berre ein båt over 35 fot, men vinteren 1986 var det sju båtar frå 35 fot og oppover. Samla hadde kapasiteten på båtane blitt meir enn dobla dei siste åra, og alle dei lokale båtane leverte fangstane sine på Skjervøybuda. I denne situasjonen var behovet for fiskerikai klart til stades.
1994 vart eit bra år for fiskarane i Ulstein og Hareid. Talet på fiskarar hadde halde seg nokså stabilt dei siste 20 åra. No var det ein stad mellom 350 til 380 fiskarar i dei to kommunane, med ein gjennomsnittsalder på 38 år. Litt under halvparten høyrde heime i Ulstein, medan talet på båtar var ein tredel større i Ulstein.
Medan industrien gjekk på høggir, og servicenæringar, helse, omsorg og undervisning voks og fekk stadig fleire kvinneleg tilsette, gjekk det tilbake med tradisjonelle næringar i Ulstein. Ein statistikk frå 2010 (SSB) viste at over halvparten av dei registrerte jordbruksverksemdene i Ulstein og Hareid hadde blitt borte dei siste ti åra.
Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka.
Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret.
I dag er «Sjøborg» kjent som kulturhuset i Ulsteinvik. Men det var Julius Ulstein som sette opp det opphavlege Sjøborg i Ulsteinvik i 1917. Julius var fødd på Ulstein og døydde 103 år gammal.
Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.
Kjartan Grimstad var ein sentral person innan det kristne organisasjonslivet i Ulstein. Han sat i soknerådet frå 1970 til 1985. I perioden 1970 til 1974 var han soknerådsleiar.
I oktober 2011 fekk dei nyvalde kommunepolitikarane i Ulstein saka i fanget, planane om ein kjempehall ved Ulstein vidaregåande skule. Med eit golvareal på 5000 kvadratmeter ville dette bli den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim. Lokalavisa slo fast at det kom til å bli litt av ein start for det nye formannskapet då dei møttest for første gong mot slutten av oktober. På sakskartet stod aktivitetsparken på Saunes, omsorgsbustader ved Sjøsida og ny idrettshall ved Ulstein vidaregåande skule. Den nye hallen var kalkulert til 77,5 millionar kroner og var tenkt som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, som eigde og dreiv UVS, Ulstein kommune og ulike lag og organisasjonar, særleg Hødd og Dimna IL, som begge hadde vore sentrale i planlegginga av hallen. Både Ulstein vidaregåande og idrettslivet i kommunen hadde etterlyst ein betre hall. No var planen å rive den gamle Ulsteinhallen, og byggje den nye så stor at han kunne vere eit regionanlegg for friidrett, og med det løyse ut 10 millionar kroner frå departementet. Det heile kunne såleis gjennomførast med relativt låge kostnader for kommunen.
Kjersti Kleven er dotter til John Kleven (d. 2009). Ho er styreleiar i Kleven Maritime AS, har teke imot prisar og markert seg i offentleg debatt.
Kværner-oppkjøpet av Kleven vart ei stor omvelting for Ulstein-samfunnet. Klevengruppa med dei langsiktige kontraktane sine og styrken sin i å utvikle og byggje ulike skipstypar i samarbeid med reiarar, var interessant for det store Kværnerkonsernet, som no ville satse på oppgangen i skipsfartsnæringa. I april 1990 var handelen klar og Kværner Kleven Ulsteinvik eit faktum.
Samtidig er kloakken i Ulstein ei viktig sak. Så seint som i 1981 rann det ut fire kloakkleidningar i hamnebassenget i Ulsteinvik. Det betydde at kommunen opererte med eit kloakksystem som ikkje var lovleg.
Kolbjørn Moldskred kunne sjå attende på 40 år som eigar av busselskap, sjåfør og føregangsmann for trafikkutviklinga på Hareidlandet. Han vart kalla Kollen, og bussane han åtte, vart kalla Kollenbussane.
Det gjekk sakte, men sikkert tilbake med fråhaldsrørsla i Ulstein og Hareid på 1980- og 1990-talet. Men alkoholbruken mellom ungdomsskuleelevane hadde minka dei siste ti åra. Det synte lokale granskingar. Medan det var flest gutar som brukte alkohol i 1981, var jentene i fleirtal på dette området ti år seinare. I 1991 svarte 54 prosent av elevane ja på spørsmålet om dei hadde smakt alkohol. I 1981 var ja-prosenten 72. Av dei som hadde smakt alkohol, var det i 1991 35 prosent som brukte alkohol jamt, men berre fem prosent svarte at dei brukte stoffet fire gonger i månaden eller meir. I 1981 var desse tala høgare, forklarte Vikebladet Vestposten.
Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.
Diskusjonen om kommunesamanslåing vart alt meir intens utover i 2015 og 2016. Fleirtalet mellom politikarane i Ulstein kommunestyre gjekk i januar 2016 inn for å halde ei rådgivande folkerøysting om kommunereforma, der også ungdommar skulle få røysterett.
Som vanleg var det ein massiv debatt i spaltene til lokalavisa før kommunevalet i 2007, side opp og side ned. I tillegg hadde avisa si eiga redaksjonelle satsing på kandidatane. Valet gav Ap 838 stemmer (26,2 prosent) og sju representantar, ein meir enn perioden før.
Det som først og fremst prega kommunevalet i Ulstein hausten 1987, var at kommunen stadfesta stillinga si som Høgre-kommune. Med åtte mandat var Høgre framleis det klart største partiet, og den ny Frp-lista hadde ikkje rokka ved denne posisjonen.