I mars 1995 flytta Entreprenøren AS med Kjartan Haddal og Lars Nordhaug inn i Røyneland-huset i Ulsteinvik. Frå før heldt Byggforum ved Alv Rise til der, slik at huset no vart eit kompetansesenter som spente over eit breitt felt i byggjebransjen.
I løpet av to månader på slutten av 2005 og starten på 2006 hadde Ulsteinvik fått to nye daglegvareforretningar, Lidl på Saunes og Meny i Amfisenteret på Brattøra. Frå månadsskiftet mars/april 2006 kasta Bunnpris seg inn i konkurransen. Butikken starta først i dei tidlegare lokala til Rimi midt i Ulsteinvik. Etter kvart flytta Bunnpris til Brattøra, der butikken held til i dag.
Det skjedde mykje i næringslivet i Ulstein dei siste åra på 1980-talet. Her kjem eit oversyn: Sparebanken Møre i Ulsteinvik tok i bruk minibank for kundane sine i januar 1986. Minibanken var plassert rett utanfor inngangsdøra og ville gjere det mogleg for folk å få ut kontantar heile døgnet. Det fanst på dette tidspunktet meir enn 400 bankautomatar over heile landet.
Lat oss nemne nokre hendingar elles i næringslivet: I januar 1990 tok Åge Grimstad og Øyvind Osnes over musikkforretninga Laluna Platebar i Ulsteinvik. Dei tilsette svenske Maria Regner for å ta seg av den daglege drifta, men lokalavisa kunne fortelje at særleg Åge Grimstad kom til å vere engasjert i drifta. Det var Elisebet Grønmyr som hadde drive forretninga dei siste åra.
Aina Moldskred tok i starten av 2000 imot 60.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein for å realisere planane sine for huset i Kyrkjegata 3, det som skulle bli heitande Krukkehuset. Målet var å skape eit kreativt miljø midt i Ulsteinvik sentrum med keramikkverkstad, måleatelier, galleri og kunstkafé. Huset vart ein institusjon i mange år. Ei av dei som opna verksemd i Krukkehuset, var Laila Lillebø Endresen. Før sat ho heime hos seg sjølv og sydde messehaklar, kyrkjetekstilar og kyrkjepynt. I mars 2001 var Laila Lillebø Endresen på plass med tekstil og interiør-verksemd i kjellaren hos Aina Moldskred i Krukkehuset. Herifrå skulle ho drive rådgiving og butikk med tekstil og interiør. Selskapet Laila Tekstil & Interiør vart skipa i 1987. Ho hadde drive selskapet frå heimen sin på Kalveneset i Indre Herøy. Men no trekte ho til Ulsteinvik med delar av verksemda si. I heimelokala skulle ho ha verkstad. Endresen var utdanna interiørkonsulent og ville tilby varer og tenester for innreiing. Huset vart eit samlingspunkt i mange år.
Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.
Den lokale høgkonjunkturen heldt seg også utover i 2008, sjølv om året etter kvart skulle føre med seg internasjonal finansuro. Arbeidsløysa var framleis på veg nedover. Odim i Hjørungavåg var eitt av selskapa som hadde vind i segla. Før 2008 var omme, runda selskapet 2 milliardar kroner i omsetning. Våren dette året fekk selskapet ein ordreinngang på over 500 millionar og sat på ein ordrereserve på over 2,1 milliardar kroner. Det var ny rekord. Dei gode tidene gav også feite opsjonar til Odim-toppane. Tre av dei hadde delt 35 millionar i opsjonsgevinst. Den største potten på 21 millionar kroner fekk konsernsjef Jogeir Romestrand som no var i ferd med å gjere seg rik på Odim-eventyret.
Odim AS hadde sigld i medvind som resten av den lokale industrien. Med ei omsetning på 205 millionar kroner i 1995 – og eit driftsresultat på 20 millionar, hadde Odim hatt sitt beste år til no. I tillegg var ordrebøkene fulle. Bedrifta ville ha arbeid til midten av 1997. Den nytilsette direktøren, Eldar Eilertsen, kunne ikkje ha fått eit betre utgangspunkt. Men spørsmålet om utviding av anlegget på Saunes vart stadig meir akutt; det skulle ende med at bedrifta forlét kommunen.
Olaus Alme er fødd på Litle Alme i Hareid kommune. Han var ein drivande kraft då Fredheim blei bygd og for å få Sunnmøre Folkehøgskule til Ulsteinvik.
Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.
Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.
Då journalisten frå Vikebladet Vestposten rusla rundt på verftsområdet fredag 27. november 1998, fanga ho opp denne kommentaren frå mange av dei tilsette: – Eigarane må sjølvsagt få bestemme kva dei vil gjere med verdiane sine, men vi ventar at dei bruker ein del av pengane til å satse skikkeleg på verftet. Ein annan kommentar var denne: – Salet dreier seg om eit oppgjer om pengar. Vi er no komne til tredje generasjon av eigarar; Idar Ulstein greier truleg ikkje å halde alle trådane lenger. Denne utsegna var slikt som gjekk mann og mann imellom i Ulsteinvik denne hausten.
På tampen av 1976 kunne ordførar Olav B. Urke i Ulstein summere opp situasjonen slik: – Gymnaset og idrettshallen er under arbeid; det vil bli eit løft for kommunen som må bere 50 prosent av kostnadene. Det vil auke lånegjelda også i året som kjem, men skatteinngangen har vore god, vi har teke over Ulstein Vassverk og Haddal Vassverk, 84 hus er under bygging i kommunen, og vi har asfaltert vegar for 400 000 kroner utan å ta opp lån.
Ulstein hadde i 1983/84 vore ein av tre kommunar i Noreg som hadde prøvt ut ordninga med felles helse- og sosialstyre. I juni 1984 var det klart at ordninga hadde fungert så godt at Sosialdepartementet gav grønt lys til endå eit prøveprosjekt i Ulstein og løyvde 116.000 kroner for 1984 til administrativ organisering av helse- og sosialtenesta, ei ordning som departementet meinte kunne ha overføringsverdi til andre kommunar.
I 1952 er havet framleis draumen for mange gutar frå Ulstein og Hareid, anten det er vintersilda langs Norskekysten, torskefiske med line ved Vest-Grønland eller på ishavet. Men havet er ein lunefull arbeidsgivar, og fiske- og fangstlivet fylt med risiko. Kystfolket har levt med forlis og tragediar sidan Adams dagar. På 1950-talet har båtane blitt større og sikrare, og det er ei utvikling som held fram vidare. Men naturen kan overraske og utfordre, og den perioden vi no er inne i, starta med ein tragedie som engasjerte folk i heile landet, og lenger med:
Paula Rakel Urke (f. Eikrem) bygde opp og profesjonaliserte det kommunale biblioteket i Ulstein, ein institusjon ho tente heile sitt vaksne liv.
Peder F. Waage gjorde ein omfattande innsats som forretningsmann, kulturformidlar, lokalhistorikar og forfattar. Han var gift med Jorun Emilie f. Holm frå Oslo, fire born.
Per Eide reknast i dag som ein av Norges mest allsidige fotografar. Han har ein BA i fotografi frå West Surrey College of Art & Design i England. Eide starta si profesjonelle karriere då han opna studio i 1981.
Mellom dei gruppene som ofte hadde det vanskeleg, var eldre menneske. Kårsystemet fungerte ikkje alltid like godt, og ei ny tid kravde nye løysingar. Til samtalemøte 23. april 1889 i Ulstein Indremisjon hadde lærar Johannes Lynge fått i oppgåve å legge ut om kva som kunne gjerast for dei gamle og sjuke i kyrkjelyden. Han reiste spørsmålet om dei ikkje skulle tenkje på å byggje ein heim der eldre og sjuke kunne få skikkeleg og kjærleg stell.