Det viktigaste fisket for fiskarbonden utover siste halvdelen av 1800-talet var vintertorskefisket. Båten han brukte, var åttringen, ein låg og heller flatbotna båt med mast og eitt segl. Handteringa av seglet og masta var tungvint. Men etter kvart vart desse båtane justerte, og møringen kom med to master og fem segl. Så kom det dekksbåtar, og enkelte byrja å eksperimentere med motorar. I Ulstein var listerskøyta Svanhild den første med motor. Då Ålesund brann i 1904, stod Svanhild på slipp der og fekk innsett motor på seks hestar. I åra som følgde vart heile kystfiskeflåten i Ulstein motorisert (Johan Ottesen 1987).
Lat oss gi ordet til ein av dei som kom frå vanlege kår, og som opplevde tida rundt hundreårsskiftet på denne øya: – Sild og fisk var ein vesentleg del av kvardagen i min barndom. Dei flekte og hengde silda og fisken opp på ei troe under takskjegget eller på ein annan luftig plass. Dette hadde dei å ta til heile året. Eg trur at i ættleden før mi tid var det brukt meir av slik opphengd og tørka fisk, sild og kjøt enn av saltmat.
Det er ikkje tvil om at gardsdrifta i Ulstein tok seg opp utover på 1800-talet, ikkje minst etter utskiftingane i siste halvdel av hundreåret. For teigblandinga hadde hindra utviklinga i jordbruket. Ei enkel sak som drenering av jorda var uråd, for vatnet frå grøftene ville berre fløyme utover teigen nedanfor og øydelegge eit godt granneskap. Derfor braut dei jord berre på tørre stader.
Transporten på land gjekk gjerne for seg med hest og kjerre, men i 1916 kan vi lese i avisa Aarvak at Ole J. Skeide har søkt om å få starte med bilrute i kombinert person- og varetransport. Bilen han skaffa seg, kom til bygda i juni 1916, og planen var rute frå Flø til Kjeldsund, ja, kanskje også til Larsnes. Dette var den første bilen i Ulstein, ein Toledo Overland 1912-modell. Men ikkje alle såg like positivt på framsteget. Ein av dei som ikkje likte saka, var Olaf Ringstad som gav uttrykk for meininga si i eit innlegg i avisa.
Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.
Politikarane i Ulstein såg etter kvart at ein levedyktig kommune er avhengig av elektrisk kraft. Kommunen må sikre seg eit kommunalt elektrisitetsverk, og dessutan ta del i ei stor framtidsretta utbygging i indre strøk. Spørsmålet om utbygging av Tussa-vassdraget hadde kome opp i 1916. Då hadde Hjørundfjord kommune kome til at utbygginga ville vere for stor for kommunen åleine. Her måtte det samarbeid til. AS Tussa kraftselskap blir skipa 26. november 1917.
Men tida var enno ikkje heilt moden til å ta i bruk det verkeleg store framsteget, nemleg elektrisiteten som på denne tida vart teken i bruk i stadig fleire stader i landet. I Ulstein snakka folk helst om å demme opp store vassbasseng. Ved ei slik vassregulering kunne drivkraft frå vasshjul nyttast til nye og større verksemder. I 1913 tok dei såleis til å setje opp ei bygdemylne ved Ulsteinelva. Ho skulle gi eit større utval mjøl og gryn enn det hadde vore tidlegare på dei små gardskvernene (Johan Ottesen 1992).
I 1896 stifta ei gruppe kvinner med Fredrikke Marie Qvam i spissen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Qvam var med i leiinga heilt til 1933 då ho var 90 år gammal. Spiren til å skipe Ulstein Sogns Sykepleieforening, som namnet var frå først av, vart sådd då dokter Øverland gjesta Ulsteinvik og heldt foredrag. Han var reisesekretær for Nasjonalforeningen, og det var arbeidet for dei tuberkuloseramma som først og fremst låg legen på hjertet.
Hausten 1918 kom den 18 år gamle brandalsguten Bjarne Georg Brandal ned frå fjellet etter ein fisketur i Skinnalivatnet. Ikkje før var han komen heim, så lagst han ned med feber. Eit par døgn seinare, den 21. oktober, var han død. Symptoma var ikkje ulikt det dei hadde sett andre stader: brå, høg feber, hoste, smerter i auge, øyre og rygg, vondt i hovud og svelg, belegg på tunga, naseblod.
Spanskesykja var ein pandemi som herja bygdene i eit års tid. Men på det jamne tok tuberkulosen fleire liv og førte vanlagnad med seg i mange heimar. I 1900 kom det ei eiga tuberkuloselov som kravde at alle legar rapporterte inn sjukdomstilfella. I 1910 melde distriktslegen at lungetuberkulose syntest å auke i Ytre Herøy og til dels i Sande, men elles såg ut til å vere i tilbakegang.
Mellom dei gruppene som ofte hadde det vanskeleg, var eldre menneske. Kårsystemet fungerte ikkje alltid like godt, og ei ny tid kravde nye løysingar. Til samtalemøte 23. april 1889 i Ulstein Indremisjon hadde lærar Johannes Lynge fått i oppgåve å legge ut om kva som kunne gjerast for dei gamle og sjuke i kyrkjelyden. Han reiste spørsmålet om dei ikkje skulle tenkje på å byggje ein heim der eldre og sjuke kunne få skikkeleg og kjærleg stell.
Før vi går vidare, må vi sjå på eit fenomen som er med på å kaste lys over samfunnsforholda i Ulstein: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836-1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire.
I 1887 vart Ulsteinvik postopneri oppretta med Ole Myklebust som postopnar. På 1870-talet bygde dei ny veg over Eidet til Hareid. Vegen mellom dei to bygdesentra hadde eksistert lenge før dette. Futen Andreas Landmark, som kom til Brandal på slutten av 1700-talet, var den viktigaste pådrivaren for å få skikkeleg veg mellom Hareid og Ulstein. Første gong vi høyrer om vegen, er i 1778. Det var skrale greier. Rundt 1820 tok Landmark tak i sakene.
I november 1938 blir det kjent at sokneprest Otto Holmås igjen har søkt seg bort og truleg vil få kallet i Radøy. Samtidig køyrer dei ein møteserie med god oppslutning. Etter den tredje møtekvelden skriv ei mor ei takk gjennom lokalavisa til presten. Kanskje håpte ho han ville ombestemme seg å bli: – Eg har slik hug til å takke presten vår for alt han gjer for oss! Så pliktoppfyllande som han er, så prøver han å gi oss det beste han veit. Frå hans store, rike sjel strøymer hans forklaring av Bibelen mot oss, og Guds nåde. Holmås er den fødde førar, og han leier i sanning ungdommen «på dine vegar».
I november 1936 hadde endeleg Eiksund fått vegsamband med Ulstein i det Håheimsvegen var gjennombroten og knytt saman med gamlevegen på Eiksund-sida. Dermed hadde Ulstein kommune gjennomført det som kom på seg. Men vegen i sjølve Eiksund var så dårleg at han ikkje ville tole mykje trafikk. Han måtte såleis utbetrast. På dette tidspunktet var Eiksund ein del av Herøy kommune. Og folket der var nøgde med det.
I oktober 1936 kom meldinga om at Norges Farmaceutiske Forening hadde peikt ut Ulsteinvik som ein stad der det kunne vere aktuelt å opprette apotek. Dette var noko folk i kommunen hadde sett for seg i mange år. Vestre Sunnmøre hadde krav på eit apotek ut frå mellom anna folketalet. No kunne dette altså bli lokalisert til Ulsteinvik. Sosialdepartementet godkjende tiltaket i oktober 1938, og no kunne dei lyse etter apotekar. Og slik vart det. Apoteket kom i stand i 1940.
Helsesituasjonen mellom folk vart gradvis betre i mellomkrigstida. Men sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse og influensa tok framleis mange liv. I 1931 får dokter Sellevold røntgenapparat. Vikebladet rapporterer om saka: – Vi fekk høve til å sjå apparatet; det er forholdsvis lite og lett handterleg. Det kan takast med på sjukebesøk, og om nødvendig kan pasientane bli røntgenfotograferte medan dei ligg heime i si eiga seng. At dette er viktig for området vårt, er lett å forstå, konkluderer avisa.
Soknepresten og lærararane hadde mykje makt i lokalsamfunnet denne tida. Kanskje kunne dei handle slik at dei fekk folk mot seg. Ein episode i Ulstein fortel noko både om tida og om kvifor Holmås kanskje ikkje fekk like sterk posisjon i Ulstein som i Hareid. Den 14. oktober 1932 trykkjer Vikebladet eit innlegg underteikne med «Fleire» og er adressert til sokneprest Holmås:
I 1931 gjekk det ei stor vekking i Ulstein-bygdene. Peder Fritz Waage (1978) meiner det kan ha vore den største vekking i kommunen nokon gong. Det er ikkje så lett å måle slikt. Vekkinga gjekk også over nabosoknet Hareid både i 1931 og 1932. Det var i første rekke sokneprest Otto Holmås som gjorde opptakten til denne vekkinga gjennom forkynninga si. Han hadde god hjelp av evangelist Andreas O. Eidså som då reiste for Sunnmøre krins av NKUF. Han kom til Ulstein som talar under den årlege, internasjonale bønneveka i Ungdomsforeininga i november 1931.
I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Den første tanken som melde seg, var å ta opp att den gamle kyrkjegarden på Ulstein som ei mellombels løysing. I staden såg dei seg om etter ein annan stad som låg nærare. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet.