Etter ein artikkel i lokalavisa sommaren 1995 tok mange kvinner kontakt med skipsindustrien med spørsmål om arbeid. Det førte til at Arbeidskontoret starta eit 19 vekers kurs ved Ulstein Verft spesielt for kvinner. Verftet hadde hatt kvinner som sveisarar heilt sidan 1970-talet, om dei ikkje var så mange. Men i 1995 var dette ikkje lenger uvanleg. Den eldste kvinnelege sveisaren ved bedrifta var no 64 år.
Onsdag 8. oktober 2003 kallar rådmann Hans Jakob Sandanger inn til pressekonferanse for å legge fram konklusjonen sin. Dagen etter får lesarane det til morgonkaffien: «Lèt igjen døra for trekantprosjektet», er overskrifta på framsida av lokalavisa, som har illustrert oppslaget med ein alvorleg rådmann i ferd med å late att kontordøra si: – Prosjektet er godt, seier Sandanger til avisa, men ikkje mogleg for kommunen økonomisk. Han forklarer at økonomiplanen frå før ligg an til eit underskot på 11,6 millionar kroner det komande året. Då er ikkje trekantinvesteringane medrekna. Dei vil kome som ein ekstra årleg kostnad på 3,1 millionar kroner. Dermed hadde politikarane fått tala på bordet. Formannskapet skulle handsama Trekantsaka 16. oktober, kommunestyret 23. oktober.
På riksplan er det ved inngangen til denne perioden ei sak som meir enn noko pregar den politiske debatten, EF-spørsmålet. I 1970 vedtok Stortinget mot 17 røyster å fornye søknaden om medlemskap. I 1971 hadde regjeringa Borten gått. Koalisjonssamarbeidet hadde teke til å bli tynnslite, til sist så tynt at regjeringa sprakk på ein bagatell: Medan medlemskapstingingane gjekk føre seg, kom det for ein dag at statsministeren på ei flyreise hadde vist ein fortruleg rapport frå ambassaden i Brussel til leiaren for Folkerørsla mot medlemskap i EF, Arne Haugestad.
Innlegg i lokalavisa fortel mykje om kva vilkår innbyggjarane levde under. Etter eit foreldremøte på ein skule skriv ei mor eit innlegg i Vikebladet og uttrykkjer otte for borna og oppveksten: – Skulle det ikkje kunne la seg gjere å lære borna å få nokre høgare interesser enn dei fleste ungdommar her har no, utan at foreldra må betale massevis av pengar for kvart barn? Dei fleste veit at det ikkje er så gode tider her no at alle kan greie det; slett ikkje dei som har ein stor barneflokk (…). Når borna skal på søndagsskule søndag morgon, finn dei flasker og ting som verre er, etter vegane, prøver leivningane på flaska, spør etter kva mangt skal tyde; då trur eg det er best vi hjelpest åt alle saman. Mange av gutane røykjer òg; det har eg sett så mang ein gong, skriv ho mellom anna.
Det hadde sjølvsagt vore initiativ frå satsevillige sjeler med kapital i Ulsteinvik før òg. Men no kjem det eit oppslag i lokalavisa som signaliserer at noko meir kan vere i emning: Lokale investorar som vil gjere sitt for å endre bygdebyen. Bjarne Wærdahl er først ute i denne nye bølgja. I avisa gjer han seg til talsmann for selskapet Bard Vekst og melder si interesse for Geileneset: – Vi verker etter å kome i gang. Vi treng eigedom og har kapital, slår han fast.
– Det er ingen diskusjon lenger, spør du meg, vi må innføre eigedomsskatt, meinte rådmann Einar Vik Arset då han orienterte det nye kommunestyret om arbeidet med budsjettet for 2016. Rådmannen viste til at tidene hadde blitt trongare for næringslivet og at kommunen neppe ville få like gode inntekter dei neste åra. Dette var 4. året på rad at Vik Arset tok til orde for eigedomsskatt i Ulstein. Han meinte gevinsten første året ville lyde på vel 13 millionar kroner.
Første nyttårsdag 2008 tok selskapet Tide over sambandet Hareid-Sula. Med det var ein epoke på åtte år for ferjeselskapet Hurtigruten AS over for dette sambandet. Frå 1. januar 2009 skulle hurtigbåten Tideekspressen bryte bølgjene over Breisundet.
Saman med rådmann Asbjørn Waage var kommuneingeniør Bjarne Reite ein av dei som må seiast å vere far til det nye Ulstein. Då han hadde den siste arbeidsdagen sin på Ulstein rådhus og vart pensjonist i slutten av september 1985, laga Vikebladet eit lengre intervju med han. Reite kom til Ulstein i 1962, akkurat då utviklinga i kommunen verkeleg fekk fart på seg.
Politikarane i Ulstein såg etter kvart at ein levedyktig kommune er avhengig av elektrisk kraft. Kommunen må sikre seg eit kommunalt elektrisitetsverk, og dessutan ta del i ei stor framtidsretta utbygging i indre strøk. Spørsmålet om utbygging av Tussa-vassdraget hadde kome opp i 1916. Då hadde Hjørundfjord kommune kome til at utbygginga ville vere for stor for kommunen åleine. Her måtte det samarbeid til. AS Tussa kraftselskap blir skipa 26. november 1917.
Torsdag 27. februar 2000 eksploderer ei nyheitsbombe: Over eit bilete av Morten Ulstein slår overskrifta over framsida på lokalavisa mot lesarane: «Byggjer offshorefartøy hos Langsten». Medan hundrevis er i ferd med å bli permitterte ved Ulstein Verft, averterer konkurrenten Langsten Slip & Båtbyggeri etter arbeidskraft. Verftet i Tomrefjord har fått oppdraget med å byggje eit offshorefartøy til 250 millionar kroner. Oppdragsgivar er mellom andre ulsteinselskapet Borgstein, der Morten Ulstein er ein av aksjonærane.
Det finst årstal og datoar som skjer seg inn i historia som eit barberblad og deler henne i eit før og eit etter. Tysdag 4. mai 1999 er ein slik dato i lokalhistoria. Bygda vart aldri den same.
Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.
Så er vi inne i den siste perioden i dette historieverket, naturlegvis prega meir av hendingar enn analysar. Vi er med eitt i vår eiga samtid. Epoken gir oss ikkje lenger avstand. I dette hovudkapitlet har vi raudgrøn regjering fram til 2013. Då tek Erna Solberg over med ei regjering utgått av Høgre og Frp, og med Venstre og KrF som støtteparti. Høgre fekk flest stemmer i Ulstein under stortingsvalet i 2013 med 33,1 prosent. Frp oppnådde 19,2 prosent. Ap enda på 18,5 prosent i kommunen. I Hareid var Oskar Grimstad (Frp) klar for den andre perioden sin på Stortinget.
Så skjer det store omslaget i formannskapet om ettermiddagen torsdag 16. oktober 2003. Då lokalavisa kjem med referatet frå møtet, er Sp-representanten Eivind Ulstein (d. 2003) hovudbilete på framsida: «Forbausa over omslaget i Trekantsaka», lyder overskrifta. – Dette kjem som jula på kjerringa. Eg er forundra over at administrasjonen ikkje har lagt denne løysinga fram for oss, sa Ulstein, då han fekk sjå tala som kom fram i møtet. Resultatet av møteverksemda og fellesforslaget frå Høgre og Ap skulle kome til å snu stemninga og skape fleirtal for Trekantsaka.
Ulstein kommunale elektrisitetsverk skulle gå over i historia i løpet av 1990-talet; slik var utviklinga innan kraftforsyning – med ei reise mot større einingar og sal av kommunale elektristetsverk som også gav pengar i kommunekassene. Men i starten på 1990 planla Ulstein elverk nytt administrasjonsbygg til 2,5 millionar kroner i Saunesmarka. Bygget skulle også romme lokale til veterinærkontoret. Dei hadde halde til i Forretningsgarden i sentrum. Elverksjef Nils Skotheim la fram planar for eit bygg på 570 kvadratmeter i tilknyting til lageret elverket alt hadde i Saunesmarka.
I krigsmagasinet frå 1995 fortel Vikebladet også historia om Fiskaren: I midten av september 1941 var det samla så mange personar som skulle over til England, at det byrja å bli farleg. Det hasta med å skaffe båt. Straks bodet kom, tok Store-Jon kontakt med eigaren av Fiskaren, Josef Skeide. Han sa seg villig til å overlate båten – berre han fekk økonomisk hjelp til å betale gjelda han hadde på skuta.
I denne perioden skjer det fleire skifte i Ulstein, som er verdt å nemne i ei slik bok. Det blir mellom anna farvel med både lensmann og prest.
Vi som lever her ute langs kysten, er vande med at det går opp og ned i det lokale næringslivet. Vi har sett meir enn ein gong at skipsnæringane tek seg igjen etter bølgjedalar, skaffar nye oppdrag og går vidare. Frå skrivepunktet i 2020 ser vi at dette ikkje er like sjølvsagt lenger. Men framleis er det håp i hengande snøre; omstilling, nyorientering, nyskaping, andre beitemarker. Forfattaren av denne boka finn det nødvendig å skrive dette på dette punktet i teksten; minne om at det har vore dystre spådommar, men alltid funnest utvegar. Dette var nettopp i ei tid der det vart meir og meir tale om utflagging av industri og produksjon.
I januar 1985 kunne Vestposten fortelje om eit nytt, stort samferdselsprosjekt. Ordførar Olav Fure hadde fått ingeniørfirmaet Sam Lorgen til å rekne på ein tunnel frå Hareidlandet til Sula. Idéen om Hareid Fastlandsamband var fanga, og prisen var rekna til om lag 480 millionar 1984-kroner. Fure hadde valt lanseringsdatoen med omhug: Måndag 28. januar kom samferdselskomitéen på Stortinget til Sunnmøre for å sjå nærare på det ferjefrie sambandet Ålesund-Vigra som no skulle realiserast. Undersjøiske tunnelar var i skotet, og bankane stod klare til å låne ut pengar.
MB Ulstein var tredje båten som gjekk ut Ulsteinfjorden den våren og forsommaren med kurs for alliert hamn. Før hausten var over, drog endå fire fartøy same vegen. Ingen av dei hadde lik overfart. Ein båt kom aldri over. Trass i vanskar med å skaffe båt – eller få far med ein båt – drog etter kvart 44 personar som høyrde heime i Ulstein, mot vest om bord i ni farkostar. Av desse var fem båtar frå Ulstein. Dei fleste av dei ni fartøya fekk vanskar undervegs fordi dei mangla navigatør eller maskinist, eller begge delar.