Ulstein kommunale elektrisitetsverk skulle gå over i historia i løpet av 1990-talet; slik var utviklinga innan kraftforsyning – med ei reise mot større einingar og sal av kommunale elektristetsverk som også gav pengar i kommunekassene. Men i starten på 1990 planla Ulstein elverk nytt administrasjonsbygg til 2,5 millionar kroner i Saunesmarka. Bygget skulle også romme lokale til veterinærkontoret. Dei hadde halde til i Forretningsgarden i sentrum. Elverksjef Nils Skotheim la fram planar for eit bygg på 570 kvadratmeter i tilknyting til lageret elverket alt hadde i Saunesmarka.

I august 1990 gjekk elverksjef Nils Skotheim over i pensjonistrekkene. Han hadde prega utviklinga i kraftforsyninga i Ulstein i mange år. Han tok over som elverksjef etter Elers Lynge i 1968, og for den som hadde følgt med i utviklinga i Ulstein alle desse åra, var det lett å sjå at Skotheim hadde vore ein mann med idéar og drivkraft til å sette dei ut i livet; mellom desse ei 20 kilovolts linje til Ulstein, nytt lager i Saunesmarka, utbygging i Osnesdalen, utskifting av linjer, hyttene ved Lisjevatnet og Mosvatnet, og no sist vedtaket om bygging av nytt administrasjonsbygg saman med lageret i Saunesmarka. Sjølv såg Skotheim, ifølgje lokalavisa, den nye transformatorkiosken på Saunes til sju millionar kroner som den største nyvinninga i si tid. Det var slikt som heile tida hadde vore det overordna målet for elverksjefen. Ulstein hadde fleire store og viktige arbeidsplassar som måtte ha sikker straumforsyning. Det var katastrofe om straumen vart borte. Då stoppa alt opp. Derfor håpte Skotheim i avskjedsintervjuet sitt med Vikebladet Vestposten at den 132 kilovolt-linja som var planlagt, skulle kome snart og heilgardere kommunen og bedriftene med straum.

Den norske energipolitikken var altså i rask endring utover på 1990-talet. Også Ulstein kommunale elektrisitetsverk vart råka av desse forandringane. Etter ein debatt på fleire timar vedtok Ulstein kommunestyre samrøystes å organisere elverket som eit aksjeselskap under namnet Ulstein Energi AS. Selskapet fekk ein aksjekapital på 20 millionar kroner. Samstundes skulle det skipast eit heileigd dotterselskap av energiselskapet under namnet Ulstein Energiomsetning AS med ein aksjekapital på 500.000 kroner. Ulstein kommunestyre utgjorde generalforsamlinga i Ulstein Energi AS. Bygningane til det kommunale elverket vart med i det nye aksjeselskapet, men ikkje fallrettane frå Mosvatnet.