Politikarane i Ulstein såg etter kvart at ein levedyktig kommune er avhengig av elektrisk kraft. Kommunen må sikre seg eit kommunalt elektrisitetsverk, og dessutan ta del i ei stor framtidsretta utbygging i indre strøk. Spørsmålet om utbygging av Tussa-vassdraget hadde kome opp i 1916. Då hadde Hjørundfjord kommune kome til at utbygginga ville vere for stor for kommunen åleine. Her måtte det samarbeid til. AS Tussa kraftselskap blir skipa 26. november 1917.
Torsdag 27. februar 2000 eksploderer ei nyheitsbombe: Over eit bilete av Morten Ulstein slår overskrifta over framsida på lokalavisa mot lesarane: «Byggjer offshorefartøy hos Langsten». Medan hundrevis er i ferd med å bli permitterte ved Ulstein Verft, averterer konkurrenten Langsten Slip & Båtbyggeri etter arbeidskraft. Verftet i Tomrefjord har fått oppdraget med å byggje eit offshorefartøy til 250 millionar kroner. Oppdragsgivar er mellom andre ulsteinselskapet Borgstein, der Morten Ulstein er ein av aksjonærane.
Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.
Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.
Det finst årstal og datoar som skjer seg inn i historia som eit barberblad og deler henne i eit før og eit etter. Tysdag 4. mai 1999 er ein slik dato i lokalhistoria. Bygda vart aldri den same.
Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.
Så er vi inne i den siste perioden i dette historieverket, naturlegvis prega meir av hendingar enn analysar. Vi er med eitt i vår eiga samtid. Epoken gir oss ikkje lenger avstand. I dette hovudkapitlet har vi raudgrøn regjering fram til 2013. Då tek Erna Solberg over med ei regjering utgått av Høgre og Frp, og med Venstre og KrF som støtteparti. Høgre fekk flest stemmer i Ulstein under stortingsvalet i 2013 med 33,1 prosent. Frp oppnådde 19,2 prosent. Ap enda på 18,5 prosent i kommunen. I Hareid var Oskar Grimstad (Frp) klar for den andre perioden sin på Stortinget.
Så skjer det store omslaget i formannskapet om ettermiddagen torsdag 16. oktober 2003. Då lokalavisa kjem med referatet frå møtet, er Sp-representanten Eivind Ulstein (d. 2003) hovudbilete på framsida: «Forbausa over omslaget i Trekantsaka», lyder overskrifta. – Dette kjem som jula på kjerringa. Eg er forundra over at administrasjonen ikkje har lagt denne løysinga fram for oss, sa Ulstein, då han fekk sjå tala som kom fram i møtet. Resultatet av møteverksemda og fellesforslaget frå Høgre og Ap skulle kome til å snu stemninga og skape fleirtal for Trekantsaka.
Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.
Ulstein kommunale elektrisitetsverk skulle gå over i historia i løpet av 1990-talet; slik var utviklinga innan kraftforsyning – med ei reise mot større einingar og sal av kommunale elektristetsverk som også gav pengar i kommunekassene. Men i starten på 1990 planla Ulstein elverk nytt administrasjonsbygg til 2,5 millionar kroner i Saunesmarka. Bygget skulle også romme lokale til veterinærkontoret. Dei hadde halde til i Forretningsgarden i sentrum. Elverksjef Nils Skotheim la fram planar for eit bygg på 570 kvadratmeter i tilknyting til lageret elverket alt hadde i Saunesmarka.
I krigsmagasinet frå 1995 fortel Vikebladet også historia om Fiskaren: I midten av september 1941 var det samla så mange personar som skulle over til England, at det byrja å bli farleg. Det hasta med å skaffe båt. Straks bodet kom, tok Store-Jon kontakt med eigaren av Fiskaren, Josef Skeide. Han sa seg villig til å overlate båten – berre han fekk økonomisk hjelp til å betale gjelda han hadde på skuta.
I denne perioden skjer det fleire skifte i Ulstein, som er verdt å nemne i ei slik bok. Det blir mellom anna farvel med både lensmann og prest.
Vi som lever her ute langs kysten, er vande med at det går opp og ned i det lokale næringslivet. Vi har sett meir enn ein gong at skipsnæringane tek seg igjen etter bølgjedalar, skaffar nye oppdrag og går vidare. Frå skrivepunktet i 2020 ser vi at dette ikkje er like sjølvsagt lenger. Men framleis er det håp i hengande snøre; omstilling, nyorientering, nyskaping, andre beitemarker. Forfattaren av denne boka finn det nødvendig å skrive dette på dette punktet i teksten; minne om at det har vore dystre spådommar, men alltid funnest utvegar. Dette var nettopp i ei tid der det vart meir og meir tale om utflagging av industri og produksjon.
I januar 1985 kunne Vestposten fortelje om eit nytt, stort samferdselsprosjekt. Ordførar Olav Fure hadde fått ingeniørfirmaet Sam Lorgen til å rekne på ein tunnel frå Hareidlandet til Sula. Idéen om Hareid Fastlandsamband var fanga, og prisen var rekna til om lag 480 millionar 1984-kroner. Fure hadde valt lanseringsdatoen med omhug: Måndag 28. januar kom samferdselskomitéen på Stortinget til Sunnmøre for å sjå nærare på det ferjefrie sambandet Ålesund-Vigra som no skulle realiserast. Undersjøiske tunnelar var i skotet, og bankane stod klare til å låne ut pengar.
MB Ulstein var tredje båten som gjekk ut Ulsteinfjorden den våren og forsommaren med kurs for alliert hamn. Før hausten var over, drog endå fire fartøy same vegen. Ingen av dei hadde lik overfart. Ein båt kom aldri over. Trass i vanskar med å skaffe båt – eller få far med ein båt – drog etter kvart 44 personar som høyrde heime i Ulstein, mot vest om bord i ni farkostar. Av desse var fem båtar frå Ulstein. Dei fleste av dei ni fartøya fekk vanskar undervegs fordi dei mangla navigatør eller maskinist, eller begge delar.
I januar 1948 er det stort samferdselsmøte i Ulsteinvik. Her kjem dei sentrale spørsmåla for regionen generelt opp. Hareid-ordførar Måseide tek opp ferjespørsmålet som no verkeleg må setjast på dagsorden om regionen skal få den framgangen som krevst: – Når det gjeld ferjeleia Festøy-Solevåg, trengst nok ho for dei indre distrikt. Men for oss er det aktuelt å finne ei løysing som stettar krava våre betre. Det næraste for oss er å halde på ferjeleie i Sulesund. Dette er elles eit krav som vil trenge seg fram.
I løpet av 2007 kom det til nesten to fleire ulsteiningar kvar veke. Auken på 1,4 prosent er den største dette tiåret. Ved inngangen til 2008 budde det 6935 personar i kommunen, ein auke på 94, mot 66 året før. Vi må tilbake til år 2000 for å finne ein tilsvarande vekst. Frå 2000 hadde folketalet i Ulstein vakse med 411 personar eller 6,3 prosent. I juli 2008 passerte Ulstein 7000 innbyggjarar, og vesle Håkon Husøy Vik, som kom til verda 3. juli, vart utpeika til innbyggjar nummer 7000.
Kjell Magne Bondevik (KrF) sat som statsminister i Noreg i det landet gjekk inn i det nye tusenåret. Han leia ei mindretalsregjering av KrF, Senterpartiet og Venstre. I mars 2001 stilte regjeringa kabinettspørsmål og fekk fleirtalet mot seg i Stortinget. Bondevik ville ikkje følgje kravet frå Arbeidarpartiet og Høgre om å endre forureiningslova dersom dette viste seg nødvendig for å kunne byggje ut gasskraftverk basert på eksisterande teknologi. Ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet med Jens Stoltenberg som statsminister og med støtte frå Senterpartiet og SV tok over.
Dette er situasjonen i Ulstein ved starten av 1900-talet og utover. Dei fleste som budde her, var bønder og fiskarar. Men kulturlivet blømde. Sentralt stod kyrkja og dei kristne organisasjonane. Det var skipa ungdomslag på slutten av 1800-talet, og fråhaldslosjane hadde fått fotfeste og leverte viktige bidrag til kulturen. Men meir enn det: Det var mindre av den tradisjonelle ølbrygginga på gardane mot slutten av 1800-talet og framover mot kommunedelinga i 1917, sjølv om alkohol og rus levde som ein understraum.
Berre fem sjarkar i Ulstein fekk tildelt kvote til torskefisket i 1990. Med det ville fleire fiskebåtar i kommunen få vanskar med å fiske nok til livsopphald for mannskapet, fortalde Vikebladet Vestposten i januar. Dei som fekk kvote, var Olav Vågen med Skjervøybuen med to mann om bord, Steinar Flø med Vallaflud, ein mann om bord, Andreas Svendsen med Ulstein, fire mann, Andreas Djupvik med Brandungen, ein til to mann, og Gaute Kleiven med Fløtind med tre mann. I tillegg hadde Arne og Knut Arne Høyvik med Karl Vadøy med ni til 11 mann om bord fått kvote. Dette utgjorde seks fartøy av i alt 33 fiskeriregistrerte båtar i Ulstein i 1990. Mellom dei som ikkje hadde fått kvote, var det fleire som hadde fiske som hovudinntektskjelde. Mellom desse Jan-Kristian Skeide med Skeide, Steinar Dimmen med Gutten, Arnt Haddal med Øistein, Haldor Haddal med Viking og Kjell-Arne Sundgot med Straumsund.