– Mor syntest det var leitt at eg skulle fare. Men far, som var gammal soldat frå 1905, syntest det var slik det skulle vere, fortalde Bjarne Nygjerde i eit intervju med Vikebladet i 1995. – Neste morgon møtte vi opp på Setnesmoen for å hente utstyret vårt. Under dei 72 dagane med militærteneste i 1938 hadde eg vorte opplærd til førsteskyttar på maskingevær. Bjarne Korshamn var andreskyttar, og det var to ammunisjonsberarar.
Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.
Vi skal gå litt tilbake og ta grundig ei av dei store sakene i Ulstein-historia. Ho utfalda seg i slutten av 1990-talet og inn i 2000-talet. Vi skal trekke fram hendingane og kva følgjer dei fekk.
Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997.
Før vi går vidare, må vi sjå på eit fenomen som er med på å kaste lys over samfunnsforholda i Ulstein: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836-1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire.
Eldreomsorga i Ulstein var i omvelting mot slutten av 1980-talet: – Her vil vi bli gamle, slo prosjektleiar Aksel Hauge, sosialsjef Arthur Grønmyr og helsesjef Torbjørn Måseide fast i samtale med lokalavisa i mai 1987. Dei tre stod i spissen for ei prosjektgruppe som la fram ein omfattande plan for omlegginga av eldreomsorga i kommunen fram mot hundreårsskiftet. Hovudmålsetjinga var trivsel for den einskilde med meir individuelt tilpassa hjelp.
Helsesituasjonen mellom folk vart gradvis betre i mellomkrigstida. Men sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse og influensa tok framleis mange liv. I 1931 får dokter Sellevold røntgenapparat. Vikebladet rapporterer om saka: – Vi fekk høve til å sjå apparatet; det er forholdsvis lite og lett handterleg. Det kan takast med på sjukebesøk, og om nødvendig kan pasientane bli røntgenfotograferte medan dei ligg heime i si eiga seng. At dette er viktig for området vårt, er lett å forstå, konkluderer avisa.
Ut på vinteren 2000 dukka diskusjonen om bystatus for Ulsteinvik opp. Varaordførar Hannelore Måseide (Ap) var ei av dei som ivra for å gjere Ulsteinvik til by. Ho ville ha fram ei sak for kommunestyret i mars. Ein av pådrivarane i Ulsteinvik, Bjarne Wærdahl, var også intervjua i saka. Han meinte alle verkemidlar måtte nyttast for å sikre Ulsteinvik som regionsenter, særleg no når Eiksundsambandet var under oppsigling nokre år fram i tid. I starten av mars vedtok eit fleiretal på 18 mot sju røyster i kommunestyret at Ulstein skulle få bystatus frå 1. juli 2000. Sidan 1996 hadde det blitt fritt fram for alle kommunar med meir enn 5000 innbyggjarar å kalle seg by, og landet hadde sidan fått 35 nye byar. Ingen ting tydde på at det ville slutte der. I starten av juli markerte Ulstein bystatusen med show på rådhusplenen og med mykje folk samla. Hildegunn Moltubakk (Fredrik Knudsen) heldt show, Con Moto song, og Ulstein Storband spelte. Nærare 1000 menneske var samla for å sjå. Ordførar Jan Berset var glad for oppslutninga, men poengterte at byvedaket ikkje ville føre til kortsiktige endringar i kommunen, men var ein visjon som låg der.
Det var optimisme mellom folk då 2010 gjorde inntoget sitt til Ulstein i starten av januar. Rett nok krumma den maritime næringa ryggen mot det dei frykta kunne bli eit uvêr, men dei fleste næringslivsleiarane var optimistiske, og kulturlivet blomstra. Det same gjorde innbyggjartalet i Ulstein med heile 409 nye innbyggjarar i 2009 og 7461 innbyggjarar i kommunen ved nyttår 2010.
Som vi veit, slo koronapandemien til utover vinteren 2020. I mars dette året vart det innført strenge smitteverntiltak i Noreg. Situasjonen sette også sitt preg på Ulstein, sjølv om vi frå skrivepunktet i mars 2021 kan slå fast at det så langt ikkje har vore mykje smitte her. Men delar av næringslivet har vore råka. Vaksineringa er i gang.
Utover i 1997 opplevde regionen det vi kunne kalle ein industri-boom. Dette gjorde fagarbeidarar til ei attraktiv yrkesgruppe, og det var kamp om arbeidskrafta. Ulsteinkonsernet gjekk mot eit rekordresultat. At det var pengar mellom folk, vart meir og meir synleg, og dette var før Ulsteingruppa vart seld til Vickers, eit sal som risla kring 3,8 milliardar kroner over lokalsamfunnet. Men dette berre forsterka ein tendens som alt var der i Ulstein frå før.
Leiaren i lokalavisa på nyåret i 2003 peiker på utviklinga: – Ved årsskiftet 1952/53 stig vi midt inn i kjernefamiliens glanstid. Den viktigaste atterreisinga etter krigen er gjennomført, men landet står framfor store utfordringar. Hardt arbeid skal sikre betre levekår for folket; fellesskapstanken står sterkt, og folk er motiverte til å lyfte i flokk. For 50 år sidan er det mannen som er familiens hovudforsørgjar. Han har gode sjansar til sikker jobb, og lønna er til å leve med. Fleire torde å satse på familielivet (..). Om du føler at du legg igjen mykje tid på arbeid ved inngangen til 2003, skal du vite at for 50 år sidan var den ordinære arbeidstida 48 timar i veka, og ein vanleg arbeidstakar arbeidde 49 veker i året. Det var ikkje grunnlag til å redusere arbeidstida; landet trong høg produktivitet.
Ved stortingsvalet hausten 2005 vart det regjeringsskifte, og den raud-grøne regjeringa med Ap, SV og Sp tok over under statsminister Jens Stoltenberg. Ytre Søre Sunnmøre vart det reine Frp-land. I Ulstein fekk partiet 25,4 prosent av røystene, Ap fekk 20,3, Høgre 19,3, KrF 16,9, Venstre 6,9, Sp 5,3, og SV 4,5.
Den 14. desember 1917 var ein merkedag i historia til Ulstein kommune. No var håpet at det nye Ulstein Elektrisitetsverk skulle skape liv og rørsle kring seg. På gardar, fabrikkar og verkstader var det etterspurnad etter kraft.
I starten av juni 2008 opna miljøvernminister Erik Solheim for at Ulstein kunne tillate utbygging av den nye bydelen Sjøsida, som kommunestyret hadde godkjent i 2006. Det hadde vore ein lang prosess, og omsynet til fiskeriinteressene hadde vore ei viktig årsak til at dette drog ut i tid: – Det er jo ikkje slik at vi vil legge ned fiskerihamna. Vi har teke omsyn til fiskeria. Det er synd at det tok så lang tid, men i dag er det heilt supert, svara ordføraren på innspel frå lokalavisa.
Midt i juni 1991 kjem meldinga om at Vikebladet Vestposten får ny redaktør. Asle Geir Widnes Johansen avløyser Marit Kvammen. Han har vore journalist sidan 1987, og redigerer si første avis som ansvarleg 25. juli. Widnes Johansen blir sitjande som redaktør for lokalavisa heilt fram til 2013.
Hausten 1972 slår ei avis som Sunnmøre Arbeideravis fast i eit spesialbilag om kommunen at det er ingen ting i horisonten som tilseier at veksten i Ulstein vil stoppe. Kommunen står framfor mange og store utbyggingsoppgåver. Samtidig er veksten avhengig av god og planmessig styring.
Trusselen om å legge ned den ti år gamle telefon-vaktsentralen i Ulsteinvik spissa seg til utover i 1991. Men ein rapport frå dei fire eigarkommunane på Ytre Søre Sunnmøre konkluderte sommaren 1991 med at kompetanse innan kommunikasjon og kjennskap til geografien var viktigare enn medisinsk kunnskap. Dei meinte at vaktsentralen måtte oppretthaldast. Dei fire kommunane søkte derfor om dispensasjon frå den nye beredskapsplanen frå Sosialdepartementet, som ville sentralisere den medisinske meldetenesta. Men det gjekk mot nedlegging av vaktsentralen, ikkje så langt fram i tid
Utover i august 1985 ber avisene preg av at det er stortingsval i september. Då Kåre Willoch vart statsminister i 1981, var det viktig for Høgre å regjere åleine eit par år og såleis legge sporet. Historikaren Berge Furre vurderer det slik at Høgre hadde stort utbyte av å profilere regjeringa åleine med to nokså passiviserte støtteparti (KrF og Sp), som etter kvart vart mindre og mindre glade for rolla si. Dei bar ansvar utan å hauste vinning.
Ordførar Ottar Kaldhol fekk i april 1988 æra av å trykke på knappen og kople til Garsholhaugen reinseanlegg. Han markerte med det at første byggesteg i vassverksutbygginga i Ulstein var fullført. Det hadde totalt kosta 10 millionar kroner, fordelt med 6,5 millionar på Ulstein Vassverk og 3,5 millionar på utbygginga i Haddal/Eiksund. I det vesle huset på Garsholhaugen vart alt vatnet frå Garnesvatnet leia gjennom eit moderne reinseanlegg.
Våren 1973 garanterte kommunen for eit lån på 175.000 kroner til å finansiere leidningsnettet til Mosvatnet. Det var tale om ei restfinansiering, og utbygginga til Mosvatnet kosta totalt 550.000 kroner. Men å få hand om Mosvatnet som framtidig, permanent vasskjelde skulle bli ein lang prosess for Ulstein. I 1975 vart Ulstein Vassverk AL etter forhandlingar samd med kommunen om at kommunen skulle overta vassverket med alle eigedommar.