For verftsindustrien er det no tøffe tider. I januar 1999 må leiinga ved Ulstein Verft varsle dei tilsette. Dersom verftet ikkje får nye kontraktar med det første, vil dei tilsette i produksjonen bli flytta rundt på, dette for å unngå permitteringar lengst mogleg.
Ved skulestart i 1983 kunne dei 27 elevane i Dimna stige inn i den nye skulen i krinsen. Det hadde vore ein lang prosess og mange politiske nappetak, men no stod skulen der med grendehussal og det heile: – Sjølv om dei to lærarane, Karen Aase Dimmen og Torstein Aksnes, ikkje syntest alt var i orden, kunne dei sleppe yre elevar inn i dei to klasseromma som også hadde eit bibliotekrom imellom.
I starten av september 1971 presenterte Vikebladet vallistene til kommunevalet. I tillegg til ei upolitisk samlingsliste stilte KrF, Sp, Ap, H og V lister. Valdeltakinga ved førre val i 1967 var på 65,5 prosent i Ulstein. Den gongen fekk KrF fekk flest røyster med 392. Dette gav 6 mandat. Arbeidarpartiet oppnådde 365 røyster (6), Venstre 344 (6), Senterpartiet 231 (4) og Høgre 210 (3). I 1971 vart KrF igjen største parti med 472 røyster og 6 representantar, Sp oppnådde 390 røyster (5), Ap 372 (5), V 283 (4), H 212 (3) og Upolitisk samlingsliste 159 (2). Ved konstitueringa i desember vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførar og Otto Strand (V) til varaordførar.
Rundt skulestart i august 1995 var kommunevalkampen for alvor i gang, og lokalavisa stilte femten spørsmål til kvar av toppkandidatane. Eit spenningsmoment var om ordførar Arne Walderhaug (KrF) fekk halde fram. På valnatta stod Walderhaug fram som vinnar, og med KrF som det største partiet. Men det var ikkje alle i det politiske landskapet som hadde gløymt at Walderhaug hadde alliert seg med Arbeidarpartiet ved dei to siste vala, ikkje minst i 1987 då Høgre var det største partiet og vart parkert på sidelinja.
Vi skal straks kome tilbake til verfta. Men det var også andre bedrifter som bidrog til veksten i Ulstein. Vi skal sjå på nokre av dei. Ulstein Betongindustri var ei av bedriftene som tente på den høge byggjeaktiviteten i kommunen, og som voks med han. Frå ein nokså blyg start i 1966 hadde Ulstein Betongindustri i Haddal i 1972 utvikla seg til ei moderne bedrift innan ferdigbetong- og betongvareindustri. Selskapet sysselsette 15 personar og hadde ei årleg omsetning på mellom tre og fire millionar kroner. Bedrifta hadde reist eit stort industribygg og såg lyst på framtida:
Alt i Vikebladet 14. juni 1945 kan folk lese at dei mekaniske verkstadene i Ulstein har mykje å stå i om dagen. Om lag 40 fartøy står på land eller ligg ved kaiene til dei to verkstadene på Osnes. Det er rutebåtar, fraktebåtar, selfangarar, havfiskefartøy og motorbåtar. Der hadde også kome nokre båtar som hadde vore i tysk teneste og som skulle avvæpnast. Fleire slike var ventande dei første dagane. Pågangen på verfta var så stor at dei var nøydde til å prioritere stramt. Arbeidsstokken ved Ulstein hadde vakse frå 3-4 det første året til rundt 50 i 1947.
I mars 1995 flytta Entreprenøren AS med Kjartan Haddal og Lars Nordhaug inn i Røyneland-huset i Ulsteinvik. Frå før heldt Byggforum ved Alv Rise til der, slik at huset no vart eit kompetansesenter som spente over eit breitt felt i byggjebransjen.
I løpet av to månader på slutten av 2005 og starten på 2006 hadde Ulsteinvik fått to nye daglegvareforretningar, Lidl på Saunes og Meny i Amfisenteret på Brattøra. Frå månadsskiftet mars/april 2006 kasta Bunnpris seg inn i konkurransen. Butikken starta først i dei tidlegare lokala til Rimi midt i Ulsteinvik. Etter kvart flytta Bunnpris til Brattøra, der butikken held til i dag.
Det skjedde mykje i næringslivet i Ulstein dei siste åra på 1980-talet. Her kjem eit oversyn: Sparebanken Møre i Ulsteinvik tok i bruk minibank for kundane sine i januar 1986. Minibanken var plassert rett utanfor inngangsdøra og ville gjere det mogleg for folk å få ut kontantar heile døgnet. Det fanst på dette tidspunktet meir enn 400 bankautomatar over heile landet.
Lat oss nemne nokre hendingar elles i næringslivet: I januar 1990 tok Åge Grimstad og Øyvind Osnes over musikkforretninga Laluna Platebar i Ulsteinvik. Dei tilsette svenske Maria Regner for å ta seg av den daglege drifta, men lokalavisa kunne fortelje at særleg Åge Grimstad kom til å vere engasjert i drifta. Det var Elisebet Grønmyr som hadde drive forretninga dei siste åra.
Aina Moldskred tok i starten av 2000 imot 60.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein for å realisere planane sine for huset i Kyrkjegata 3, det som skulle bli heitande Krukkehuset. Målet var å skape eit kreativt miljø midt i Ulsteinvik sentrum med keramikkverkstad, måleatelier, galleri og kunstkafé. Huset vart ein institusjon i mange år. Ei av dei som opna verksemd i Krukkehuset, var Laila Lillebø Endresen. Før sat ho heime hos seg sjølv og sydde messehaklar, kyrkjetekstilar og kyrkjepynt. I mars 2001 var Laila Lillebø Endresen på plass med tekstil og interiør-verksemd i kjellaren hos Aina Moldskred i Krukkehuset. Herifrå skulle ho drive rådgiving og butikk med tekstil og interiør. Selskapet Laila Tekstil & Interiør vart skipa i 1987. Ho hadde drive selskapet frå heimen sin på Kalveneset i Indre Herøy. Men no trekte ho til Ulsteinvik med delar av verksemda si. I heimelokala skulle ho ha verkstad. Endresen var utdanna interiørkonsulent og ville tilby varer og tenester for innreiing. Huset vart eit samlingspunkt i mange år.
Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.
Den lokale høgkonjunkturen heldt seg også utover i 2008, sjølv om året etter kvart skulle føre med seg internasjonal finansuro. Arbeidsløysa var framleis på veg nedover. Odim i Hjørungavåg var eitt av selskapa som hadde vind i segla. Før 2008 var omme, runda selskapet 2 milliardar kroner i omsetning. Våren dette året fekk selskapet ein ordreinngang på over 500 millionar og sat på ein ordrereserve på over 2,1 milliardar kroner. Det var ny rekord. Dei gode tidene gav også feite opsjonar til Odim-toppane. Tre av dei hadde delt 35 millionar i opsjonsgevinst. Den største potten på 21 millionar kroner fekk konsernsjef Jogeir Romestrand som no var i ferd med å gjere seg rik på Odim-eventyret.
Odim AS hadde sigld i medvind som resten av den lokale industrien. Med ei omsetning på 205 millionar kroner i 1995 – og eit driftsresultat på 20 millionar, hadde Odim hatt sitt beste år til no. I tillegg var ordrebøkene fulle. Bedrifta ville ha arbeid til midten av 1997. Den nytilsette direktøren, Eldar Eilertsen, kunne ikkje ha fått eit betre utgangspunkt. Men spørsmålet om utviding av anlegget på Saunes vart stadig meir akutt; det skulle ende med at bedrifta forlét kommunen.
Olaus Alme er fødd på Litle Alme i Hareid kommune. Han var ein drivande kraft då Fredheim blei bygd og for å få Sunnmøre Folkehøgskule til Ulsteinvik.
Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.
Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.
Då journalisten frå Vikebladet Vestposten rusla rundt på verftsområdet fredag 27. november 1998, fanga ho opp denne kommentaren frå mange av dei tilsette: – Eigarane må sjølvsagt få bestemme kva dei vil gjere med verdiane sine, men vi ventar at dei bruker ein del av pengane til å satse skikkeleg på verftet. Ein annan kommentar var denne: – Salet dreier seg om eit oppgjer om pengar. Vi er no komne til tredje generasjon av eigarar; Idar Ulstein greier truleg ikkje å halde alle trådane lenger. Denne utsegna var slikt som gjekk mann og mann imellom i Ulsteinvik denne hausten.
På tampen av 1976 kunne ordførar Olav B. Urke i Ulstein summere opp situasjonen slik: – Gymnaset og idrettshallen er under arbeid; det vil bli eit løft for kommunen som må bere 50 prosent av kostnadene. Det vil auke lånegjelda også i året som kjem, men skatteinngangen har vore god, vi har teke over Ulstein Vassverk og Haddal Vassverk, 84 hus er under bygging i kommunen, og vi har asfaltert vegar for 400 000 kroner utan å ta opp lån.
Ulstein hadde i 1983/84 vore ein av tre kommunar i Noreg som hadde prøvt ut ordninga med felles helse- og sosialstyre. I juni 1984 var det klart at ordninga hadde fungert så godt at Sosialdepartementet gav grønt lys til endå eit prøveprosjekt i Ulstein og løyvde 116.000 kroner for 1984 til administrativ organisering av helse- og sosialtenesta, ei ordning som departementet meinte kunne ha overføringsverdi til andre kommunar.