I 1981 er det stortingsval. Kva var det som råka landet vårt den hausten? Høgrebølgja i tidsrommet frå omkring 1975 og vel ti år framover var ikkje særnorsk. Ho prega fleire land i Europa, og inspirasjonen utanfrå var truleg viktig. Tankar om personleg fridom, valrikdom og marknad kom stadig sterkare inn i ordskiftet.
I denne perioden skjer det fleire skifte i Ulstein, som er verdt å nemne i ei slik bok. Det blir mellom anna farvel med både lensmann og prest.
Innstramminga i kommuneøkonomien og den stigande arbeidsløysa ved starten på 1980-talet må delvis sjåast i samanheng med situasjonen nasjonalt. Då lønner og prisar slapp laus igjen i 1980 etter pris- og inntektsstoppen, nådde inflasjonen snart nye høgder – med ein topp på 14 prosent i 1981.
Ei av sakene som endeleg var i ferd med å finne si løysing, var bossaka. Bossplassane både i Hareid og i Fløstranda i Ulstein var i ferd med å bli sprengde. Men no skal Ulstein og Hareid samarbeide, og dei har samla seg om eit bossbrenningsanlegg i Saunesmarka i Ulstein.
Utviklinga i ferjetrafikken viser ein tydeleg tendens. Talet på bilar på sambandet Hareid-Ålesund går ned, over Sulesund aukar det kraftig. Men folk har bruk for å kome seg til Ålesund utan bil. I mars 1980 gjer MRF-styret derfor eit viktig vedtak.
Statistikken viste at det sorterte 221 kyr under Ulstein kontrollag i 1981. Dei fleste av desse fann vi på Flø, og åtte av dei ti beste kyrne høyrde heime her. Men den alle beste kua tilhøyrde Elias Garshol i Dimnasund. Nina, som ho heitte, mjølka 9487 kilo i 1981. På andreplass kom Raia (Asbjørn Flø) med 9432 kilo.
Optimistane tok feil då dei trudde at skipsfartskrisa på 1970-talet var eit mellombels tilbakeslag som hang saman med konjunkturar og olje. Oljekrisa hadde forsterka ei internasjonal strukturkrise som fekk varige følgjer for norsk og internasjonal skipsfart. Verdshandelen auka ikkje som før, men bygging av nye skip heldt fram, særleg i lågkostland. I 1982 hadde handelsvolumet på sjøen same omfang som i 1972, medan tonnasjen hadde auka med 60 prosent. Heile situasjonen fekk gjennomgripande følgje for norsk maritim næring utover på 1980-talet. Som vi har vore inne på, mykje av verftsindustrien måtte avvikle, med tunge følgjer for stader på kysten der verft hadde vore tyngdepunkt i arbeidslivet. Av over 20.000 arbeidsplassar i 1970 var det 7000 igjen i 1983; tyngda av norsk skipsbyggingsindustri hadde fordufta.
I 1978 deltek ordførarane frå dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre på ei samling i Loen. Dei fire er Einar Holm (Hareid), John Gjerde (Sande), Einar Leinebø (Herøy) og Olav B. Urke (Ulstein). Eit avisoppslag etter møtet skulle kome til å resultere i ein disputt mellom ordførarane i nabokommunane Hareid og Ulstein.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
I 1980 hadde folketalet i Ulstein vakse til 5323 mot 4537 i 1970. Framleis hadde kommunen eit underskot på kvinner: 2701 menn og 2622 kvinner. Av desse var det heile 1411 ugifte menn mot 1167 ugifte kvinner. Desse tala reflekterte at det framleis var eit mannsdominert arbeidsliv i Ulstein og eit kjønnsdelt samfunn.
1980-talet var eit innhaldsrikt tiår for utviklinga i Ulstein. Kommuneleiinga visste at det var avgjerande for næringslivet at det var tilgang på husvære og tomter, både for tilflyttarar og innfødde. 1979 hadde vore eit bra byggjeår i Ulstein kommune; 50 bustadhus med 58 husvære vart sette i arbeid. Dei fleste av husa kom til i bustadfelta Hofsetmarka og Sundgotmarka. Men Flø figurerte no endeleg på bustadstatistikken med fire hus, og likeeins Eiksund med fire hus.
Frå skrivepunktet er det 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik voks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse. Eitt av mange høgdepunkt var då den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen i november 1986.
Ved skulestart i 1983 kunne dei 27 elevane i Dimna stige inn i den nye skulen i krinsen. Det hadde vore ein lang prosess og mange politiske nappetak, men no stod skulen der med grendehussal og det heile: – Sjølv om dei to lærarane, Karen Aase Dimmen og Torstein Aksnes, ikkje syntest alt var i orden, kunne dei sleppe yre elevar inn i dei to klasseromma som også hadde eit bibliotekrom imellom.
Samtidig gjekk det for seg eit arbeid i Ulstein for å sikre ei framtidsretta vassforsyning. Kommunen ville hausten 1980 fremje oreigningssak for å få hand om Mosvatnet som drikkevasskjelde. I januar 1981 gjekk generalplanutvalet i Hareid imot avhending av vatnet: – Mosvatnet er ein ressurs som ligg i Hareid kommune, og generalplanutvalet vil ut ifrå det gå sterkt imot at denne ressursen blir tildelt andre kommunar. Om lag samtidig godkjende Statens Institutt for Folkehelse (SIFF) Mosvatnet som vasskjelde.
Det skjer mykje i næringslivet i Ulstein utover på 1980-talet. Vinteren 1980 vart følgjande forretningstomter tildelte på det utfylte Nyland i Ulsteinvik: Bård Vikanes/Radioservice AS, Flø og Flø AS, Overvåg Manufaktur og Norvald Skeide. Samtidig var industriområdet i Saunesmarka klart for utbygging, i alt 400 dekar. Veg, vatn og kloakk var på plass. Saunesmarka var opparbeidd og lagt ut for sal. Området skulle dekke trongen om areal til industri, verkstader og servicenæringar. No hadde Televerket og Øyehols Varehus tinga seg tomter der. Bossbrenningsanlegget med varmegjenvinning var også etter kvart på plass i Saunesmarka.
Då Ulstein Sanitetsforeining samlast til årsmøte på Sundgot bedehus i februar 1980, hadde medlemstalet kome opp i 2051. Det var sanitetskvinnene i Hasund som stod for det praktiske opplegget, og dei kunne ønskje deltakarar frå heile kommunen velkomne til eit festpynta lokale, i alt over hundre aktive sanitetskvinner. Gyda Breivik ønskte velkomen, Karin Ertesvåg talte, Liv Ertesvåg las dikt og Kristian Ertesvåg hadde to songavdelingar til tonefølgje på piano av Sverre Ottesen. Marie Breivik var leiar for Ulstein Sanitetsforeining.
Eldreomsorga i Ulstein var i omvelting mot slutten av 1980-talet: – Her vil vi bli gamle, slo prosjektleiar Aksel Hauge, sosialsjef Arthur Grønmyr og helsesjef Torbjørn Måseide fast i samtale med lokalavisa i mai 1987. Dei tre stod i spissen for ei prosjektgruppe som la fram ein omfattande plan for omlegginga av eldreomsorga i kommunen fram mot hundreårsskiftet. Hovudmålsetjinga var trivsel for den einskilde med meir individuelt tilpassa hjelp.
Det som først og fremst prega kommunevalet i Ulstein hausten 1987, var at kommunen stadfesta stillinga si som Høgre-kommune. Med åtte mandat var Høgre framleis det klart største partiet, og den ny Frp-lista hadde ikkje rokka ved denne posisjonen.
Skjervøy Fiskemottak og egnesentral fekk ei årsomsetning på 1,2 millionar kroner i 1986. Det vart levert mest saltfisk (om lag 65 prosent), resten ferskfisk. Anlegget sysselsette 1,3 årsverk i tillegg til den eigeninnsatsen som eigaren Knut Strand la ned. Sentralen var kanskje mest å rekne som eit servicetilbod. Her kunne fiskarane egne linene sine under tak, og med fryseri, vatn og agnlager like i nærleiken. Det hadde vore stor utvikling i fiskeflåten i Ulstein dei siste åra; for fire år sidan var det berre ein båt over 35 fot, men vinteren 1986 var det sju båtar frå 35 fot og oppover. Samla hadde kapasiteten på båtane blitt meir enn dobla dei siste åra, og alle dei lokale båtane leverte fangstane sine på Skjervøybuda. I denne situasjonen var behovet for fiskerikai klart til stades.
Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg. Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.