Folketeljinga i 1970 viste at Ulstein no hadde 4538 innbyggarar, 2319 menn og 2219 kvinner. Ti år tidlegare var talet 3654. I alt 187 hadde hovudinntekta si frå jordbruk, 112 frå fiske, 635 i indiustrien, berre 32 av desse var kvinner, 114 arbeidde med bygg og anlegg, 155 i varehandelen, 89 av desse kvinner, 142 i sjøtransport, 148 i privat og offentleg tenesteyting, 82 av desse kvinner, medan talet på husmødrer i Ulstein var 778 i 1970.
I starten av september 1971 presenterte Vikebladet vallistene til kommunevalet. I tillegg til ei upolitisk samlingsliste stilte KrF, Sp, Ap, H og V lister. Valdeltakinga ved førre val i 1967 var på 65,5 prosent i Ulstein. Den gongen fekk KrF fekk flest røyster med 392. Dette gav 6 mandat. Arbeidarpartiet oppnådde 365 røyster (6), Venstre 344 (6), Senterpartiet 231 (4) og Høgre 210 (3). I 1971 vart KrF igjen største parti med 472 røyster og 6 representantar, Sp oppnådde 390 røyster (5), Ap 372 (5), V 283 (4), H 212 (3) og Upolitisk samlingsliste 159 (2). Ved konstitueringa i desember vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførar og Otto Strand (V) til varaordførar.
På riksplan er det ved inngangen til denne perioden ei sak som meir enn noko pregar den politiske debatten, EF-spørsmålet. I 1970 vedtok Stortinget mot 17 røyster å fornye søknaden om medlemskap. I 1971 hadde regjeringa Borten gått. Koalisjonssamarbeidet hadde teke til å bli tynnslite, til sist så tynt at regjeringa sprakk på ein bagatell: Medan medlemskapstingingane gjekk føre seg, kom det for ein dag at statsministeren på ei flyreise hadde vist ein fortruleg rapport frå ambassaden i Brussel til leiaren for Folkerørsla mot medlemskap i EF, Arne Haugestad.
Den 30. april i 1975 var det slutt på meir enn 30 år med krig i Vietnam. Det er det største som skjer på den internasjonale himmelen på midten av dette tiåret. Noreg var no godt inne i oljealderen.”Dei gylne sekstiåra” hadde halde det dei lova om økonomisk vokster for landet. Industrien fekk si glanstid og skapte grunnlag for både velferdsstat og velstandsstat. Folketrygda var krona på trygdestellet som hadde grodd gjennom heile hundreåret. Godt inne på 1970-talet synte både offentleg og privat forbruk rekordtal. Forbrukarsamfunn og overflodssamfunn var nemningar som stadig dukka opp i media og debatt.
Hausten 1972 slår ei avis som Sunnmøre Arbeideravis fast i eit spesialbilag om kommunen at det er ingen ting i horisonten som tilseier at veksten i Ulstein vil stoppe. Kommunen står framfor mange og store utbyggingsoppgåver. Samtidig er veksten avhengig av god og planmessig styring.
Den 1. september 1955 kunne Ulstein realskule høgtide 20-årsjubileum. Det var på denne datoen i 1935 at Thorvald Bjørndal tok til med regelmessig realskule i kommunen. Men det var 25 år sidan det første gongen var realskule – eller mellomskule – i Ulstein.
Ola Molvær i samtale med John Osnes.
Ola Martinus Molvær, eller Ola Molvær som han blir kalla i daglegtalen, vart fødd i gamleposten (Jøsokhuset) i Ulsteinvik i 1923. Mora, Lilly, var fra Ålesund, og faren, Elias, var frå Støylane i Ulsteinvik. Ola Molvær er ein stillfarande og venesel mann utan store fakter og store ord.
Ærede forsamling
Vi er atter så heldig stillet at få feire den 17. mai i år også. Jeg er ingen taler, men har blitt oppfordret at tale, og derfor vil jeg forsøke at sige nogle ord i all enfoldighet. Da jeg våger at påståt at eg er en fullblods nordmann, som nedstammer fra de gamle vikinger, så kan jeg ikke finne et mer passende emne at tale om enn idrætt.
Artikkelen baserer seg på utdrag frå boka “Magnus og Lisbet Rise frå Øvre Rise på Hareid – deira aner og etterkommarar”.
Namnet på garden vert uttala Ri’se med lang i og det er ubøygt.
Jonna, eller Johanne Grønhaug (31.121892 – 19.03.1982), som namnet offisielt var, vaks opp på Grønhaugen på Eggesbønes i Herøy kommune. Ho vaks opp saman med fleire søsken, mellom anna søstera Berte. Då ho var 19-20 år, kom ho til Ulsteinvik og jobba på telefonsentralen, som då var hos Ole Wiik.
Eg utdannar lærarstudentar som skal undervise i samfunnsfag i den norske skulen. Mandatet som storsamfunnet gir dei komande lærarane er at dei skal legge til rette for utvikling av demokratiforståing og dermed demokratisk danning hjå dei oppveksande slekter.
Asbjørg Gjerdsbakk gifta seg i 1957 med Odd Magne Brune frå Dalsfjorden. Han var då ferdig utdanna ingeniør i Porsgrunn og hadde allereie fått seg fast jobb på Borregård før han var ferdig utdanna. Etter bryllupet flytta dei til Sarpsborg der dei budde heile sitt yrkesaktive liv.
I 1950 flytta familien min til far sin barndomsheim på Reiten. Eg fylte 9 år den hausten. Å gå ein handletur inn til Vik var heilt forskjellig frå i dag. Vegane hadde ikkje fått namn, og det var berre ein veg gjennom bygda. Vi budde i Almegarden på toppen av Reitabakken, der Kyrkjegata startar no.
Han overlevde en blindtarm som sprakk, og ble sendt hjem fra båten han var om bord i. Den ble torpedert, og 54 mann mistet livet.
Henriette Hansen var fødd på Sandtorg i Troms i 1864. Sandtorg ligg på Hinnøya ved Tjeldsundet der sundet er på det smalaste. I dag er Sandtorg ein del av Harstad kommune. Olavius Ringstad frå Ulsteinvik var i området saman med byggelaget sitt, og kort fortalt gifta dei to seg i Trondenes kirke. Dei busette seg på Sandtorg og fekk to born der.
Kjell Garnes (90) prega sparebankverksemda i Ulstein i over ein mannsalder. Han tok banken frå å vere ein sjølvstendig sparebank til å verte ein del av Sparebanken Møre-konsernet, og har sine tankar om forholdet til dei som sat med makta i byen. Dei 34 åra han hadde i banken var innhaldsrike og ikkje minst livsendrande for Kjell, etter som det var der han møtte henne som seinare vart kona hans, Marian Bakke. Ho var bankassistent frå juni 1963 til juli i 1966.
Prestegarden i Dimnasund var i bruk frå 1600-talet og fram til 1906. Den eldste prestebustaden stod inst i Valen på Grasnes sida – då det brann julekvelden i 1832 vart det bygd nytt lenger oppe på Knutsnes sida.
Redaksjonsnemnda i Levd liv har leita fram nokre årsminne. Minna vi har leita fram er små og store hendingar i Ulsteinsamfunnet. Året er blant anna 1924 og ute i den store verda har vulkanen Etna utbrot og 60 000 blir heimlause, Tyrkia blir republikk og nyheitsmagasinet Time kjem ut med sitt første nummer. I Noreg vert Norges Kommunistiske Parti stifta.
Då eg vart beden av tidlegare leiar av historielaget, Aksel Hauge, om å skrive denne historia, måtte eg tenkje over kva eg hadde av stoff. Det var viktig for meg sidan det gjeld min eigen far. Asbjørn Ulstein eller berre AU som han blei kalla, var ein systematikar, og eg hadde tilgang på eit album som han hadde laga for borneborna sine. Det albumet hadde fått tittelen: «Kva har du gjort før, bestefar?»
Før eg skal prøve å skrive noko om korleis Eiksundbygda opplevde krigsåra – trur eg at eg vil byrja med dagen før krigsutbrotet – nemlig den 8.april.