Samtidig gjekk det for seg eit arbeid i Ulstein for å sikre ei framtidsretta vassforsyning. Kommunen ville hausten 1980 fremje oreigningssak for å få hand om Mosvatnet som drikkevasskjelde. I januar 1981 gjekk generalplanutvalet i Hareid imot avhending av vatnet: – Mosvatnet er ein ressurs som ligg i Hareid kommune, og generalplanutvalet vil ut ifrå det gå sterkt imot at denne ressursen blir tildelt andre kommunar. Om lag samtidig godkjende Statens Institutt for Folkehelse (SIFF) Mosvatnet som vasskjelde.

I januar 1982 vart det etter eit fellesmøte mellom Ulstein og Hareid sett ned ei gruppe som skulle greie ut spørsmålet om framtidig vassforsyning. I september 1982 vart Hammarstøylvatnet prinsipielt godkjent som vasskjelde for Hareid, men vassbehandlinga var ikkje tilstrekkeleg, heitte det i eit brev frå Statens Institutt for Folkehelse.

I april 1983 leverte aksjonsleiar Ragnvald Bigset 570 underskrifter på protestskrivet mot oreigninga av Mosvatnet. Folk på begge sider av Eidet hadde skrive seg på. I slutten av april 1983 gjorde Hareid kommunestyre eit samrøystes vedtak om at Mosvatnet ikkje måtte rørast. Hammarstøylvatnet og Garnesvatnet ville ha kapasitet nok i lange tider, heitte det. Men i juni 1983 gav fylkesmannen oreigningsløyve til Ulstein kommune. Han såg det slik at dei samfunnsmessige fordelane ved å bruke Mosvatnet til vassforsyning var større enn ulempene. Vedtaket til fylkesmannen vart klaga inn for Miljøverndepartementet etter initiativ frå grunneigarane og Hareid kommune. Men i starten av november 1983 gjorde departementet det klart at Ulstein skulle få vatn frå Mosvatnet, men gav likevel løyve til sportsfiske.

I desember 1983 vedtok endeleg Ulstein kommunestyre å starte utbygginga. Det innebar at forsyninga frå Hammarstøylvatnet vart sjalta ut, Garnesvatnet vart nytta fullt ut med vassleidning til Ulsteinvik og Mosvatnet altså bygt ut. I tillegg kom framføringa av vatn frå Haddal Vassverk til Eiksund.

Våren 1984 vart det kjent at maskinfirmaet til Johs. Thoresen Ulstein hadde teke seg føre og starta vegbygging i Ulsteindalen fram til Lisjevatnet. Dette vekte oppsikt, for få hadde høyrt om prosjektet. Vegen var verken søkt om eller på nokon måte offentleg handsama før gravarbeidet starta. Men at det var behov for veg i samband med opparbeidinga av vassverket, var klart. Thoresen Ulstein tenkte vel at det var lettare å få tilgiving enn tillating.

Då gravemaskinene sette i gang arbeidet med hovudvassleidninga til Haddal Vassverk i indre Haddal i februar 1984, var det ikkje berre starten på sikker vassforsyning til Eiksund-folket, men det var også starten på gjennomføringa av vassplanen for Ulstein kommune. Såleis ville 16. februar 1984 stå som ein merkedag for for vassforsyninga i Ulstein, skreiv Vikebladet. No skulle Eiksund få ny vassleidning, slik at i første omgang Selvåg kunne få vatn frå Mørkevatnet, seinare heile Eiksundbygda.

I slutten av september 1984 var det offisiell opning av det nye anlegget til Ulstein kommune ved Mosvatnet. Ordførar Asbjørn Flø kunne klippe snora og la Mosvatnet fosse direkte inn på leidningsnettet. Tidlegare hadde kommunen måtta ta vatnet frå ein dam ved Mosvasselva på Ulstein-sida av kommunegrensa. No ville kommunen få ei langt sikrare og betre vassforsyning enn før. I tillegg til at vassinntaket var lagt djupt i Mosvatnet, hadde kommunen bygt ny hytte med ventilhus ved demninga.