Snaud og kvit og kald hev kyrkja i Ulstein stade der no i 36 aar sidan ho vart flutt inn til Vik. Ho var daa ikring 30 aar gamall, og det var visst ikkje mykje merkelegt med henne før heller. Men som ho stod der etter flyttjingi var ho ikkje betre enn før, berre tomare og kaldare.
Det mest interessante trekket ved dei første lovene til Ulsteinforeininga er at dei legg så stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. I føremålsparagrafen er det åndelege og det materielle sidestilt: «Foreningen søger at afhjælpe åndelig og timelig nød inden menigheden». Dette var heller ikkje vanleg for indremisjons-foreiningane på Vestlandet og igjen er det nok Anker si klo vi ser merke etter. Andre stader i lovene er formålet konkretisert: «Foreningens formål søges oppnået ved syges og fattiges understøttelse og pleie» og vidare «I foreningens møder udstilles en bøsse for bidrag til syge og fattige, og en anden for bidrag til foreningens øvrige virksomhed».
Siste halvdelen av 1800-talet var vekkjingstid i heile Skandinavia og det var vekkjingsvindane som ga indremisjonsarbeidet framdrift. Når rørslene vart fastare organiserte, var det først og fremst for å halde vekkjingane vedlike og gjere dei berande.
Omgrepet «foreining» er ikkje så gammalt som ein kanskje skulle tru. I Norge dukka det opp for første gong i 1840- og 50-åra. Utetter hundreåret skjedde det ei vakning – ei utvikling frå elite-engasjement til masse-engasjement. I samtida snakka ein om «assosiasjonsånden». Foreiningane gjorde kulturell aktivitet til eit tilbod for dei mange.
Osnes Bedehus fekk svært mykje å seie som sentrum for det kristelege arbeidet i Ulstein. Etter si tid var det eit stort og tidhøveleg forsamlingshus. Det var omlag 19 alen langt og 14-15 alen breidt. Det hadde to galleri, eit i kvar ende, og talarstolen var plassert midt i salen ved eine langveggen.
Desse har vore formenn i foreininga:
Til 100-års-jubileet for Ulstein Indremisjon laga Kristen Ulstein Hatlebrekke eit jubileumsskrift. Under arbeidet kom han over ein handskriven biografi om Johannes Skeide, ein føregangsmann på mange område.
Når Ulsteinvik Indremisjon nå rundar dei hundre år, er det ei stor glede å få helsa frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er inspirerande å tenkje på at det i mange av våre bygder har vore organisert indremisjonsarbeid i så lang ei tid som hundre år.
Denne artikkelen er henta frå boka Johan von Cappelen og arven etter han. Johan von Cappelen var sokneprest i Ulstein og Hareid 1748-1792. I omslaget til boka skriv forfattaren: I 1749 kom det eit reisefølgje til prestegarden i Dimnasund. Den nye presten Johan von Cappelen kom til gards saman med kona Marthe Sophie. Dei var nygifte. Husa på garden var til nedfalls og måtte vølast. Husa vart sett i stand, og familien vart buande i Dimnasund til Johan døydde i 1792.
I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.
Ulstein sokn har mange utkantar og det er eit faktum at ulike former for lagsaktiviteter stort sett har vore konsentrert i sentrumskrinsen.
Når det gjeld indremisjonen var Hansteen ein av dei som såg verdien i å spreie verksemda geografisk. I formannstida hans – siste halvdelen av 90-åra – vart møta systematisk fordelte. Kom det ein emissær til bygda vart det tillyst møte i alle høve i dei fire viktigaste krinsane. Det var også rett ofte emissærmøte både på Hatløya og Vattøya, og presten fordelte bibeltimane sine med ein eller to i kvar krins.
Artikkelen er basert på ei særoppgåve Anna Standal Tangen frå Volda skreiv om Petra Moldskred. Artikkelen er ein forkorta og revidert versjon av særoppgåva. Petra er tanta til hennar farmor Hildur Tangen. I innleiinga til særoppgåva skriv Anna:
I Ulstein kyrkjelyd fall eidfestinga på 25. mars 1814. Sokneprest Buschmann heldt talen i den svulstige språkdrakta som var typisk for tida. I forordet til den trykte talen (S. Aarflots Bogtrykkerie) fortel Buschmann at han har late talen trykke i nokre eksemplar etter at vener og mange i kyrkjelyden har oppmoda han om det. Kanskje kunne det vere med på å halde oppe litt av den ånda som talen syntest å skape hos tilhøyrarane. Her gir eg att delar av talen omsett til nynorsk.
Første indremisjonsforeininga i landet vart skipa i Skien i 1853 «Foreningen for indre mission i Christiania» fylgde etter i 1855 og her var skipinga resultat av dei store vekkjingane under prof. Gisle Johnson.
Sundagsskulen i Ulstein var dei første åra nært knytta til Indremisjonen og det er derfor naturleg å bruke nokre linjer på dette arbeidet her.
Det var Johannes Hatlø, Osvald Ulstein og Ingolf B. Eikill som utgjorde redaksjonsnemda. Alle desse tre var aktive i søndagsskulearbeidet. Meir enn 400 born var aktive i søndagsskulen på denne tida.
Marie Kvammen har teke vare på heftet og lånt oss det, slik at vi kan publisere denne artikkelen.
Ved 50 års-jubileet for søndagsskulane i Ulstein i 1945 blei det laga eit festskrift over arbeidet. Heftet syner eit mangfaldig og rikt søndagsskulearbeid i Ulstein med søndagsskule i alle krinsane. Illustrasjonen til høgre og alle bileta er henta frå festskriftet.
Fram mot århundreskiftet utvikla det seg to polar i kulturlivet i Ulstein og desse polane er realitet den dag i dag: Eit nypietistisk kristendomssyn, sterkt prega av Rosenius, på den eine sida, og eit kulturope syn, inspirert av Grundtvig, på den andre. Skiljet har gått mellom Indremisjonen og Ungdomsforeininga, mellom Bedehuset og Fredheim, og har tildels vore skarpt. Mykje kan delast etter denne lina. Ein kan heller ikkje sjå heilt bort frå at motsetnadane har vore uttrykk for eit skilje mellom generasjonane.
Det var eit opprør i den vakninga ein opplevde på Sunnmøre i 1880-åra og opprøret må sjåast i nær samanheng med Venstre og Johan Sverdrup sin kamp mot embetsmannsstyret. Lekmenn trakka lenger og lenger inn på område der prestane hadde hatt hevdvunnen einerett. Lekmenn påberopte seg retten til å forkynne. Etter kvart meinte dei at presten sin einerett til å tale i kyrkja måtte brytast. Ja, dei kravde til og med rett til å forvalte sakramenta. Mykje skjedde på kort tid, det var nærmast ein revolusjon, og mange prestar vart naturlegvis skremde og reagerte sterkt.