Levd liv 2007

18 treff

Bakgrunnen

Historie og kultur i Ulsteinregionen rundt 1940

Åra rundt 1940 var avslutninga på dei såkalla harde tredveåra både i norsk og europeisk historie. Oppgangen i næringslivet og det økonomiske livet hadde starta allereie i 1935 her i landet. Straks føre krigen var difor tida prega av optimisme og nysatsing innan næringsliv og handel, og ein var komen opp på nokolunde normal aktivitet når det gjaldt samfunnslivet i det heile. Såleis var det mange av dei bedriftene og verksemdene som for ettertida skulle få så stort oppsving, som vart grunnlagde nett i denne tida.

Anders Martin Hatlevik vart fødd 16. januar 1897 på ein liten plass kalla Hatlevika i Skodje kommune. Dette var eit bruk lagt under Solnør gard. Dette gjorde at Anders og dei fem brørne hans måtte gjere pliktarbeid på garden.

Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

Knut Olaf Strand var fiskar og gardbrukar, stortingsmann, kommunepolitikar og ordførar, bankmann, reiar og søndagsskulelærar.

Foreldra hans var Andreas Knutson Saunes Strand og Antonie Ottosdotter Osnes. Gardsbruket deira var i Hasund krins og grensa til sentrumskrinsen Ulsteinvik.

Denne artikkelen blei skriven av Knut J. Hasund i 1965.

Vi har valt å halde på den skrivemåten som han sjølv brukte då han skreiv dette.

I ein slags CV frå 1943, skriv Johan Haddal dette om seg sjølv (språket er modernisert):

Oddmund Moldskred skreiv i 2005 ei utfyllande og god historiebok om Moldskred knuseverk, det som seinare skulle bli Ulstein Betongindustri AS. Denne artikkelen er eit lite sammendrag av deler av denne boka – omsett til nynorsk.

-Einar Grimstad

Det var Olsokstemne på Gamleeidet mellom Ulstein og Hareid. Lyngmark og utspadd torvmyr kransa grasvollen der is-skuringa i si tid hadde lagt att ein kjempestein på høgste punktet i terrenget. Det minte ikkje så lite om steinen i «Snorre», som Heilag-Olav stydde seg imot då han fall på Stiklestad. Stemne­folket hadde samla seg, og sangen ljoma. Skulestyrar S. Hop var talar, og inntok no steinen i eit lett sprang. Han ruva ikkje, verka heller noko småpuslen før han retteleg kom på gli. Men så glimta det til av skapande syner som reiv stemnelyden med. Dette var mitt første inntrykk av denne hordalendingen som gjorde sunnmøring av seg, og som fekk slik innverknad på vår ungdom i ei avgjerande tid.

«Sjøborg» er namnet på Ulstein sitt nye og flotte kulturhus, strategisk plassert som ein del av hotellkomplekset i sentrum. Søndag 3. juni 2007 var det stor opningsfest av kulturhuset.

Ole J. Vik tok til som lærar på Hatløya i 1930. l fem år var «han Vik», som me kalla han, læraren min i barneskulen der. Saman med familien si leigde han loftet i eit hus i Kyrkjegata (A. J. Botnen) i Ulsteinvik.

Asbjørn Flø kan fortelje at tyskarane kom til Flø i juni 1940 og reiste derifrå i juni 1941.

-Dei for like stilt som dei kom i grunnen. Med unntak av nokre få einskildepisodar, kom der ikkje til konfrontasjonar mellom dei tyske soldatane og Fløfolket. Vi hadde nok mindre med dei å gjere enn det til dømes Garnesfolket hadde.

Desse dikta eller stubbane blei første gongen framførte av Marit Høyvik Ulstein på gamlefesten i Ulsteinvik i 1957.

Attersynet er tileigna Hanna Olsen sine besteforeldre og foreldre, Arne Olson og Andrine, fødd Hareid, Olaf Arneson og Oluffa, fødd Moltu.

I Ragnar Ulstein si bok «Lagunen og stormen, Ulstein – bygd i Europa 1940-1945 skriv han mellom anna:

«Kampen mot englandsfarten var ei prioritert sak for Gestapomenn langs vestlandskysten.

Håkonsholmen, i Ulstein kommune er ein gamal handelsstad frå midten av 1600-talet. Seinare vart staden også tilholdstad for sorenskrivaren og i den samanheng også postopneri. I daglegtalen vert Håkonsholmen berre nemnt «Holma». Dette viser kor sentral denne staden var i eldre tid.

Ulstein kvileheim blei riven våren 2007. I samband med det, er det naturleg med eit tilbakeblikk på historia til denne viktige institusjonen i Ulstein kommune. Denne artikkelen baserer seg på ein artikkel av Lidun Hareide og eit tilbakblikk skrive av Asbjørg Hasund Grønmyr. Begge desse artiklane er frå 1991 og stod i Vikebladet/Vestposten.

Kjelde: Harald Jørgen Rasofielson Hatløy.

Rasofiel Johanson Hatløy, frå Johangarden på Hatløya, skulle opp i Vik for å selje egg og smør. Samtidig skulle han handle ulike varer. Dette hende truleg ei tid mellom 1933-34, tidleg i veka.

Det var ein gong eit fotballag frå ei øy på nordvestkysten som imponerte eit heilt land av fotballinteresserte. Det heile starta for 42 år sidan på Lerkendal i Trondheim.

Sverdet er typisk for den femte perioden av bronsealderen (900- 700 f.Kr.), altså om lag 2800 år gammalt. Karakteristisk er den smale klinga utan ribber eller dekorelement, og grepstangen som gjev namn til typen: grep­spissverd. Slike klinger vart nytta med grep i bronse, grep i bronse og tre/bein, eller grep laga utelukkande av tre/bein. Når ein finn klinger utan grep, går ein gjerne ut frå at det har vore laga av tre/bein som har rotna vekk.