I starten av juli 2014 kom meldinga om at Rolls-Royce Marine skulle kutte 350 stillingar, denne gongen leiarar og mellomleiarar. Då hadde bedrifta alt sagt opp ein del produksjonsarbeidarar. Marknaden var særs krevjande. Redaktør Anne Gry Eilertsen skreiv i leiaren sin 23. mai 2015: – Nesten dagleg kjem det meldingar om at maritim næring slit. Rolls-Royce skal før året er omme kutte over 300 stillingar, 40 norske skip ligg i opplag, mellom desse skip frå både Ulsteinvik og Fosnavåg. Konsekvensen er permitteringar og oppseiingar. Mykje tyder på at det vil kome fleire slike meldingar. For dei som brått står utan arbeid, er situasjonen dramatisk. Ikkje minst for dei som er i etableringsfasen og sit med store huslån.
To veker før jul i 2015 var heile 24 skip i offshoreflåten på Ytre Søre Sunnmøre lagde i opplag. Skipsreiar Åge Remøy såg ikkje lyst på situasjonen då han kommenterte saka til Vestlandsnytt: – Vi er i ferd med å legge eit vanskeleg år bak oss, men eg trur vi får det endå tøffare i 2016. Oljeprisen går feil veg, og aktiviteten vil ikkje auke. Så eg kan ikkje sjå noka lysning i året som kjem. Krisa som næringa står oppe i, er truleg den verste nokon gong, meinte Remøy.
I 2014 og 2015 melde 80 personar seg ut av Den norske kyrkja i Ulstein og Hareid. Det var rekordmange, og lokalavisa konkluderte med at striden om kyrkjeleg vigsling av par av same kjønn var hovudgrunnen. Men det vart ikkje gjennomført noka gransking mellom dei utmelde om grunnen.
Lat oss ta med nokre hendingar i kultur- og idrettslivet i perioden utover frå 2015. IL Hødd hadde til dømes nokre sterke utøvarar i turngruppa. Nettopp i 2015 tok klubben den første NM-medaljen sin i turn. Edel Charlotte Eiken Fosse tok sølv i junior-NM og vart teken ut på juniorlandslaget. Fosse hadde då nettopp vunne ein større regional konkurranse og hadde vist talent og treningsvilje i fleire år. I 2016 tok Edel Charlotte to gull i junior-NM. Litt seinare kvalifiserte ho seg til EM i Sveits.
Som vi veit, slo koronapandemien til utover vinteren 2020. I mars dette året vart det innført strenge smitteverntiltak i Noreg. Situasjonen sette også sitt preg på Ulstein, sjølv om vi frå skrivepunktet i mars 2021 kan slå fast at det så langt ikkje har vore mykje smitte her. Men delar av næringslivet har vore råka. Vaksineringa er i gang.
I september 2019 var det kommuneval. Etter ein intens valkamp, der mykje handla om kommuneøkonomien i Ulstein, enda med at Frp fekk seks representantar i kommunestyret, Ap fem, Høgre fem, KrF tre, Sp tre Venstre to og SV ein. Ti av dei 25 representantane var kvinner. Kort tid etter at valresultatet låg føre, kom meldinga om at Knut Erik Engh (Frp) ville få halde fram som ordførar, medan Stian Lehmann Scheide (H) vart varaordførar.
Ein av nestorane i næringslivet i Ulstein, konsernsjef Vidar Moldskred i Ulstein Betongindustri AS, leverte i januar 2019 nøklane til Harald Sætre. Skiftet hadde vore planlagt ei tid, og Sætre hadde vore økonomisjef/assisterande konsernsjef i fleire år. Sætre skulle no leie ei verksemd med over 70 fast tilsette og eit konsern med ei omsetning på 140 millionar kroner i 2018. Vidar Moldskred ville framleis vere aktiv i konsernet og ha ansvar for Ulstein Entreprenør AS.
Det var tunge tider og mange hadde mist arbeidet. Men innimellom kom det oppmuntrande meldingar. I januar 2017 hadde Ulstein Verft sikra seg kontraktar på levering av to nye skip til ein samla verdi på 1,5 milliardar kroner. Det gjorde at mange av dei om lag 200 permitterte kom i arbeid igjen. Kontraktane gjaldt bygging av eit offshore vindfartøy og ei hybridferje til Color Line. På det meste var også 40 av 47 ingeniørar ved Ulstein Verft permitterte. No fekk alle jobb igjen.
Ei nyheit som fekk merksemd i midten av januar 2019, var lagnaden til Kongsberg Evotec. Tysdag 15. januar sende Kongsberg Gruppen ut ei pressemelding der dei fortalde at dei hadde selt Kongsberg Evotec til investeringsselskapet Rome AS, kontrollert av ulsteiningen Jogeir Romestrand. Med dette var han tilbake i den maritime utstyrsbransjen etter nokre år med andre aktivitetar. Det høyrer med til historia at Romestrand var mellom aksjonærane i det som tidlegare heitte Evotec, som vart kjøpt av Kongsberg i 2011. No ville bedrifta, med kring 50 tilsette, få tilbake det gamle namnet sitt, Evotec. Kongsberg tok formelt over Rolls-Royce Commercal Marine i april 2019. Kjøpet førte nokså raskt til at Kongsberg Gruppen kutta 260 stillingar. Dette og ein del andre tiltak skulle spare konsernet for kring 200 millionar i året, og innan 2022 skulle innsparingane kome opp i 500 millionar i året. Om lag 100 av dei 260 jobbane vart kutta i Noreg.
Vi skal følgje nokre hendingar i utviklinga i Ulstein kommune litt inn i det neste tiåret, sjølv om det er utanfor ramma for denne boka. Lat oss først sjå på Kleven: Det var framleis mykje uvisse omkring Kleven då verftet leverte den siste Maersk-båten i februar 2019; ein serie på seks ankerhandteringsfartøy var med det ferdig. Dei blå skroga hadde vore eit landemerke i tre år medan bygginga heldt på. Lokalavisa konkluderte med at dette markerte slutten på offshore-æraen for Kleven, i alle fall for denne gongen. No kunne avisa fortelje at det hadde vore møte mellom Kleven-leiinga og leiinga i Vard-konsernet. Det var då ingen løyndom at Hurtigruten ikkje såg for seg å drive skipsverft særleg lenge framover. Hurtigruten hadde teke over 100 prosent av aksjane i Kleven sommaren 2018. Då vart Myklebust Verft skilt ut som eige selskap. Men det kom ikkje noko ut av samtalane med Vard. Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Nakken varsla i juni 2019 både oppseiingar og permitteringar ved verftet, sjølv om han var optimistisk for framtida til Kleven. Men vi som kan vurdere situasjonen frå skrivepunktet i 2021, veit at korona-åtaket vinteren 2020 og utover ikkje akkurat fremja marknaden for cruise- og passasjerbåtar.
2019 gav endå eit år med minus for Ulstein Group. Då tala låg føre, viste dei eit minus-resultat på 204,4 millionar kroner etter ei omsetning på 2,57 milliardar: – 2019 var eit krevjande år der vi har prioritert omstilling for større konkurransekraft. Ulstein har lykkast med å etablere seg i nye marknadssegment med kontraktar innan ekspedisjonscruise, RoPax (passasjer og last) og havvind. Men det har teke tid og vore kostbart, fortalde konsernsjef Gunvor Ulstein i ei pressemelding. Ho la til: – Koronapandemien har ikkje hatt direkte innverknad på rekneskapen for 2019, men vil vere med og gjere det usikkert for Ulstein framover. Kor lang tid det vil ta før cruisenæringa er tilbake i ein normalsituasjon, er uvisst.
Midt i oktober 2016 skreiv Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila under avtalen som gjorde at ferjeselskapet skifta eigar. Den nye eigaren var Sævik-selskapet Havilafjord AS: – No er vi det største selskapet for ferjedrift i Noreg, og det er ein posisjon vi aktar å kjempe for å halde på, slo Per Sævik fast i samtale med Vikebladet Vestposten.
Det var tunge tider for delar av butikkbransjen rundt 2014-15. Internett tok over ein større del av handelen frå ein del bransjar, og dei usikre tidene i 2015 – med permitteringar, oppseiingar og stigande arbeidsløyse gjorde sitt til at folk heldt hardare på lommeboka. Torsdag 8. januar 2015 melde lokalavisa at Eiken Bok & Papir AS avvikla drifta. Ei av dei mest tradisjonsrike forretningane i Ulsteinvik gav seg etter 54 år. Det var Arne J. Eiken som starta butikken i 1961. I 2012 tok Øystein Muren over som dagleg leiar, men bokhandelen Eiken Libris klarte ikkje å kome over kneika som no råka bokhandlarbransjen: – Det er trist, men samtidig er eg stolt over den bokhandelen vi har drive. Eg vil oppmode kundane om å ta vare på dei lokale butikkane som er igjen i regionen. Saknet etter dei kjem oftast ikkje før dei er borte, og då er det for seint, sukka Øystein Muren i intervju med Vikebladet Vestposten.
Alt dette er ein del av suksesshistoria Ulstein. Eit stikkord er geografisk plassering, sentralt på Ytre Søre Sunnmøre, vika med ei bra hamn og ein kompakt kommune med korte avstandar. Veksten av tettstaden Ulsteinvik kan forklarast med fleire faktorar, til dømes garden Vik og vika med nausta, buene og vorane; trafikknutepunktet Vikemyra og elvane med ressursar som vatn og kraft. At dei flytta kyrkja til Ulsteinvik i 1878, forsterka utviklinga, og Kyrkjegata vart ei sentral ferdselsåre gjennom bygda. Så kom gamleheimen (1889) og bedehuset og sentrumsfunksjonar med forretningar og buer, arbeidsplassar knytte til sjø og fiske, utleige av rom til arbeidarar og tenestefolk, ymse former for skyss, skysstasjon, gjestgiveri og post (Ulstein i hundre (2004), Nils Ertesvåg). Frå tida rundt 1905 og fram til 1930-åra ser vi fleire urbaniseringstrekk som understrekar og forsterkar Ulsteinvik som bygdesenter.