Så gjekk Hareid og Ulstein inn i ein ny runde med diskusjon om kommunesamanslåing frå hausten 2010 og utover dei næraste åra. Eit felles formannskapsmøte i september 2010 gjekk samrøystes inn for å søke midlar til å greie ut konsekvensane av ei samanslåing. Det skulle bli mykje fram og tilbake i månader og år utan at det kom noko resultat.
Den 15. juli 2009 vart avfallsplassen på Eidet lagt ned. SSR ville i 2010 starte med å tilbakeføre området til slik det ein gong var. Avfallsplassen på Eidet var opna i 1994, og i 2005 var SSR 25 år. På slutten av 1990-talet hadde SSR opna sortertingsanlegg for grovavfall i Saunesmarka. Litt etter kvart dukka ein ny idé opp; kva med å gjere den gamle grovavfallsplassen på Eidet til hageavfallsplass? Slik vart det, og slik er det den dag i dag.
Gangveg over Eidet var ei sak det hadde blitt snakka om i mange år. I februar 2009 fekk saka eit lyft. Etter påtrykk frå Oskar Grimstad (Frp) flytta fylkesutvalet gang- og sykkelvegen over på prioriteringslista si over strakstiltak. Men enno var det eit stykke fram. I starten av februar 2013 starta arbeidet med den 1,9 kilometer lange gangvegstrekninga over Eidet, frå Nevstad til Varleite. Mesta hadde vunne anbodskonkurransen og skulle gjere arbeidet for 17,4 millionar kroner. Med dette prosjektet ville Ulstein og Hareid også vere knytta saman for gåande, joggande og syklande. I vegen skulle også dei to kommunane knytast saman med ei vassleidning som ville gi dei to alternative vasskjelder i ei krise. Gangvegen vart offisielt opna i starten av november 2013 med ordførarane Anders Riise og Jan Berset som snorhaldarar, og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) som snorklippar. Gjerde hadde vore ein ivrig forkjempar av gangvegen over Eidet.
Idéen om eit bygg på og ved tomta til Ulstein samfunnshus såg dagsens lys rundt 2005-2006. I mars 2011 presenterte lokalavisa eit nytt trappetrinn i idéen: Ulstein Arena kunne om nokre år ligge der midt i sentrum med symjebasseng, idrettshall, bibliotek og klatrehall. Men først måtte kommunen på økonomisk friarferd til næringslivet. No hadde Lund + Slaato Arkitekter vunne konkurransen om Ulstein Arena. Dei hadde kalla forslaget sitt Next Level, og midt i mars 2011 var arkitektane i Ulsteinvik for å presentere teikningane for politikarar og næringslivsfolk. På den gamle samfunnshustomta mellom Kyrkjegata og Gjerdegata hadde arkitektane teikna eit bygg som ville få byen Ulsteinvik til å ta nye steg opp i divisjonane, slo lokalavisa fast. Totalt skulle bygget bli på 14.000 kvadratmeter, medrekna parkeringsplassar under jorda.
I oktober 2011 fekk dei nyvalde kommunepolitikarane i Ulstein saka i fanget, planane om ein kjempehall ved Ulstein vidaregåande skule. Med eit golvareal på 5000 kvadratmeter ville dette bli den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim. Lokalavisa slo fast at det kom til å bli litt av ein start for det nye formannskapet då dei møttest for første gong mot slutten av oktober. På sakskartet stod aktivitetsparken på Saunes, omsorgsbustader ved Sjøsida og ny idrettshall ved Ulstein vidaregåande skule. Den nye hallen var kalkulert til 77,5 millionar kroner og var tenkt som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, som eigde og dreiv UVS, Ulstein kommune og ulike lag og organisasjonar, særleg Hødd og Dimna IL, som begge hadde vore sentrale i planlegginga av hallen. Både Ulstein vidaregåande og idrettslivet i kommunen hadde etterlyst ein betre hall. No var planen å rive den gamle Ulsteinhallen, og byggje den nye så stor at han kunne vere eit regionanlegg for friidrett, og med det løyse ut 10 millionar kroner frå departementet. Det heile kunne såleis gjennomførast med relativt låge kostnader for kommunen.
Medan industrien gjekk på høggir, og servicenæringar, helse, omsorg og undervisning voks og fekk stadig fleire kvinneleg tilsette, gjekk det tilbake med tradisjonelle næringar i Ulstein. Ein statistikk frå 2010 (SSB) viste at over halvparten av dei registrerte jordbruksverksemdene i Ulstein og Hareid hadde blitt borte dei siste ti åra.
Den lokale høgkonjunkturen heldt seg også utover i 2008, sjølv om året etter kvart skulle føre med seg internasjonal finansuro. Arbeidsløysa var framleis på veg nedover. Odim i Hjørungavåg var eitt av selskapa som hadde vind i segla. Før 2008 var omme, runda selskapet 2 milliardar kroner i omsetning. Våren dette året fekk selskapet ein ordreinngang på over 500 millionar og sat på ein ordrereserve på over 2,1 milliardar kroner. Det var ny rekord. Dei gode tidene gav også feite opsjonar til Odim-toppane. Tre av dei hadde delt 35 millionar i opsjonsgevinst. Den største potten på 21 millionar kroner fekk konsernsjef Jogeir Romestrand som no var i ferd med å gjere seg rik på Odim-eventyret.
Trass i internasjonal finanskrise vart året 2009 det beste nokon gong i historia til Ulstein Group. Med ei omsetning på 3,6 milliardar kroner enda konsernet med eit driftsresultat på over ein halv milliard kroner. Konsernet delte ut heile 40 millionar kroner i bonus til medarbeidarane sine. Dei 800 tilsette kunne innkassere mellom 25.000 og 160.000 kroner kvar.
Lat oss ta med nokre av hendingane i næringslivet i Ulstein i åra frå 2010 og utover til 2015. Det var mellom anna stadig endringar i restaurantnæringa i Ulsteinvik. I januar 2011 var det slutt for Skibet, og Den gamle naboen flytta inn i lokala på Geileneset. Drivarane av Skibet argumenterte med at dei ikkje hadde tid til å drive utestaden. No var det Alex i Alex AS som tok over. Det var ikkje alt som kom til å gå etter læreboka i tida framover.
Vi må også sjå litt på nokre hendingar innanfor kultur, idrett og folkeliv. I løpet av 2010 var det klart for eit nytt arrangement i kult-bygda Flø: Kunstivalen Go with the Flø med utgangspunkt i galleriet til Hugo Opdal. Han hadde alliert seg med sterke kunstnamn, og det vart eit nytt stort publikumsinnrykk til den vesle bygda.
Nokre hendingar frå det vi kan kalle kyrkje og kristenliv set ditt preg på denne perioden. Frå og med 2014 skulle til dømes konfirmasjonen i Ulstein kyrkje flyttast frå mai til september. Det var eit fulltallig sokneråd bak vedtaket. Målet var å heve kvaliteten på konfirmantundervisninga.
Laurdag 2. desember 2017 var det stor opning av Ulstein Arena. Det møtte opp mykje folk. Kultursjef Leif Ringstad, som hadde arbeidd mykje med det store prosjektet, fortalde dei frammøtte at han hadde håpt på 500-600, men så kom det dobbelt så mange!
Sparebanken Møre opplyste i januar 2015 at 2014 hadde vore bankens beste år nokon gong. Årsresultatet etter skatt vart på 623 millionar kroner, ein auke på 38,4 prosent frå året før: – Klart vi er stolte, vedgjekk dei lokale banksjefane, Nina Holm Sundgot (Ulsteinvik) og Melinda Skeide (Hareid) i samtale med lokalavisa.
Folketalet i Ulstein hadde igjen vakse kraftig i dei ti åra mellom 2005 og 2015, frå 6795 til 8292, det vil seie 22 prosent. Men det var eit faktum at ein stadig større del av innbyggjarane var innvandrarar. I 2015 var 16,7 prosent av folket i kommunen innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, det vil seie 1385 personar. Slik vart også mange ulike livssyn og religionar representerte i Ulstein. Hausten 2015 var 569 innbyggjarar i kommunen registrerte i andre trus- og livssynssamfunn enn den norske kyrkja. Mellom desse hadde den katolske kyrkja 181 medlemer og pinsekyrkjelyden Filadelfia 71. Ved inngangen til 2016 var folketalet i Ulstein 8430, ein auke på 1,7 prosent siste året. I august dette året kunne kommunen slå fast at det var 1400 innbyggjarar med utanlandsk opphav i Ulstein, og dei representerte 72 nasjonar. Dette var nok ei av dei største forandringane av lokalsamfunnet dei siste femti åra.
Kommunevalet i 2015 gjorde Frp til det største partiet i Ulstein. Kanskje vart Ap og Høgre straffa av veljarane fordi partia hadde ivra slik for å realisere det påkosta Arena-prosjektet. Eit samarbeid mellom Frp, KrF, Venstre, Sp og SV gjorde Knut Erik Engh (Frp) til ordførar og Steinar Torvik (KrF) til varaordførar. Frp fekk 21,3 prosent av stemmene og 6 representantar, Høgre 21 prosent (5), Ap 19,7 (5), KrF 13,1 (3), Venstre 12,2 (3), Sp 7,7 (2), SV 3,4 (1) og Dei kristne 1,6 (0). Kommunestyret vart samansett av 17 menn og åtte kvinner. Magne Grimstad jr., som hadde vore ordførarkandidat for Ap, trudde at årsaka til at Ap og Høgre gjekk tilbake, var at desse partia hadde stått på for å realisere Arena: – Mange innbyggjarar er uroa for den høge gjelda i Ulstein kommune, og trur at vi ikkje tek bekymringar innover oss. Andre parti, ikkje minst Knut Erik Engh og Frp, har vore dyktigare til å målbere kor viktig det er å drive ein økonomisk ansvarleg politikk. Men eg vil minne om at Frp og dei andre partia har stemt for 1,3 milliardar av det totale gjelda i kommunen, sa Grimstad ifølgje lokalavisa.
Diskusjonen om kommunesamanslåing vart alt meir intens utover i 2015 og 2016. Fleirtalet mellom politikarane i Ulstein kommunestyre gjekk i januar 2016 inn for å halde ei rådgivande folkerøysting om kommunereforma, der også ungdommar skulle få røysterett.
Torsdag 8. januar 2015 var det offisiell opning av den nye, store Ulsteinhallen. Hallen hadde vore opna for aktivitetar før dette, men no skulle det formelle på plass. Først var det talar og omvising for dei mange aktørane som hadde vore involverte i prosjektet.
Ulsteinvik sentrum hadde utvikla seg mykje dei siste tiåra. Men tettstaden hadde fått sterkare konkurranse frå bygdebyane rundt på Søre Sunnmøre, og naturlegvis frå Ålesund og Moa. Dessutan var det skjerpa konkurranse mellom butikkar i Ulsteinvik. I tillegg hadde det vakse til mykje nytt næringsareal, og då tidene vart tøffare utover i 2015, 2016 og 2017, auka talet på ledige nærings- og butikklokale. Også i eit senter som Blåhuset såg publikum no fleire tomme lokale.
Midt i mars 2015 hadde prisen på Ulstein Arena kome opp i 268 millionar kroner. Kommunen hadde no fått inn tilbod på prosjektet, og kultursjef Leif Ringstad orienterte kommunestyret. I økonomiplanen var det budsjettert med 228 millionar kroner, og så skulle kommunen få 26 millionar i spelemidlar. Låneramma var 202 millionar. Kommunen måtte dermed løyve 21 millionar kroner meir.
– Det er ingen diskusjon lenger, spør du meg, vi må innføre eigedomsskatt, meinte rådmann Einar Vik Arset då han orienterte det nye kommunestyret om arbeidet med budsjettet for 2016. Rådmannen viste til at tidene hadde blitt trongare for næringslivet og at kommunen neppe ville få like gode inntekter dei neste åra. Dette var 4. året på rad at Vik Arset tok til orde for eigedomsskatt i Ulstein. Han meinte gevinsten første året ville lyde på vel 13 millionar kroner.