Asle Geir Widnes Johansen

374 treff

Av dei om lag 50 Amfi-sentera i landet var Amfi Ulsteinvik det senteret som hadde størst prosentvis auke i omsetninga i 2007. Amfi Ulsteinvik voks med meir enn 50 prosent frå året før. Også Blåhuset melde om ein god auke i omsetninga, trass i eit år prega av byggeaktivitet, stenging og omrokeringar. Eit nytt og større Blåhus skulle stå ferdig i løpet av våren. Fleire av forretningane utanom sentera kunne fortelje om god omsetningsauke i 2007.

Den siste nyttårskonserten i det første tiåret på 2000-talet vart halden på Sjøborg i 2009. Det gav arrangementet eit lyft og samla heile 850 tilhøyrarar til dei to framsyningane. Konferansier var Øyvin Sønnesyn, og dei to korpsa HDU og Ulf imponerte. Det same gjorde solistane Svein Erik Sagbråten og Tina Brandal. Dirigent var Kjellstein Knotten.

Torsdag 27. februar 2000 eksploderer ei nyheitsbombe: Over eit bilete av Morten Ulstein slår overskrifta over framsida på lokalavisa mot lesarane: «Byggjer offshorefartøy hos Langsten». Medan hundrevis er i ferd med å bli permitterte ved Ulstein Verft, averterer konkurrenten Langsten Slip & Båtbyggeri etter arbeidskraft. Verftet i Tomrefjord har fått oppdraget med å byggje eit offshorefartøy til 250 millionar kroner. Oppdragsgivar er mellom andre ulsteinselskapet Borgstein, der Morten Ulstein er ein av aksjonærane.

Kleven hadde kome på lokale hender. I januar 2000 vart det klart at investorgruppa, Kleven-familien, Harvest Elektro og Hareid Elektriske også kjøpte tilbake Kværner Florø: – Strategien vår har heilt sidan i fjor vår vore å kjøpe tilbake både verftet i Ulstein og det i Florø. Men lokalpatriotismen gjorde at vi satsa på Ulstein-bedrifta først, kommenterte John M. Kleven til lokalavisa.

Utover i 2001 tek Ulstein-samfunnet nye sprang. I slutten av mai 2001 gir politikarane skjenkeløyve til den nye restauranten Matlyst i 1. etasje i Convex-bygget. I tillegg til mat og drikke skal utestaden vere kunstgalleri med ambulerande utstillingar og delikatesseforretning. Sidan opninga sommaren 2001 presenterte Matlyst ei ny utstilling kvar månad. I desember kunne eigar og kunstmesen Bjarne Wærdahl by publikum kunstverk av Odd Nerdrum.

Planlegginga til Ulstein Verft gjekk sin gang. Midt i august 1999 var konsekvensutgreiinga klar, og saka kunne sendast ut på høyring. Det var ikkje småtteri. Her låg det føre planar om ei utbygging på fleire hundre millionar kroner på Osnes. Investeringane skulle sikre framtida for Ulstein Verft, men dei store bygningsvoluma ville få visuelle konsekvensar.

Kommunen sleit tungt med økonomien. Visst var der planar om kulturhus, men det var eit langt sprang frå ønske, behov og planar på den eine sida – til økonomisk evne på den andre. Du trong ikkje vere pessimist for å spå at planane om kulturhus lett kunne ende i ein skuff. Det var akkurat dette som skjedde i nabokommunen Hareid etter valet hausten 1999. I Ulstein var det i ferd med å gå same vegen, men så dukka Trekantsaka opp i 2003. Men alt i mai 1999 gjekk Idar Ulstein og John M. Kleven i gang med å samle pengar til kulturhus etter oppmoding frå kommunen. Målet var å samle inn 23 millionar kroner frå private og næringsliv. Då lokalavisa skreiv om saka, hadde 14 familiar, dei fleste med etternamn Kleven eller Ulstein, fått brev i postkassa med spørsmål om å bidra. Initiativet stranda – mellom anna fordi ikkje alle var nøgde med utkastet til teikningar som kommunen hadde presentert.

Trekantprosjektet har vore ei av dei aller viktigaste sakene i Ulstein kommune dei siste 50 åra. Vi kan slå fast at denne saka har kome til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune nye hopp i utviklinga. Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 15-20 år attende, vil vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. Men prosjektet møtte også motstand. Truleg var motstanden og diskusjonane med på å gjere sluttresultatet betre for innbyggjarane.

Den 21. juni 2000 vart Ulstein Vel skipa. Foreininga skulle arbeide for eit grønare og finare sentrum: – Det finst mange andre velforeiningar og grendelag i kommunen, men ingen for sentrum, poengterte initiativtakar Aase Ulla i samtale med Vikebladet Vestposten. Dersom Ulstein Vel fekk det slik som dei ville, skulle det bli parkar og grøne lunger i sentrum.

Alt i august 2001 lufta Trond Berg ideen han hadde fått, med enkeltpersonar han kjende og hadde tiltru til, mellom dei Kjersti Kleven: Ville det vere mogleg for SUFH å kjøpe hotellet i Varleite? Oppmuntra som han vart, gjekk han vidare med tankane sine til hotelleigarane og ein mann som Steinar Sivertsen Kulen. Også John Moldskred i konsulentselskapet Lorgen vart spurt om råd.

Den 14. november 2002 ryddar Vikebladet Vestposten framsida. Over eit stort bilde av Trond Berg lyser overskrifta: «Vil kjøpe Ulstein Hotell – og omskape det til folkehøgskule». Til avisa fortel Berg at han tidlegare på hausten hadde teke kontakt med hotelleigarane om idéen, og at dei no så smått hadde byrja å forhandle om saka. Han skulle same kvelden i møte med politikarar i Ulstein. Men han understreka at dei jobba parallelt med planane sine for Reiten. Nybygget der var kostnadsrekna til 28-30 millionar kroner. I den same avisa stadfeste ordførar Jan Berset (H) at han kjende til at det hadde vore drøftingar mellom leiinga ved folkehøgskulen og eigarane av hotellet.

Onsdag 8. oktober 2003 kallar rådmann Hans Jakob Sandanger inn til pressekonferanse for å legge fram konklusjonen sin. Dagen etter får lesarane det til morgonkaffien: «Lèt igjen døra for trekantprosjektet», er overskrifta på framsida av lokalavisa, som har illustrert oppslaget med ein alvorleg rådmann i ferd med å late att kontordøra si: – Prosjektet er godt, seier Sandanger til avisa, men ikkje mogleg for kommunen økonomisk. Han forklarer at økonomiplanen frå før ligg an til eit underskot på 11,6 millionar kroner det komande året. Då er ikkje trekantinvesteringane medrekna. Dei vil kome som ein ekstra årleg kostnad på 3,1 millionar kroner. Dermed hadde politikarane fått tala på bordet. Formannskapet skulle handsama Trekantsaka 16. oktober, kommunestyret 23. oktober.

Ved stortingsvalet hausten 2005 vart det regjeringsskifte, og den raud-grøne regjeringa med Ap, SV og Sp tok over under statsminister Jens Stoltenberg. Ytre Søre Sunnmøre vart det reine Frp-land. I Ulstein fekk partiet 25,4 prosent av røystene, Ap fekk 20,3, Høgre 19,3, KrF 16,9, Venstre 6,9, Sp 5,3, og SV 4,5.

I starten av juni 2008 opna miljøvernminister Erik Solheim for at Ulstein kunne tillate utbygging av den nye bydelen Sjøsida, som kommunestyret hadde godkjent i 2006. Det hadde vore ein lang prosess, og omsynet til fiskeriinteressene hadde vore ei viktig årsak til at dette drog ut i tid: – Det er jo ikkje slik at vi vil legge ned fiskerihamna. Vi har teke omsyn til fiskeria. Det er synd at det tok så lang tid, men i dag er det heilt supert, svara ordføraren på innspel frå lokalavisa.

I løpet av to månader på slutten av 2005 og starten på 2006 hadde Ulsteinvik fått to nye daglegvareforretningar, Lidl på Saunes og Meny i Amfisenteret på Brattøra. Frå månadsskiftet mars/april 2006 kasta Bunnpris seg inn i konkurransen. Butikken starta først i dei tidlegare lokala til Rimi midt i Ulsteinvik. Etter kvart flytta Bunnpris til Brattøra, der butikken held til i dag.

Hødd slo på stortromma før cupfinalen den 25. november og leigde eit større areal på Youngstorget i Oslo og sette opp ein teltlandsby som skulle stå frå fredag til søndag i den aktuelle veka. Klubben rekna med å vere vertskap for 10.000 til 15.000.

Så er vi inne i den siste perioden i dette historieverket, naturlegvis prega meir av hendingar enn analysar. Vi er med eitt i vår eiga samtid. Epoken gir oss ikkje lenger avstand. I dette hovudkapitlet har vi raudgrøn regjering fram til 2013. Då tek Erna Solberg over med ei regjering utgått av Høgre og Frp, og med Venstre og KrF som støtteparti. Høgre fekk flest stemmer i Ulstein under stortingsvalet i 2013 med 33,1 prosent. Frp oppnådde 19,2 prosent. Ap enda på 18,5 prosent i kommunen. I Hareid var Oskar Grimstad (Frp) klar for den andre perioden sin på Stortinget.

Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.

I september 2011 var det klart for nytt kommuneval. Ein koalisjon mellom partia Høgre, Frp, Venstre og Sp la kabalen i Ulstein og kåra Jan Berset (H) til ordførar og Knut Erik Engh (Frp) til varaordførar. Jan Berset hadde bak seg fem periodar i Ulstein kommunestyre, to av dei som ordførar. Den førre ordførarperioden hans vart avslutta i 2003.

Det var optimisme mellom folk då 2010 gjorde inntoget sitt til Ulstein i starten av januar. Rett nok krumma den maritime næringa ryggen mot det dei frykta kunne bli eit uvêr, men dei fleste næringslivsleiarane var optimistiske, og kulturlivet blomstra. Det same gjorde innbyggjartalet i Ulstein med heile 409 nye innbyggjarar i 2009 og 7461 innbyggjarar i kommunen ved nyttår 2010.