Så kom den tyske teologen Martin Luther (1483-1546). Han var munk og vigd til prest, men levde det meste av livet sitt som professor i teologi ved universitetet i Wittenberg. I 1517 skal han ha publisert 95 læresetningar (tesar) med kritikk av avlatshandelen i pavekyrkja.
Dette festskriftet skal handle om heile historia til Ulstein kyrkje, ikkje minst fordi det har gått 170 år sidan lynnedslaget i den gamle kyrkja på Ulstein. Dei innvigde den nye kyrkja i mai 1849. Men før vi nærmar oss dei siste 170 åra, skal vi sjå på forhistoria.
Ein morgon i november 2012 vakna eg med ein song på leppene. Det gjer eg ikkje så ofte. Men denne gongen merka eg at eg hadde smilt i søvne; langt inn i den drøymande medvits-løysa slo smilet inn og vekte meg. Ei stripe lys seiv inn mellom gardinene, og biletet frå songen stod tydeleg for meg: Sisyfos!
Fotograf Olaf Storegjerde hadde sitt virke på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i ein periode på over 50 år, frå omkring 1904 til 1957. Fotoarkivet etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistorisk materiale over dette området. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda. Dei eldste bileta i samlinga er frå Trondheim, datert 1903, og frå Ålesund i tida rett etter brannen i 1904. Dei siste bileta er frå 1957 – då Storegjerde mellom anna fotograferte konfirmantkullet i Ulsteinvik.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
Frå skrivepunktet er det 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik voks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse.
Då Ulstein Sanitetsforeining samlast til årsmøte på Sundgot bedehus i februar 1980, hadde medlemstalet kome opp i 2051. Det var sanitetskvinnene i Hasund som stod for det praktiske opplegget, og dei kunne ønskje deltakarar frå heile kommunen velkomne til eit festpynta lokale, i alt over hundre aktive sanitetskvinner. Gyda Breivik ønskte velkomen, Karin Ertesvåg talte, Liv Ertesvåg las dikt og Kristian Ertesvåg hadde to songavdelingar til tonefølgje på piano av Sverre Ottesen. Marie Breivik var leiar for Ulstein Sanitetsforeining.