Magne Grimstad var lærar og rektor og gjorde ein omfattande innsats for å bygge opp speidararbeidet i Ulstein. Han verka og som kordirigent. Han har også vore ein svært aktiv skribent i lokalavisa.
Ulstein kommune hadde eit skrikande behov for barnehageplassar då den kommunale Skollebakken barnehage opna dørene i oktober 1984.
Med den mangelen på mat og klede som etter kvart rådde i krigsåra, vart kvinnene stilte på store prøver. Det gjaldt å vere oppfinnsam når ein skulle få den vesle maten som ein hadde greidd å skaffe, til å vekse på matbordet og mette dei svoltne munnar. Mykje av slitet til kvinnene viser det lite og ingen ting att av. Kleda dei sydde om – og om igjen, vart til slutt så utslitne at fillene ikkje lenger var verdt å samle på. Men kvinnene måtte ofte stå på frå morgon til kveld.
Skipsverfta i regionen starta 2006 med over sju milliardar kroner i ordreboka. Fleire hadde byrja å snakke om at ordrefesten snart ville vere over. Men forskingsleiar Oddmund Oterhals ved Møreforsking trudde ikkje på noko krakk. Bodskapen hans var at verfta ville ha god ordreinngang i fleire år framover. Slik vart det. Ordrane strøymde inn. Ulstein hadde tre milliardar i ordrereserve, Kleven to milliardar. Dette skulle auke. Ulstein teikna til dømes ein kontrakt med Olympic på 1,3 milliardar i desember dette året. Ein større boom hadde den lokale skipsindustrien aldri opplevd. No investerte Kleven også i bedding og ny hall. Ikkje lenge etter tinga Rem Maritime to nye skip ved Kleven.
Politikarar og kommuneadministrasjon i Ulstein var i 1970 for lengst samde om å flytte linja for indre hamn i Ulsteinvik lengre ut mot marebakken, fylle ut og vinne meir land. Utfyllinga skulle også gjelde inn mot Saunes. Utfyllinga i sjøen i Ulsteinvik la til rette for ei omfattande utvikling og endring av Ulsteinvik sentrum. Ein god del av massen kom frå Hatlø-verkstaden som tidleg på 1970-talet skaut ut ei stor dokk.
To veker før jul i 2015 var heile 24 skip i offshoreflåten på Ytre Søre Sunnmøre lagde i opplag. Skipsreiar Åge Remøy såg ikkje lyst på situasjonen då han kommenterte saka til Vestlandsnytt: – Vi er i ferd med å legge eit vanskeleg år bak oss, men eg trur vi får det endå tøffare i 2016. Oljeprisen går feil veg, og aktiviteten vil ikkje auke. Så eg kan ikkje sjå noka lysning i året som kjem. Krisa som næringa står oppe i, er truleg den verste nokon gong, meinte Remøy.
Kleven hadde kome på lokale hender. I januar 2000 vart det klart at investorgruppa, Kleven-familien, Harvest Elektro og Hareid Elektriske også kjøpte tilbake Kværner Florø: – Strategien vår har heilt sidan i fjor vår vore å kjøpe tilbake både verftet i Ulstein og det i Florø. Men lokalpatriotismen gjorde at vi satsa på Ulstein-bedrifta først, kommenterte John M. Kleven til lokalavisa.
Trass i internasjonal finanskrise vart året 2009 det beste nokon gong i historia til Ulstein Group. Med ei omsetning på 3,6 milliardar kroner enda konsernet med eit driftsresultat på over ein halv milliard kroner. Konsernet delte ut heile 40 millionar kroner i bonus til medarbeidarane sine. Dei 800 tilsette kunne innkassere mellom 25.000 og 160.000 kroner kvar.
Misjonsrørsla var ei folkerørsle, boren av folket med grupper av vedkjennande kristne til kjerne. Det var i hovudsak ei lekmannsrørsle, men rørsla hadde sprunge ut av kyrkjelege miljø og vart verande sterkt knytt til kyrkja. Presten heldt misjonsgudsteneste ein eller fleire gonger i året, og kyrkja var samlingsstad for fellesmøta i distriktet.
Den 9. april 1940 var nokre karar på Hofset i Ulstein i ferd med å legge nytt nevertak på eit hus; dei såg ut Ulsteinfjorden mot Vattøya og til havs. Dei oppdaga ein flåte sigande inn fjorden; fiskarar som følgde vårsilda. Knut Eikrem var om bord i MB Hod av Ulsteinvik. Klokka sju om morgonen skulle dei til å kaste. I det bestmannen skulle gi ordren «lat nota gå!», kom skipperen ut frå bestikken: – Ikkje kast, Noreg er i krig. Fleire båtar som var i ferd med å håve inn frå store steng, slutta av og sleppte resten. Karane på Hofset-taket vart mållause då dei såg flåten setje stimen opp og forlate feltet.
Samtidig gjekk det for seg eit arbeid i Ulstein for å sikre ei framtidsretta vassforsyning. Kommunen ville hausten 1980 fremje oreigningssak for å få hand om Mosvatnet som drikkevasskjelde. I januar 1981 gjekk generalplanutvalet i Hareid imot avhending av vatnet: – Mosvatnet er ein ressurs som ligg i Hareid kommune, og generalplanutvalet vil ut ifrå det gå sterkt imot at denne ressursen blir tildelt andre kommunar. Om lag samtidig godkjende Statens Institutt for Folkehelse (SIFF) Mosvatnet som vasskjelde.
Kring 1935 er det framleis nokre tvangsauksjonar, men dei synest å vere minkande. Enno søkjer folk om ettergiving av skatt og nedsetjing av rente, framleis må familiefedrar dra på naudsarbeid. Men det merkast ein snunad. Ein forsmak på dette finn vi i Vikebladet 8. september 1933. Då melder avisa om at dei mekaniske verkstadene i Ulstein no ei tid har hatt mykje arbeid både med ishavsskuter, damp- og motorbåtar. I det heile har det vore jamnare og betre om arbeid enn i 1932.
I juni 2000 startar eit intermesso med møbelsatsing i Ulsteinvik. Bjarne Wærdahl og Einar Kristensen frontar saka i lokalavisa. Møbelcentralen skal no bli til Bohus Møbelland Ulsteinvik. Gjennom selskapa sine Convex og Bakkely Invest hadde dei nettopp kjøpt Bohus Møbelland-varehusa i Ørsta og Ålesund. Hareidingen Jarl Andersen var påtenkt rolla som dagleg leiar for Møre Møbelland.
Kommunen sleit tungt med økonomien. Visst var der planar om kulturhus, men det var eit langt sprang frå ønske, behov og planar på den eine sida – til økonomisk evne på den andre. Du trong ikkje vere pessimist for å spå at planane om kulturhus lett kunne ende i ein skuff. Det var akkurat dette som skjedde i nabokommunen Hareid etter valet hausten 1999. I Ulstein var det i ferd med å gå same vegen, men så dukka Trekantsaka opp i 2003. Men alt i mai 1999 gjekk Idar Ulstein og John M. Kleven i gang med å samle pengar til kulturhus etter oppmoding frå kommunen. Målet var å samle inn 23 millionar kroner frå private og næringsliv. Då lokalavisa skreiv om saka, hadde 14 familiar, dei fleste med etternamn Kleven eller Ulstein, fått brev i postkassa med spørsmål om å bidra. Initiativet stranda – mellom anna fordi ikkje alle var nøgde med utkastet til teikningar som kommunen hadde presentert.
Nils Skotheim var elverksjef i Ulstein frå 1968 til 1991 og var pådrivar for å skaffe kommunen eit moderne og sikkert kraftforsyningsnett. Nils kom opphavleg frå Steinshamn på Harøya.
Ole Larsen hadde i om lag to år leigt røykeriet til Ludvik Moldskred i Haddal då han bestemte seg for å utvide drifta hausten 1935. No hadde han kjøpt tomt til eit nytt røykeri i forlenginga av bygget til Moldskred. I bygget skulle det setjast inn seks omnar. Til saman hadde røykeria til Larsen no 14 omnar. Han selde også klippfisk. Det nye røykeriet ville ha arbeid til fem-seks mann. Då Vikebladet skreiv om saka, hadde Larsen ikkje mindre enn 100 tonn sild som venta på røyk.
I januar 1932 har «ein fiskar» eit innlegg i Vikebladet, der han tek opp det urettvise i at enkelte med tilsynelatande god økonomi ikkje betaler skatt: – Me treng ikkje gå lenger enn til siste likning. Her står handelsmenn, handelsbetjent, telefonbetjent, skipsreiarar, skipperar og hotelleigar med null i inntekt og sjølvsagt då null i skatt. Kva seier de om ei slik likning? Men sjå så på ein stakkars fiskar eller arbeidar. Dei har frå 100 til 200 kroner i skatt endå dei har ein stor barneflokk som dei skal forsørgje, og kanskje sit trongt i det på mange måtar.
I lokalavisa skriv redaktøren på leiarplass at Ulstein no ser konturane av ei ny arbeidsform som vil bli meir og meir vanleg i åra som kjem, nemleg eit samarbeid mellom private investorar og kommune. Den dagen saka skal avgjerast i kommunestyret, slår avisa fast at dette er ein sjanse Ulstein må gripe. Samtidig er fleire avisdebattantar ute og åtvarar.
Så gjekk Hareid og Ulstein inn i ein ny runde med diskusjon om kommunesamanslåing frå hausten 2010 og utover dei næraste åra. Eit felles formannskapsmøte i september 2010 gjekk samrøystes inn for å søke midlar til å greie ut konsekvensane av ei samanslåing. Det skulle bli mykje fram og tilbake i månader og år utan at det kom noko resultat.