Den 9. april 1940 var nokre karar på Hofset i Ulstein i ferd med å legge nytt nevertak på eit hus; dei såg ut Ulsteinfjorden mot Vattøya og til havs. Dei oppdaga ein flåte sigande inn fjorden; fiskarar som følgde vårsilda. Knut Eikrem var om bord i MB Hod av Ulsteinvik. Klokka sju om morgonen skulle dei til å kaste. I det bestmannen skulle gi ordren «lat nota gå!», kom skipperen ut frå bestikken: – Ikkje kast, Noreg er i krig. Fleire båtar som var i ferd med å håve inn frå store steng, slutta av og sleppte resten. Karane på Hofset-taket vart mållause då dei såg flåten setje stimen opp og forlate feltet.

Norske sjøfolk var spreidde over mange hav den 9. april 1940. I alt var det 29 mann frå Ulstein, medrekna selfangarane. Skutene i Vestisen gjekk etter kvart til Svalbard. Det var ein diskusjon om kva dei skulle gjere vidare. Men det enda med at alle reiste heim til Noreg.

Den 10. april kom mobiliseringsordren frå IR 11. Dagen etter samla bygdefolk seg på kaia. Rutebåten Nordfjord skulle føre ulsteiningane første del av reisa. Mange av dei var gifte menn, og konene følgde dei til kaia. Der stod også sokneprest Sverre Nilsen. Det var ikkje alle som skulle møte første dagen. Fleire av dei som deltok i aprildagane, reiste ikkje frå Ulstein før nærare 20. april. Men den første mobiliseringsdagen steig soknepresten opp på eit oljefat og talte til dei som hadde samla seg. Så velsigna han dei som skulle reise, før han stemde i med «Gud signe vårt dyre fedreland» og fekk alle med seg. Kvinner gret, og mange vart prega av stunda for alltid. Rutebåten Nordfjord gjekk med sløkte lanterner til Sjøholt, der ei rad bussar førte soldatane vidare til Vestnes, og så med ferje til Veblungsnes og Åndalsnes, der dei fekk oppleve dei første tyske flybombene.