– Det som særprega desse krigsåra, var det gode forholdet mellom naboar og arbeidskameratar. Den felles lagnaden førte til eineståande samhald og hjelpsemd. Trengselstida sveisa folk i hop, også på arbeidsplassane, fortalde disponent Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i eit intervju (d. 1983), gitt att i Vikebladet i 1995.
Tyskarane førte ikkje direkte oppsyn med industribedriftene i Ulstein. Men det lokale arbeidslivet fekk som regel merke krigen på ein heilt annan måte: Den stadige mangelen på materialar. Leif Hatlø fortalde: – Etter kapitulasjonen kom verkstaden litt etter litt i gang att. Folk ville gjerne ha reparert båtane sine, både skrog og maskiner. Etter kvart fekk vi til dels mykje å gjere. Då melde materialmangelen seg. Det var streng rasjonering på alle viktige varer. Du måtte søkje om å få tildelt stål, tre, måling med meir. Søknadene skulle gå gjennom norske styresmakter, men det var likevel tyskarane som avgjorde det heile til sjuande og sist. Det hende vi fekk avslag, og då gjaldt det å vere oppfinnsam.
Til måling kokte vi fiskelever og brukte det i staden for olje. Mange hus og båtar vart måla med slikt. Det var ein gammal tradisjon å bruke tranmåling, men du kan ikkje seie at det lukta godt. Verst var likevel mangelen på jernplater og profilar. Litt fekk vi tildelt, men det rakk ikkje så langt. Hos skraphandlarar kunne vi finne ymse som kunne brukast.
Leif Hatlø kunne ikkje hugse at verkstaden hadde eit einaste direkte oppdrag frå tyskarane: – Vi hadde kanskje ein del grensetilfelle, mindre fraktebåtar som vart drivne av eigarane sjølve, men som gjekk i fraktfart for tyskarane. Mange var interesserte i å tene pengar. Men vi hadde også tilfelle som Mathias Myklebust som åtte Erkna. Erkna vart ferdig frå verkstaden i 1941, og vart med det same rekvirert av tyskarane til fraktfart. Myklebust saboterte det han kunne, og seinare på hausten gav han frå seg båten til Englandsfart.
Hatlø Verksted hadde kring 60-70 tilsette ved krigsutbrotet. I 1941/42 var talet auka til ein stad mellom 80 og 100 mann. Mange fekk romsleg med kontantar av den grunn at det var vanskeleg å skaffe varer å bruke pengane på. Det var tydeleg at dei som hadde båtar, sytte for å halde dei i god stand – så sant det var mogleg å skaffe nødvendig tilfang.
Ved juletider i 1941 vart Leif Hatlø arrestert og sat i fengsel i 11 månader. Det var ein angivar som hadde meldt frå at verkstaden hadde reparert ein båt som hadde reist over til England.