Det fanst to grupper som særleg måtte kjempe for meir enn nasjonen og meir enn maten: Lærarane og prestane. Frå første stund hadde dei nye makthavarane prøvt å få til ei politisk og åndeleg omvending, ei nazifisering av nordmennene. Den omskipinga som tyskarane såg for seg, skulle gripe djupt inn både i barneoppsedinga og undervisninga. Den som ikkje var med, var imot! Den 25. september 1940 utnemnde Terboven sine kommissariske statsrådar som skulle presse gjennom omskipinga, eller nyordninga. Slik sett var det stor skilnad på Noreg og Danmark.
Regjeringa i Danmark hadde 9. april 1940 gått med på dei tyske krava om okkupasjon, men hadde fått til ein avtale om at Tyskland berre skulle okkupere landet militært. Danmark skulle få halde på sitt indre sjølvstyre som eit fritt og demokratisk samfunn. Denne avtalen verka i stor grad som ein barriere mot politisk og åndeleg okkupasjon. I Noreg var det ingen slik barriere, for landet hadde i april valt krigen og hadde tapt. Folket var deretter prisgitt Terboven og mennene hans.
Gjennom dei kommissariske statsrådane byrja så Terboven det vi kan kalle det politiske felttoget i Noreg. Mellom anna prøvde dei å nazifisere idrettsorganisasjonane. Det førte til idrettsstreik som varte krigen ut. Idrettslaga, mellom desse IL Hødd, låg nede i desse åra.
Samstundes prøvde tyskarane å nyordne skulen og kyrkja. I desember 1940 kom det krav frå Innanriksdepartementet til alle lærarar om ei lojalitetsfråsegn til den nye tida. Men då var lærarane stort sett budde på kva dei skulle svare, lærarorganisasjonane hadde lukta lunta og sendt ut formular som lærarane skulle ta i bruk. Formularet understrekar det å vere tru mot samvit og lærarkall. I juni 1941 vart leiaren i lærarlaget avsett og erstatta med den kjende nazisten Orvar Sæther. Mange lærarar, mellom dei alle i Ulstein, melde seg ut av laget. Sunnmøre krins braut så samarbeidet med nasjonallaget. Den hemmelege leiinga på Sunnmøre sette lærar Ole Vik i Ulstein til tillitsmann for lærarane i Hareid, Ulstein og Herøy. Seinare fekk Hareid og Herøy sine eigne tillitsmenn.
Den 5. februar 1942 skreiv Quisling under på to lover som skulle intensivere nazifiseringa. Den eine var retta mot lærarane. Dei skulle no tvingast inn i det nyoppretta Norges Lærersamband, alle som ein. Mange lærarar vart redde. Mange var gifte og hadde born. Dette var enno medan Tyskland såg ut til å sigre på alle frontar. Samtidig hadde lærarlagsfolk bygt opp Lærarfronten, som motvekt. Det styrkte motet hos dei som kjende seg pressa. Ei god støtte for Ole Vik i dette motstandsarbeidet var Karl Alme. Alme var formann i skulestyret. Nazifiseringa vart følgt opp med trugsmål mot dei som sette seg imot. Fredag 20. mars vart 1100 lærarar arresterte og sende til konsentrasjonsleirane Grini eller Falstad. Mellom desse var tre frå Ulstein, Johannes Ulstein, Johan Halkjelsvik og Ole Leinebø. Frå Hareid vart Hans Røyset send.