Ragnar Ulstein var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Våren var still og vakker då bilen svinga opp gardsvegen og inn i tunet der mora og faren stod. Trykte handa deira utan å få fram eit ord, steig i ørske opp steintrappa og inn i stova. Alt var kjent, alt var godt.

Dagen etter var det 17. mai. Det var den største dag i Ulstein-historia. På fortaua og i bakkeskråningane langs togruta stod ein like stor skare som hadde vore med på å gjere bygda trygg. På Fredheim, i kyrkja og på bedehusa, på forsamlingshusa i Dimna, Flø, Haddal og Eiksund hadde den ånda som stod nazismen imot, levd i fem okkupasjonsår, skriv Ragnar Ulstein.

På bilde ser vi Ragnar Ulstein tale i Volleskogen for Ulsteinfolket på 17.mai 1945.

Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.

Men alt i middagstida dagen før, måndag 7. mai, hadde det byrja å gå rykte i Ulsteinvik om at freden endeleg var i kjømda. I 17.30-tida kom bodskapen i Rikskringkastinga. Like etter gjekk dei første flagga til topps. Ifølgje Vikebladet vart det ikkje noka allmenn flaggheising denne dagen. Men stemninga steig mellom folk etter kvart som nyhendemeldingane kom utover kvelden. Dagen etter var det heile offisielt proklamert, og kyrkjeklokkene tok til å kime frå klokka sju til åtte om morgonen. Då gjekk flagga til topps. Eit slikt vell av flagg hadde ingen sett i Ulsteinvik før. Utover formiddagen strøymde folk ut i gatene i sentrum; smilte og gratulerte kvarandre – ofte med trauste handtak.

Det skulle bli ein vakker dag. Vêret vart mildare og meir solrikt til lenger det leid på dagen. Bygda synte seg frå si beste side; grøne bøar, nysprungen bjørk, vårblomster i hagane, solbrisen blakra i raudt, kvitt og blått. Samtidig mobiliserte heimestyrkane. Mange kunne knapt tru det dei såg. Avdelingar som berre hadde eksistert i små celler, no var dei alle i gang med å utføre instruksane dei hadde fått. Dei skulle sikre ein fredeleg overgang frå krig, halde ro og orden – og arrestere nazistar og angivarar. Knapt nokon stad var undringa større enn i Ulstein, fortel krigshistorikaren Ragnar Ulstein. Utanom Ålesund hadde denne bygda den største HS-styrken på Sunnmøre. Med dei som vart rekrutterte 7. og 8. mai, talde avdelinga under områdesjef Olav Saunes rundt 100 personar. I tillegg kom kontaktar i Ulstein og andre bygder på Ytre Søre. Styrken var uniformert i grå kjeledressar produserte av Devolds Fabrikker i Langevåg. Seinare fekk dei britiske uniformer. HS-armbindet viste at dei var ein del av den kongelege norske hæren. Transportgjengen i Ulstein hadde i vekevis hatt hard og farleg teneste. Mange hadde ikkje hatt ei skikkeleg natts søvn. Dei fekk like hardt køyr no. Men skilnaden var likevel stor: Det var fred!