Lokalavisa Vikebladet var som alle andre offentlege aviser under kommando. Redaktør Johs. Thorkildson ordna det tilsende stoffet og redigerte det stort sett i samsvar med direktiva han fekk. Vi har få kjelder som kastar lys over tilhøva mellom Vikebladet og den tyske sensuren.

Pressabteilung hadde mellom anna sine folk på sentrale tenestestader i Wehrmacht. Vikebladet fekk føling med ein dr. Thomsen som var ved Reichskommissars Dienststelle i Trondheim. Han hadde tittelen pressereferent. Lokalavisa kom til å kjenne han som politimann. Ragnar Ulstein gir att innhaldet i det første brevet han sende til Vikebladet i desember 1941. Der slår Thomsen fast at redaktøren hadde forsømt å trykkje meldingane frå den tyske overkommandoen i samandrag i kvart nummer. Ordren var å framstille meldingane som eit vekesoversyn – sidan avisa kom berre ein gong i veka. I brevet åtvarar Thomsen redaktøren og oppfordra han til kvar veke å gi lesarane ei utførleg oversikt over hendingane ved dei ulike krigsskodeplassane i kvar avis. Brevet blir avslutta slik: «Skulle De halde fram med ikkje å gjere dette, vil eg be Reichskommissar om å setje i verk tvangstiltak mot Dykk. Eg ventar svar på dette brevet innan 15. desember 1941.»

Vi har ikkje Thorkildsons svar til dr. Thomsen. Etter dette kjem avisa med tyske kommuniké, men oftast nokså korte og med overskrifta på ei spalte og ei linje. Tyskarane var nok ikkje nøgde, for i heile april 1942 kom Vikebladet og Vestlandsnytt ikkje ut. Det kom fort for ein dag at dei to avisene var blitt stansa ein månad som straff for at dei ikkje hadde referert statsakta på Akershus den 1. februar godt nok. Det var då Terboven hadde utnemnd Quisling til ministerpresident i spissen for ei «nasjonal regjering».

Seinare dette året følgde det fleire skarpe brev til redaktør Thorkildson frå dr. Thomsen. Han var slett ikkje nøgd med korleis avisa handterte det tilsende politiske stoffet. Visst var det knapt om papir. Avisene fekk merke mangelen. Den første utgåva i 1943 hadde Vikebladet berre to sider. Her tek NS-stoffet mesteparten av plassen. Referata frå fleire jule- og nyttårsfestar har fått berre ei halv spalte. Det var om lag same plassen som nyårshelsinga frå Hitler til Quisling fekk. I bladet var det også gitt plass til eit telegram frå Göring til Terboven. Truleg var Thomsen meir fornøgd med avisa no, sjølv om dei tyske krigsmeldingane gjekk under den inkjeseiande tittelen «Tysk kommuniké».