Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færingane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.
For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:
– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.
Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.
Då underteikna fekk spørsmål frå historielaget om eit tema til årets «Levd liv» hadde eg allereie ein idé om ein artikkel. Eg kunne tenke meg å skrive om skipsdesignet UT-704. Eg hadde allereie gjort ein del undersøkingar, og eg meiner at dette skipsdesignet var eit kvantesprang i høve til andre offshorebåtar som var levert frå norske verft fram til 1975. Oljeselskapa hadde aukande krav til effektivitet når riggar skulle flyttast og anker handterast. UT-704 var eit godt svar på krava, og difor vart båtane med dette designet ein stor suksess.
Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.
Dei som har budd i Ulstein i nokre tiår kan ikkje ha unngått å ha lagt merke til Åshild Sivertsen i Ulsteinvik, ei lettbeint dame anten på sykkel, eller trippande på sin særeigne måte fram og tilbake mellom bustaden sin på Sauneset og sentrum i Ulsteinvik. Før ho sjølv vart pensjonist, brukte ho oftast sykkel med korg for å frakte varene sine frå lageret i sitt eige hus på Saunes til butikken i sentrum av Ulsteinvik.