I mars 1930 kjem følgjande melding i Vikebladet: – Dei dårlege tidene som no gjer seg gjeldande over heile verda, blir prega av veldig nedgang i kjøpeevna. Det blir klaga i dei fleste bransjar over at publikums kjøpeevne sviktar, lagera blir overfylte og produksjonsstans og arbeidsløyse følgjer.

Lokalavisa refererer også til eit fransk provinsblad som hadde teke til orde for å stryke eller lette krigsgjelda til Tyskland – særleg med tanke på den framveksande nasjonalismen i landet. Tyskland hadde no over 6 millionar arbeidslause. Hitler hadde enno ikkje kome til makta. Men det hadde han våren 1934, og då var arbeidsløysa komen ned i 2,8 millionar.

Folket i Ulstein følgde med i det som prega tida; ei internasjonal økonomisk krise og eit Tyskland som hadde valt diktaturet, og som tyrsta etter revansje for nederlaget i 1918. I ein leiar i første utgåva i 1932 ser Vikebladet tilbake på dei lokale tilhøva i året som har gått. Det har vore tungt: – Mange sleit hardt og leid vondt i 1931. Inntektene var små; det måtte spinkast og sparast på alle baugar, og mang ein sår trong måtte ein skyte ei kvit pil etter. Men folket har vore tolmodig i alle desse åra, har bøygt seg og tagt og vona at neste år blir betre.