Kanskje var 1933 det verste året. Då slo både Lofotfisket og torskefisket på Møre feil. Båtane frå Hareidlandet dreiv også fiske i fjernare farvatn, til dømes sildefiske ved Island. Dette kunne til ei viss grad kompensere for svikt i andre fiskeri. Men også prisane på sild og anna fisk var låge desse åra. I april 1935 rykte presten Hjalmar Storeide ut med ein stor artikkel i Sunnmøre Arbeideravis: «Brems fiskinga!» Han meinte at fiskerikrisa var ei overflodskrise. Det var overflod på fiskarar: – Skaff jord til alle som vil dyrke ho. Gjer den udyrka jorda til allemannsland, var rådet frå Storeide (Rabben 1978).
I Ulstein levde mange, som vi har sett, i ein kombinasjon av jordbruk/småbruk og fiske. Dette gjorde at feilslått fiske ikkje fekk så dramatiske følgjer som for dei som levde berre av fisket. Men for menneske som frå før hadde stram livreim, gjorde det vondt å stramme endå meir. For å hjelpe på situasjonen kunne kommunen som nemnt vende seg til staten og søkje om tilskot til naudsarbeid. Ulstein nytta seg av dette i fleire år utover på 1930-talet.
Den nyskipa Ulstein Sparebank (1927) vurderte nøye kva lån han skulle ta over frå den likviderte Ulstein off. Sparebank. Ledig kapital kunne såleis plasserast i sikre lån. Basert på erfaringane frå bankkrisa på 1920-talet var styret svært nøye med at alle låna var sikra med fullgod pant. Difor vart nokså mange lånesøknader avslegne. Men til hjelp mot sjukdom og til utdanning var det lettare å få lån. Der hadde banken ei nokså raus linje. Utover på 1930-talet strøymde lånesøknadene til banken. I dei fleste tilfelle gjaldt det små summar. Det ser ut som om mange av søkjarane har kome opp i akutte situasjonar som det gjeld å kome seg ut av. I slike tilfelle presiserer bankstyret at det er kortsiktige lån.
Spørsmålet om skatt og sjølvmelding var ugreitt for vanlege folk, ikkje minst utover i det kriseprega 1920-talet. For mange var det tungt å betale skatten, og det var krevjande og innfløkt å skrive sjølvmeldinga. I dagboksnotata til lærar Johan Bjørndal ser vi at han rett som det er hjelper folk med å skrive sjølvmelding. I januar og februar 1924 har Bjørndal fleire slike oppdrag. Der står ingen ting om betaling. Det tok han neppe; han var skrivekunnig, hadde kunnskap og kunne hjelpe. Når vi går inn i 1930-åra, ser vi at spørsmålet om skatt står sentralt i arbeidet til kommunestyret. Mange innbyggjarar klarer ikkje å betale.
Våren 1931 får Hareid og Ulstein ny lensmann, Bernhard Harkjerr. Lensmann Moldenes går av. Harkjerr får hendene fulle av tvangsauksjonar. I lokalavisa blir dei annonserte, ofte fleire i kvar avis. Samtidig får kommunestyret ein straum av søknader om skattelette eller ettergiving av skatteskuld. Mange vil også ha støtte til søknader om rentenedsetjing i Hypotekbanken. Norges Hypotekbank var ein statleg bank som først og fremst skulle hjelpe jordbruket. No var det fleire bønder som sleit tungt.
I juni 1931 presenterer Vikebladet eit reknestykke over kva prisar bonden får, og korleis dei har utvikla seg. I 1921 fekk han 158,25 kroner for eit parti egg, kjøt, flesk, smør, havre, høy, poteter og bjørkeved. I 1930 var prisane minka til 60,17 kroner. For ein industriarbeidar var middeldagslønna 18,58 kroner i 1921, 14,15 kr i 1924, 12,17 kr (1927) og 11,59 kr (1930).
Vi veit at tilhøva i jordbruket varierte frå landsdel til landsdel. Særleg på Austlandet, der bøndene hadde investert ein god del, vart det mange tvangsauksjonar. I Ulstein var mykje av jordbruket meir som naturalhushald å rekne i høve til dei store jordbruksdistrikta. Derfor var her også mindre investeringar og lågare gjeld – og ikkje så mange konkursar. Om mange småbrukarar sleit tungt, var likevel jordbruket ei god hjelp for folk i våre bygder – når forsytaren elles var utan inntekt.