I mai 1938 skriv Sunnmørsposten: – Det kommunikasjonsmøtet som vart halde i Ulsteinvik førre veke, har krav på merksemd frå styresmaktene. Der møtte sendemenn både frå Herøy, Ulstein og Hareid. Bak desse står eit folketal på 9-10.000 menneske. Næringslivet i desse kommunane vender seg utetter; fiske, fangst og ein industri som har teke seg godt opp dei siste 20 åra. Alt dette er yrkesgreiner som krev godt rutesamband, snøgg postgang og godt telefonsamband bygdene imellom og utetter.
Grunnstammen i kommunikasjonane i dette distriktet har vi alt: båtruta Ålesund-Hareid og bussruta Hareid-Ulsteinvik-Larsnes. På denne ruta kan det byggjast ei bil- og båtrute Ulsteinvik-Torvik-Eggesbønes-Fosnavåg. Eit hovudkrav på møtet var betre og tidhøvelege båtar i ruta Ålesund-Hareid.
Slik vurderer avisa situasjonen det året det var reist ny telefonlinje mellom Hareid og Ulsteinvik. Linja var eit stort framsteg, og bygdefolket kunne raskare få samband med Ålesund og andre bygder.
1930-åra er ei brytingstid for samferdsla i regionen. Så seint som i 1937 vedtek kommunestyret i Hareid å byggje hestestallar for kommunen og plassere dei nedanfor vegen i nærleiken til kommunehuset. Samtidig er bussar og bilar i ferd med å erobre vegane. Særleg første delen av dette tiåret er det mange som søkjer via kommunestyret om løyve til køyring med bil, buss eller lastebil. Det oppstår konkurranse om køyreoppdraga.
Medan det nye tiåret enno ikkje heilt har byrja, fortel signaturen Johs. H. Th i Vikebladet (truleg redaktøren) at han var leigd til å køyre med bilen sin til Hareid med samvirkelagsstyraren og familie. Dei skulle reise vidare med fylkesbåten. Samtidig kom det telefonbestilling frå Ålesund på henting av ein herre som skulle kome med den same båten til Hareid. Medan sjåføren sat i bilen og venta på mannen som skulle køyrast til Ulsteinvik, kom fire damer og spurte om bilen skulle til Ulsteinvik. Ikkje før har tre av damene teke plass i baksetet, så kjem bussjåføren, som blir nemnt med fullt namn, og gjer merksam på at det var hans bil som køyrer ruta. Han skal ha skrike til bilsjåføren at han ikkje hadde lov til å stå der på kaia og kapre folk.
I eit anonymt innlegg ei tid seinare hevdar ein innsendar at ein busseigar skal ha meldt to sjåførar for å ha køyrt frå Gursken like framfor bussen heilt til Hareid og teke opp passasjerar på dei fleste plassane slik at rutebussen ikkje fekk folk før han kom til Garnes. Innsendaren ønskjer konkurransen velkomen og ser fram til ein dom på dette området.
Den 7. februar 1930 refererte Vikebladet dommen i saka mot bilkøyrarane Ruben og Nils Garshol og Johannes Skeide. Dei vart frifunne for å ha køyrt ulovleg i rute. Det vart ført bevis for at dei køyrde på bestilling, og at dei ikkje hadde køyrt den vanlege rutetida.
I 1930 rådde kommunestyra til at Odd Våge fekk løyve til rutekøyring ein gong i veka frå Haugsbygda til Hareid. Same året søkjer Andreas Moldskred fylkesvegstyret om løyve til rutekøyring mellom Ulstein, Hareid og Larsnes i korrespondanse med MRF. Kommunestyra rår til.
Litt seinare svarer politikarane ja på søknad frå Nils Garshol om rutekøyring med bil Garnes-Ulsteinvik-Hareid i korrespondanse med MRF. Like eins er det med G. Murens søknad om rutekøyring Gjerdsvika-Haugsbygda-Leikanger-Hareid også i korrespondanse. Søknader frå Gullvald Eilertsen og brørne Riise om løyve til å køyre utan rute på vegane i Hareid, Ulstein, Gurskøy blir òg tilrådd. Det same gjeld søknadene frå Gerhard Ulfstein, Karl Ulset og Oskar Moltumyr om løyve til å køyre bil på hovudvegane i området.
Slik kjem søknadene på rad og rekkje denne tida. Kolbjørn Moldskred søkjer i desember 1931 om løyve til rutekøyring Flø-Ulsteinvik-Hareid-Brandal. Kommunestyret tilrår. I 1932 kjem fleire og søkjer om å få køyre rutebil, mellom dei Georg Petersen, Larsnes: Larsnes-Ulsteinvik-Hareid. Gerhard Ulfstein fekk konsesjon på rutekøyring mellom Ulstein og Hareid. Denne konsesjonen tok Leif Ulstein, Nils Garshol, Kolbjørn Moldskred og Leif Moldskred over i 1934. Då krigen braut ut, vart Kolbjørn Moldskred einehavar av konsesjonen. I august 1938 gjer lokalavisa ei sak på at ein ny, flott buss er på plass hos Kolbjørn Moldskred i UIsteinvik og skal setjast inn i ruta Hareid-Ulsteinvik. Vogna er ein Opel Blitz med 80 hestekrefter og sekssylindra motor: – Bussen er i det heile hypermoderne og luksuriøst innreidd. I tillegg til sjåføren er det plass til 18 passasjerar. Vogna er utstyrt med rørstolar med skinntrekk og med fint kuppellys under bagasjenettet. Utvendig er vogna raudbrun med to fornikla lister langs sidene. Bussen er elles utstyrt med firehjuls bremser, har fem gir på forover, derav to lydlause, melder Vikebladet.
Alt frå 1. november 1931 vart det starta bilpostrute mellom Ulsteinvik og Hareid i samband med MRF. Folk kunne då sende post frå Ulsteinvik tysdag og torsdag morgon, måndag og fredag kveld frå Hareid til Ulsteinvik. Lokalavisa skriv: – Som vi veit, har postsambandet mellom Ålesund og Ulsteinvik vore svært mangelfullt samanlikna med andre stader. Men etter velvilje frå Postverket og ruteselskapet er postruta mellom Hareid og Ulsteinvik no komen i gang.
Eit par år seinare er det debatt om behovet for bilhaldeplass ved endepunktet av riksvegen ved kaia på Indre Hareid. Kommunestyret vedtek samrøystes å kjøpe grunn til bilhaldeplass hos K. L. Hareide til 2,30 per kvadratmeter. Samtidig er det også diskusjon om ferje til og frå Hareid. Behovet melde seg raskare enn folk var klar over. I 1938 set MRF opp ei ny rute på sommarrutene sine, bilferja Ålesund-Hareid-Vartdal. Det er meininga at den nye ruta skal ha avgang frå Ålesund klokka 12, gå via Hareid og Vartdal og returnere til byen.
MB Framsteg vart bygd i 1914 og overteken av Ørsta Rutelag i 1920. Om somrane i 1930-åra vart masta rigga ned, og det vart lagt plankar mellom dei faste rekkene, slik at båten kunne brukast til å frakte opp til fire bilar plassert tverrskips. Rigga til på denne måten var det Framsteg som i 1938 starta opp den første prøvedrifta i eit ferjesamband Ålesund-Hareid-Vartdal. Vinteren 1938 retta MRF ein førespurnad til kommunestyret i Hareid om å setje opp ferjeleie på kommunekaia. Ferja la til sidelengs. Kommunestyret vedtok å setje i gang arbeidet. Det første året frå juli 1938 til juli 1939 frakta ferja 180 bilar. Ifølgje Vikebladet gjekk storparten av bilane til eller frå Vartdal. Hadde ikkje ferja hatt plass til alle, gjorde ho ekstraturar – eller let dei stå igjen til neste dag. Ein dag var det innmeldt 13 bilar som skulle reise frå Ålesund. Sjølv om bilparken auka, er det likevel overraskande å lese om alle trafikkulykkene på 1930-talet. Lokalavisa melde stadig om ulykker i Ulstein og Hareid, med anten syklistar eller bilistar – eller begge delar – involverte. I juni 1938 tok dokter Ole Sellevold eit oppgjer med dette i eit innlegg i avisa. Berre siste månaden hadde det vore åtte trafikkulykker i legedistriktet hans, og alle hadde hatt trong for legehjelp. Dei fleste av ulykkene hadde vore alvorlege; eit kraniebrot, to hjerneristingar, ei nyreblødning, eit bekkenbrot. Av dei åtte skadde vart tre innlagde på sjukehus. Sellevold mana til varsemd, og peikte på at mange syklistar køyrde uforsiktig, og fleire sjåførar heldt for høg fart. Han argumenterte også for at vegane måtte utbetrast. Frå 1. august 1938 vart det påbode med kvit bakskjerm på syklane, slik at bilistane kunne sjå dei lettare når det var mørkt. Midt på 1930-talet er det elles av og til passasjerflygingar til og frå Hareidlandet. Ein dag i juli 1937 kjem det såleis eit passasjerfly tilhøyrande AS Vestnorske Flyveselskap til Ulsteinvik og Hareid. Flyet skal drive passasjerflyging frå Ulsteinvik frå klokka 12 til 17, frå Hareid frå 17 til 19. Flyet skal vitje dei fleste større bygdene på Sunnmøre, og Sunnmørsposten er arrangør saman med flyselskapet.
*
Hausten 1935 var det 25 mann i arbeid på haldeplassen i Ulsteinvik og på bygdevegane i kommunen. I september starta bortsprenginga av Hestevollen i Ulsteinvik. Arbeidet med haldeplassen ville halda fram til opp under jul med seks-sju mann i arbeid der. I Haddalura arbeidde samtidig fem-seks mann med å utbetre vegen, og ved Sundgotbrua var der eit tilsvarande lag i sving med vøling av vegen. Ved den gamle kyrkjegarden på Ulstein skulle dei legge om vegen og utbetre mykje av resten. På nyåret starta også arbeidet med utbetringa av vegen Ulstein-Larsnes, noko av vegarbeidet fekk offentleg støtte, som naudsarbeid. Arbeidet mot Larsnes starta i Botnura.
Eit selskap som dreiv busstransport mellom Ulsteinvik og Hareid, var Ulstein Auto. I 1937 kunne lokalavisa fortelje at trafikken hadde auka så mykje at selskapet ofte måtte leige vogner i tillegg til sine eigne for å ta unna trafikken. Men våren 1937 bestemte disponent Ruben Garshol seg for å kjøpe ein ny, moderne 18-seters buss. Ifølgje Vikebladet var det 18 enkeltmannstolar så du slapp å slåst om kor mykje plass du skulle ha. Bussen var kjøpt i Bergen og kom til Ulsteinvik i slutten av juli månad.
I 1938 drøfta elles politikarane i Ulstein fartsgrensa i bygda. Med 11 mot fem røyster vedtok kommunestyret at fartsgrensa skulle setjast til 25 kilometer i timen.
*
Våren og sommaren 1938 var arbeidet med ny telefonlinje frå Ulsteinvik til Hareid i full gang. I slutten av juli var arbeidet ferdig, og det vart eit stort gode for bygdene. No kunne ulsteiningane mellom anna kome raskare i kontakt med Ålesund og andre bygder.
Sommaren 1940 var den nye vegen frå samvirkelaget i Ulsteinvik langs Vikosen til Saunes på det næraste fullført. Arbeidet på vegen hadde starta sommaren 1939 og hadde gått for fullt, berre med unntak av nokre veker etter at krigen starta. Frå våren 1940 hadde det vore to lag i sving, eitt av dei hadde konsentrert seg om arbeidet med Saunesbrua. Vikebladet skriv: – Vegen over elva ligg no noko høgre enn før, og det var ein heil del arbeid med grunnmurane for brua, men dette arbeidet har blitt særs fint og solid gjort frå seg. Sjølve bruplata og rekkverket er av vanleg betong, skriv avisa og legg til: – Ulsteinvik har no fått ein ny, vakker og moderne veg inn til sentrum – og det var heilt nødvendig.
Midt i august 1940 fortel Vikebladet også om torghandelen i Ulsteinvik, ein aktivitet som har vore eit fast innslag om hausten fleire år: – Torghandelen har teke til for i år, og venteleg kan vi heretter rekne med to faste torgdagar for veka, onsdag og laurdag, det same som i fjor. Talet på både seljarar og kjøparar har auka år for år, og utvalet av dei ulike produkta har vore svært bra.