Soknepresten og lærararane hadde mykje makt i lokalsamfunnet denne tida. Kanskje kunne dei handle slik at dei fekk folk mot seg. Ein episode i Ulstein fortel noko både om tida og om kvifor Holmås kanskje ikkje fekk like sterk posisjon i Ulstein som i Hareid. Den 14. oktober 1932 trykkjer Vikebladet eit innlegg underteikne med «Fleire» og er adressert til sokneprest Holmås:
– Vi er i høg grad forbausa over Dykkar handlemåte ved siste konfirmasjon. Tenkje seg til at av dei om lag 120 konfirmantane peikar De ut ein og nektar han å bli konfirmert. Guten har då på ingen måte gjort seg skuldig i noko brotsverk, men har tvert imot, etter Dykkar eiga utsegn, vist ein eksemplarisk oppførsel under konfirmasjonsførebuingane. Hans kristelege barnelærdom ligg heller ikkje på eit slikt nivå at dette skulle vere til hinder for at han skulle bli konfirmert. Kva er så grunnen? Kan ein verkeleg nekte ein slik ein konfirmasjon? Ein kunne vere freista til å skrive ein heil del, men då desse linjene ikkje er tenkt til sensasjon, vil vi fatte oss kort. Har De, herr Holmås, då De hadde alle konfirmantane på kontoret Dykkar ein for ein, tenkt over kor ærleg denne guten svarte Dykk på spørsmålet Dykkar; han greip ikkje til noka nødløgn for om mogleg å bli konfirmert, heiter det i innlegget som så viser til likninga om tollaren og farisearen som gjekk opp i tempelet for å be, og spør: – Kanskje vart denne guten opphøgd, som fornedra måtte gå bort og ikkje få delta i konfirmasjonen. Vi forstår lett sorga og det djupe vonbrotet til foreldra, men også vi som står utanfor, har fått auga opp for at her er det handla urett.
Der kjem ikkje noka forklaring frå soknepresten i lokalavisa. Men eit nummer eller to seinare skriv redaktøren eit stykke retta til Holmås: – Eg vart i stor grad undren då eg høyrde kva De skulle ha servert om Vikebladet i kyrkja sist søndag, og tykkjer det er lite av ein sjelesyrgjar å kome fram med slike ting i ei kyrkje. Kva grunn har De herr Holmås til å kalle Vikebladet for eit smuss- og søppelorgan, anar eg ikkje, og same kan det vere.
I 1937 søkjer sokneprest Holmås seg bort frå Ulstein for andre gong på kort tid. Denne gongen har han søkt Ullensvang soknekall i Hardanger. Men det er mange om beinet, og først i 1939 kunne han reise frå Ulstein, og sjømannsprest Sverre Nilsen frå Bergen vart tilsett som ny sokneprest.