I januar 1932 har «ein fiskar» eit innlegg i Vikebladet, der han tek opp det urettvise i at enkelte med tilsynelatande god økonomi ikkje betaler skatt: – Me treng ikkje gå lenger enn til siste likning. Her står handelsmenn, handelsbetjent, telefonbetjent, skipsreiarar, skipperar og hotelleigar med null i inntekt og sjølvsagt då null i skatt. Kva seier de om ei slik likning? Men sjå så på ein stakkars fiskar eller arbeidar. Dei har frå 100 til 200 kroner i skatt endå dei har ein stor barneflokk som dei skal forsørgje, og kanskje sit trongt i det på mange måtar.
Fenomenet som fiskaren tok opp, var kjent, og skapte ekstra irritasjon når tidene var vonde. I august 1935 set Vikebladet seg føre å trykke likningsprotokollane – med formue, inntekt og skatt for alle skatteytarane i Hareid og Ulstein. Dei har trykt likningsresultat dei føregåande åra òg, men ikkje for alle. Innleiingsvis skriv avisa, truleg ført i pennen av Sverre Ottesen: – Forutan å skrive av alle desse namna or likningsprotokollen, er det eit trasig arbeid å setje dei, særleg når ein ser så mang ein bra mann som me trudde var litt av ein «millionær», står med små tal i siste talrekka! (Siste talrekka var skatten, forf. merknad.) Trass alt veit me at mange er interesserte i desse tal og namn, og difor tek me alle skatteytarane denne gongen, i von om at me stettar eit av dei mange krav lesarane har rett på.
Likningslistene er inndelte i yrkesgrupper. Ei av dei største yrkesgruppa er dei som blir kalla «tenarar», mest kvinner, men også menn. I årslønn ligg dei mellom 150 og 300 kroner. Dei fleste rundt 200 som ser ut til å vere ei slags norm. Mange fekk truleg kost og losji i tillegg, men det var likevel ikkje mykje å klare seg på.