Ole Larsen hadde i om lag to år leigt røykeriet til Ludvik Moldskred i Haddal då han bestemte seg for å utvide drifta hausten 1935. No hadde han kjøpt tomt til eit nytt røykeri i forlenginga av bygget til Moldskred. I bygget skulle det setjast inn seks omnar. Til saman hadde røykeria til Larsen no 14 omnar. Han selde også klippfisk. Det nye røykeriet ville ha arbeid til fem-seks mann. Då Vikebladet skreiv om saka, hadde Larsen ikkje mindre enn 100 tonn sild som venta på røyk.

Vinteren 1936 gjekk det for seg eit rikt snurpefiske etter sild frå Godøya til Sandsøya. 1500 hektoliter av fangsten hamna til salting hos Ole Larsen-røykeriet i Haddal. Og etter dette tok røykeria i Ulstein imot i alt 5000 hektoliter. Ein god del av silda gjekk til fôr, hovudsakleg til revegardane, melde lokalavisa.

Når Vikebladet fortel om dei lokale båtane som gjer seg klare til torskefiske ved Island våren 1936, nemner avisa Osnes, Skjervøy og Bard. Dei to siste var Ulstein-båtar, men Osnes, eigentleg Osnes II, vart seld til eit reiarlag i Herøy i 1935. I slutten av oktober 1936 kunne lokalavisa melde om sildesnurping i Ulsteinfjorden. Opp til 15-20 lag, både dampskip og motorbåtar, var i sving – og hausta frå 100 til 350 kasser. Prisen var god, og silda vart seld både som eksportvare og hermetikkvare. Også våren 1937 vart det meldt om godt storsildfiske i Måløy-området, mellom anna. Ulsteinbåtane Bell og Skjervøy kunne lande fangstar på mellom 400 og 1800 hektoliter. Det var i ferd med å bli florisante tider for sildefiskarane, og etter krigen skulle det kome meir.

Sommaren 1938 kan lokalavisa fortelje om at ein heil del sild hadde vorte stengd i Ulstein dei siste vekene. Osnes notlag hadde teke 600 kasser, Dimna notlag 300 kasser, Våge notlag 150 kasser og Skeide notlag 150 kasser. Silda gjekk for det meste til agn for 4,50 kroner per kasse.

*

I slutten av oktober 1935 vart det skipa to nye fagforeiningar i Ulstein. Den første var Ulstein Jarn- og metallarbeidarforeining. Forsamlinga valde Bjørn Meinseth til den første formannen. Med seg i styret fekk han Hallvard Hasund, Johan Sæter, Johannes Hofseth og Martinus Larsen. Om lag samtidig vart også Ulstein Bygningsarbeidarforeining skipa. Dei valde Ingvald Fjelle til formann og med Ole Hofseth og Arnvid Hasund i styret.

Det som vart heitande Ulstein Jern og Metall heilt opp til organisasjonen vart Fellesforbundet, skriv altså historia si tilbake til 1935, men alt i 1919 fekk vi dei første organiserte Jern og Metall-arbeidarane i Ulstein. Dei danna då ein eigen klubb innanfor Ålesund Jern og Metall. Det var ein svensk arbeidar som tok initiativet til å få organisert arbeidarane ved verkstaden i Ulstein. Han hadde tidlegare arbeidd på anlegget til det kommunale elektrisitetsverket i Ulstein, men etter at det var fullført, byrja han på Hatlø Mek. Verksted. Men konfliktar og dårleg lønsemd innan fiskeria gjorde at tilgangen på arbeid ved dei mekaniske verkstadene var dårleg. Etter haustsesongen 1919 vart alle arbeidarane ved Hatlø oppsagde til jul. Den svenske initiativtakaren reiste sin veg, og med det var det over for den første klubben i Ulsteinvik.

Men den 24. oktober 1935 var ei gruppe arbeidarar frå Hatlø Mek. Verksted samla på Central Hotell. Oskar Andersen frå distriktsorganisasjonen leia møtet, og forsamlinga vedtok samrøystes å skipe Ulstein Jern og Metallarbeiderforening. Andersen hadde tidlegare på dagen vore på besøk på verksterkden, og funne at meiningane var delte mellom arbeidarane. Han hadde også funne bedriftsleiinga nokså steil. Men dei 13 arbeidarane som no vart med i klubben, vart lovde tarifflønn. Eigentleg var kravet minst 20 medlemer for å skipe ei eiga avdeling, men forbundet gav gjengen i Ulsteinvik unntak frå regelen.

Leiinga ved Hatlø likte ikkje tiltaket, og når dei organiserte møtte folk i Vik, kunne det vanke kjeft fordi dei organiserte «heldt på å slå verkstaden konkurs». Mellom krava dei organiserte stilte, var høgare lønn og kortare arbeidstid (Ulstein Jern og Metall 1935 – 1985, Johan Ottesen 1985).

Arbeidarane ved Ulstein Mek. Verksted organiserte seg tre år etter dei på Hatlø. I samtale med forfattar Johan Ottesen peikte Karl Breivik på nokre årsaker til at Ulstein-arbeidarane var seinare ute: – Arbeidet på Hatlø var meir sesongprega den tida. Det var ikkje den same orden med omsyn til å få arbeidet til å henge i hop. Sidan eg byrja på Ulstein i 1937, var eg aldri permittert av mangel på arbeid, medan folk frå Hatlø kom hit i periodar det var lite å gjere der ute, fortalde Brevik.

Hatlø var eit aksjeselskap med fleire eigarar, medan det var ein eigar av «Martinslippen». Av den grunn kom kanskje arbeidarane i eit meir personleg forhold til bedriftseigaren: – Vi kvidde oss overfor han Martin. Folk syntest dei gjorde han imot ved å organisere seg, og han kunne vere ein kvass mann til sine tider, fortalde Martin Hovden.

Dei første åra etter starten var det berre medlemer frå Hatlø Verksted med i Ulstein Jern og Metall. Men på årsmøtet i 1939 kom også arbeidarar frå Ulstein Mek. med. Styreverva vart fordelte på medlemer frå begge verkstadene: Hallvard Hasund (formann), Karl Johan Hauge (nestformann), Ole Gjerdsbakk (sekretær), Ingolf Garshol (kasserar), Johannes Sundgot, Marius Kleven og Kristian Hestad.
Eit teikn på at ting var i betring i lokalsamfunnet, var Ulstein Samyrkelag, som vart starta i 1922. Butikken kunne melde om eit godt år i 1935 med ein auke på 7-8000 kroner frå året før.

Når lokalavisa rapporterer frå arbeidslivet i Ulstein i april 1936, slår ho fast at dei ulike yrkesgreinene har bra med arbeid. Ved dei mekaniske verkstadene hadde det den siste tida vore fullt opp å gjere. I tillegg til fiskebåtar og andre fartøy hadde dei hatt fleire MRF-båtar til reparasjon og vårpuss. Møbelverkstadene hadde hatt jamt med arbeid heile vinteren. Ved Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk kunne avisa melde om livleg transportverksemd. Nesten dagleg hadde det lege ei eller fleire skuter og lossa trevirke, skifer, sement og anna. Byggjeaktiviteten i Ulsteinvik ville dette året (1936) bli den største på lang tid, og utover bygdene skulle det også førast opp mange hus i løpet av sommaren. I tillegg var Ulstein nye Sparebank i gang med fundamenteringsarbeidet til det nye bankbygget.

Ved kontorbygget til Ulstein kommune, Sjøborg, var dei no i gang med planering og utfylling utover mot Geilevika. Arbeidet med bilhaldeplassen gjekk også sin gang. Heile Hestevollen var sprengd bort. Men dei ville mangle noko stein til utfyllingsarbeidet, og denne massen måtte køyrast til med bil.

Frå verftsindustrien er det fleire positive meldingar utover i 1936 og 1937. På Hatlø var til dømes 30 mann i arbeid med den nye fiskebåten til Peter Volle Brandal. Det skulle ifølgje lokalavisa bli ein stor og moderne båt, 65 fot lang og forsynt med ein motor som kunne yte 60-100 hestekrefter, keising og galgedekk og eit stort rorhus. Båten kunne ta 800 hektoliter sild og stå ferdig i mai 1937. Til lokalavisa i august fortel disponent Leif Hatlø at verkstaden har fullt opp å gjere, og at dei i ferietida hadde hatt 25 mann i arbeid, medan fem-seks mann hadde hatt ferie samtidig. Heile våren og sommaren hadde arbeidsstyrken vore kring 30 mann. I oktober hadde verkstaden auka arbeidsstokken til 40 mann. No låg der ikkje mindre enn sju ishavsskuter til reparasjon ved verkstaden, i tillegg til fleire motorbåtar. Hatlø ville i tillegg tilsette nokre fleire arbeidarar, og kunne overfor lokalavisa slå fast at talet på tilsette ville vere det største nokon gong ved verkstaden.

Også frå Ulstein Mek. Verksted kunne Vikebladet melde om mykje arbeid utover ettersommaren og hausten 1936. Her var det mykje reparasjonsarbeid og fornying av fiskebåtar med innsetjing av moderne utstyr. Denne sommaren hadde verkstaden bygd ei ny slipprenne i tillegg til dei fire verkstaden hadde frå før. Med det kunne dei ha 10-12 større motorbåtar ståande framme samtidig. Det var elles gjort mange forbetringar ved verftet dei siste åra, mellom anna bygging av eit stort materialhus, trearbeidverkstad og ny kai.

Vikebladet er stadig ute med å halde folk orienterte om tilhøva ved dei mekaniske verkstadene, som var ein viktig indikator på at tidene i lokalsamfunnet betra seg. I slutten av oktober 1936 kunne avisa såleis melde at verkstadene arbeidde på spreng. Til saman var no 75 mann i arbeid på dei to verkstadene, og heile 50 av desse var i sving ved Hatlø, medan Ulstein hadde 25. Den høge aktiviteten heldt seg inn i 1937. I februar dreiv verkstadene med forlenging av motorbåtar og vøling og oppussing av rutebåtar, ishavsskuter og andre fartøy. Også utover hausten var det hektiske tider for Hatlø og Ulstein, ikkje minst med arbeid på dei lokale selfangstskutene.

Dessutan hadde trevare- og møbelfabrikkane det travelt. På Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk var det 40 mann i arbeid i desember 1937 og planar om å tilsetje fleire. Ved Lillebøs Møbelverkstad hadde dei også meir enn nok å gjere.

Så var det klart for det nye bankbygget i Ulsteinvik. Om lag 90 gjester tok del i den offisielle innviinga av huset til Ulstein nye Sparebank i oktober 1936. Sjølve festen vart halden på Ulsteinvik bedehus. Vikebladet slo fast at det nye bankbygget var moderne med romslege, lyse og fine rom. Ulstein nye Sparebank vart skipa i 1927.

I juli 1937 var det også full drift ved Møre Korkfabrikk i Hasundstranda. Fabrikken produserte mykje korkplater som vart nytta som isolasjon i kjøleskap og kjølelager og liknande. Lokalavisa blir motteken av ingeniør Hasund som viser rundt i fabrikken. Han fortel at fabrikken får råstoffet, korkmassen, i store ballar – som først blir lagt i store kar og pressa, og så blir heile karet køyrt inn i ekspanderingsomnen der massen går gjennom fleire prosessar, og etter fleire timar kan korken takast ut og kjølast. Fabrikken hadde no slik etterspørsel at dei måtte arbeide på spreng.

Men det gjekk berre nokre dagar så var uhellet ute. Møre Korkfabrikk brann laurdag 17. juli 1937 ned til grunnen. Folk vart merksame på brannen i sekstida, og det kom straks folk til, men elden hadde fått så godt tak at det ikkje var noko å gjere, og bygningen, eit to etasjes hus, brann heilt ned. Sjølve huset høyrde til Vilhelm Ringstad og var forsikra for 4000 kroner, og inventaret til verksemda for 10.500 kroner. Årsaka til brannen var sjølvtenning i korkblokkene. Utover sommaren 1938 var arbeidet med å gjenreise fabrikken i gang. Maskiner var tinga, og i slutten av september var alt i gjenge igjen – i nye, større og praktiske lokale – med langt større produksjonskapasitet enn før.

I februar 1939 fortalde lokalavisa at korkfabrikken hadde gått med fullt køyr sidan han stod ferdig i september året før. Det hadde heile tida vore to skift i sving. Nyleg leverte fabrikken eit større parti til Norges Tekniske Høgskule i Trondheim.

Ei anna bedrift i Ulstein, som for lengst har gått over i historia, var Ulstein Mylne. I 1937 starta mylna ein ny type produksjon, maling av tang til fôrmjøl. Fire mann hadde arbeid på mylna med denne produksjonen, og sommaren 1937 var dei oppe i 18 sekker for dag. Ifølgje lokalavisa vart tangmjølet blanda med anna fôrmjøl og gav eit godt fôr. Denne industrien hadde no skapt ei lita ekstrainntekt for folket i distriktet i og omkring Ulstein, særleg for ungdommen, som skar tang i fjøra og alle stader der han var å få tak i. Ikkje lenge etter kunne Vikebladet melde at Ulstein Mylne hadde utvida drifta med produksjon av tangmjøl, slik at seks mann hadde kome i arbeid, og det vart arbeidd i tre skift. Mylna gjekk no heile døgnet, og produksjonen hadde kome opp i 30-35 sekker for dag. Mylna betalte tre øre kiloen for tangen. I juni 1938 hadde mylna gått både dag og natt med tangmjølproduksjon i fleire månader. Men no var alle lagra så fulle at verksemda måtte stoppe tilførselen av tang for nokre dagar. Tangskjeringa var som nemnt ei god attåtnæring for folk i distriktet. I august 1940 heldt Ulstein Mylne fram med utvidingane, og lagerskur nummer tre vart ført opp. No var det klart for bygging av eit silotårn og installasjon av ei ny maskin for maling av tang. Mylna hadde hatt fullt opp å gjere heile sommaren 1940.

Både verkstadene og møbelindustrien i Ulstein gjekk for fullt utover hausten 1938 òg. På Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk gjekk dei to skift frå klokka 5.30 om morgonen til 24 om natta. Det var no nesten dagleg sendt møblar med rutebåtane og eksporten frå bygda auka. Utover i 1939 var kring 50 mann i arbeid ved fabrikken.

*

Revefarming var ei viktig attåtnæring for bøndene i mellomkrigstida, ja, under krigen òg. Ei reveteljing hausten 1937 viste at det var 2532 revar i Ulstein kommune. Flø talde 386 revar, Ulstein 586, Skeide 181, Osnes-Vikelva 249, Vikelva-Saunes 319, Hasund-Botnen 211, Fjelle-Ytre Haddal 221 og Garnes, Indre Haddal og Håheim 379. I tillegg var krinsane Breivik, Ertesvåg og Våge-Dimna ikkje talde.

Hausten 1938 sikra kjøpmann Asbjørn Ulstein seg tomta til målar Myklebust i Ulsteinvik. Tomta låg ved sida av bokhandlar Osnes, og Ulstein måtte ut med 2000 kroner. Han ville no byggje ein forretningsgard og starta utgravinga av tomta hausten 1938. Dette skulle bli det som i dag er AU-bygget i Ulsteinvik. Bygget stod ferdig sommaren 1939, og Asbjørn Ulstein kunne med det flytte forretninga si frå Fredheim-kjellaren til det nye huset sitt ved sida av bokhandelen. Bak butikken hadde han laga til sykkelverkstad.

Det var no meininga at fotograf Olaf Storegjerde skulle opne atelier i Fredheim-kjellaren. Han flytte frå Larsnes til Ulstein i 1940 og var ein kjend og akta fotograf både på Sunnmøre og lengre sør.

I starten på 1939 vart det klart at hotella i Ulsteinvik måtte skifte namn. Den nye hotellova stilte strengare krav med omsyn til å bruke hotellnamnet. Kvart etablissement kunne frå no av ikkje kalle seg hotell utan at det hadde minst 20 gjesterom. Ulstein Hotell skifta derfor namn til Ulstein Hospits, og Central Hotell til Central Pensjonat.

Vinteren 1939 leigde kjøpmann Karl Sundgot tomta til Johs. R. Vik, mellom eigedommane til Anton (Paul Anton Bigset) Vik og Laura Wigg, for å byggje eit moderne bensintankanlegg i kompaniskap med Vestlandske Petroleumskompani. Dei skulle grave ned ein tank på 3000 liter, og elles skulle anlegget tilby spyleanlegg og smørjebukk. Ein del av stasjonen skulle byggjast over med vegger og tak i betong.

*

I juni 1939 fekk ulsteinfolket meldinga om at Magnhild Ottesen opna ein ny, moderne kafé og restaurant i Ulsteinvik. Restauranten skulle få namnet Stratos, og huset låg midt i sentrum og var eit nytt treetasjes murbygg som skulle gi plass til nye etablissement. Sjølve kafélokala låg i tredje etasje med god utsikt til alle kantar. Ifølgje reportasjen i Vikebladet var utstyret heilt moderne med polerte bord og stolar med skinntrekk i raudt. Kaféen var vidare utstyrt med radiogrammofon, kamin, smørbrøddisk i spegelglas og eik. Lokala var i lyse og vakre fargar, og kjøkkenet var moderne utstyrt med stor elektrisk komfyr, varmt vatn og kjøleskap. Dessutan var kaféen utstyrt med eige vasstoalett. Frå lokala gjekk det trapp opp til taket med utsyn over heile Ulsteinvik og bygdene omkring. I alt hadde kaféen og takrestauranten bordplass til 140 gjester. Avisa slo fast at bygda frå før hadde to gode hotell (hospits/pensjonat), men hadde til no sakna ein tidhøveleg kafé. No var dette stetta: – Vi kan no tilby tilreisande og bygdas eigne ein service som er i pakt med den vekst og raske utvikling som Ulsteinvik er i, konkluderte lokalavisa.

Det er alltid gledeleg, skriv lokalavisa i slutten av oktober 1940, – når noko nytt i bedriftslivet dukkar opp. Dette tyder på framgang og sjølvhjelp for bygda. I desse dagar har smed og mekanikar Konrad Simonnes utvida verksemda si til også å omfatte fabrikasjon av sengebeslag, ein artikkel som det i vår tid ikkje går så reint lite av. Han har laga maskiner og anna utstyr sjølv og fått det heilt effektivt. Ved full drift vil det vere mogleg å produsere to ferdige beslag i minuttet. Vansken no er å skaffe jern av dei dimensjonar som høver. Berre her i bygda har vi møbelverkstader som nyttar mange tusen av desse beslaga kvart år, skriv Vikebladet.