I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Den første tanken som melde seg, var å ta opp att den gamle kyrkjegarden på Ulstein som ei mellombels løysing. I staden såg dei seg om etter ein annan stad som låg nærare. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet.
Kyrkjetilsynet var i arbeid ut året 1921. I 1920 kom lova om sokneråd og skulle ta til å gjelde frå 1. januar 1922. Rådet skulle veljast av kyrkjelyden, presten skulle vere sjølvskriven medlem, og kommunestyret skulle ha ein representant i rådet. Heretter skulle einskildmennesket trekkast inn i det kyrkjelege arbeidet på ein måte som det tidlegare ikkje hadde vore høve til, ein milepæl for kyrkjelyden. I Ulstein vart dei samde om at kyrkjelyden skulle velje åtte medlemer til rådet, men då slik at desse fordelte seg best mogleg over heile soknet. Det første valet vart halde 23. januar 1922 med i alt 130 røyster. Mellom medlemene var der også ei kvinne, fru Anna Bjørndal. I Hareid fekk dei ikkje kvinneleg representasjon i soknerådet før i 1949. Den 11. februar konstituerte rådet seg og valde prost Hoem som den første leiaren (formann, som det heitte den gongen).
Spørsmålet om ny gravplass vart ei viktig sak i soknerådet. Grunnen på Osnes var innløyst i 1920, og ein utflytt ulsteining, arkitekt Johan L. Osnes, ville kome med eit utkast til gravkapell. På grunn av den kritiske kommuneøkonomien landa dei på eit enkelt og spartansk alternativ, reiskapshus med klokketårn. Dei kjøpte ei klokke på 76 kilo frå eit støyperi i Tønsberg og betalte 572 kroner. Etter gudstenesta søndag 7. september 1924 vigsla prost Hoem den nye kyrkjegarden. Den første som dei la i grav på Osnes, var ein av dei første medlemene i soknerådet, Martinus Osnes.
Han døydde 29. august, og dei heldt jordfestinga same dagen som gravplassen vart vigsla.
I denne optimistiske byggjeperioden medan krigen rasa på kontinentet, fekk til dømes Julius Ulstein sett opp Central Hotell i 1915, kalla det største og flottaste bygget i Ulsteinvik etter kyrkja. Så hugsar vi at Severin Hop stod i spissen for å reise ungdomsskulen (seinare Sunnmøre Folkehøgskule) på Reiten i 1919. I denne perioden byrja også Ulstein Indremisjon å snakke om nytt hus. Osnes bedehus var både for lite og i heller dårleg stand. No var det pengar mellom folk, men byggjearbeidet kom ikkje til seg før i 1920, knapt månader før dei gode tidene slo om i ei alvorleg krise. Den nye bedehuset vart vigsla 5. februar 1921 av prost Hoem. Formann i byggjenemnda, Johannes Hatlø, overleverte så bygget til leiaren i Ulstein Indremisjon, Martinus Osnes. Det skulle bli tungt å få finansane på plass. Som vi hugsar var Ulsteinvik bedehus først gjeldfritt i 1944.
Dei første tiåra av 1900-talet stod kristendommen framleis sterkt her i landet. Kristne organisasjonar voks fram; kyrkjelydar, kristne skular, publikasjonar, forlag og institusjonar. Kristentrua sette sitt preg på den norske veremåten; det er vanskeleg å tale om sekularisering i ein periode så gjennomsyra av kristen mentalitet som denne, konkluderer Karsten Alnæs i Historien om Norge (1999). Dei fire første tiåra var stordomstida for bedehusa, vekkingane og emissærane i Noreg. I ei bygd som Ulstein heldt kristendommen sin dominerande posisjon som «offisielt» verdisyn endå lenger. Og den kristne kulturen heldt avstand til synlege markørar som dans og alkohol.
Kristenfolket i Ulstein har gjort seg gjeldande i kvardagslivet, i kyrkje og bedehus, skule og foreiningsliv, oppseding og fritid, i barnesinn og mellom eldre. Kristentrua og bibelforteljingane vart poda inn i generasjon etter generasjon, det vere seg i søndagsskulen eller på speidarmøte, men kanskje først og fremst gjennom bibelsogetimane i barneskulen, der markante lærarar sette sitt stempel. Om vi vurderer det utanfrå – eller frå ein ståstad i 2021, er det liten tvil om at dei tankane som hadde hegemoniet hos tonegivande kristenfolk i Ulstein, halla i ei heller konservativ retning. Den liberale teologien, som hadde si blomstringstid dei første tiåra av 1900-talet, fekk aldri noko fotfeste hos bygdefolket her, men kan nok ha påverka opplyste og lesande menneske meir i utkanten av dei kristne kjernetroppane. Her i landet vart liberalteologiske synsmåtar i populær form hevda av kulturkjendisar som Bjørnstjerne Bjørnson og Arne Garborg. Seinare har kjende teologar som Jacob Jervell og Kristian Schjelderup hevda synspunkt i slekt med liberalteologien. Ingen av dei har fått nokon posisjon mellom kristenfolket i Ulstein.
I 1926 fekk Ulstein (og Hareid) ny sokneprest, den unge, dynamiske Otto Holmås (f. 1898). Han var prest i soknet til 1939 og skulle kome til å bety mykje for kristenlivet i dei to sokna. Magnulv Bjørndal har skrive 100-årshistoria til Hareid Indremisjon (1983), og han siterer det soknerådet skriv i møteboka om Holmås i 1926: – Han er fødd talar og uvanleg klår i tanken, på same tid som han er ei eldsjel som ikkje sparer noko når det gjeld å hjelpe folk over frå åndeleg død til liv i Gud. For eiga rekning legg Bjørndal til: – Det kan vel ikkje nektast at Holmås hadde lett for å kome i tottane på ein og annan, og det hende til dømes med ein del indremisjonsfolk rundt om på Sunnmøre.
Holmås skulle kome til å stå sentralt i vekkingar berre få år seinare.
I 1926 ville departementet vite om soknerådet tilrådde å ta bort lova som forbaud at kvinner vart tilsette i geistlege embete. Ulstein sokneråd diskuterer og er samrøystes. Rådet vil på det sterkaste rå ifrå at det blir opna for at kvinner får tilgang til geistlege embete i Noreg. Mennene i Ulstein var ikkje modne for noko slikt: I 1956 fekk norske kvinner lov til å forkynne ved vanlege gudstenester på lik linje med menn, og først i 1961 vart den første kvinna ordinert til prest, Ingrid Bjerkås.
Noko av det første Otto Holmås tok tak i då han kom til Ulstein, var å få soknerådet på trua om at kyrkja burde få orgel. Holmås hadde ei fin songrøyst, men han sakna tonefølgje til messinga og salmesongen. Dermed vart det gamle harmoniet på Fredheim lånt ut til kyrkja. Skulestyrar Severin Hop sat på orgelkrakken og vart såleis den første organisten i Ulstein kyrkje, eit arbeid han utførte til langt ut i 1930-åra, og utan vederlag.
Spørsmålet om å gå over til nynorsk salmebok vart for første gong teke opp på eit kyrkjelydsmøte sommaren 1927. Så kom saka til avrøysting søndag 25. september same året. Då røysta 97 for å halde på den gamle Landstads salmebok, men heile 270 røysta for nynorsk salmebok. Kyrkjelyden tok imot den nye salmeboka på konfirmasjonssøndag 9. oktober 1927, og sokneprest Holmås gledde seg over at salmesongen ikkje dovna etter skifte av bok.
No skulle det ikkje gå lenge før orgelsaka kom opp att. I 1928 låg der føre tilsegn frå orgelbyggjar H. Eide i Bergen om eit elektrisk orgel for 3.400 kroner. Dette var mykje pengar den tida, og tanken var å samle inn mest mogleg mellom privatpersonar. Soknerådet vende seg til kommunestyret for å få ombygging av galleriet. Alt dette gjekk i orden, men innsamlinga i bygda strakk ikkje til. Finansieringa måtte fullførast gjennom eit lån på 2.500 kroner i Ulstein Sparebank. Under gudstenesta 12. august 1928 sat organist Hop ved det nye orgelet for første gong (Waage 1978).
*
Ungdomsforeiningane i Ulstein hadde ei tid arbeidd for å få reist eit minnesmerke over alle dei som hadde kome bort på sjøen, og som ikkje hadde fått ei grav i vigsla jord. I 1930 søkte dei soknerådet om å få reise ein bautastein på kyrkjegarden. Soknerådet sa ja, og bygdekunstnar og steinhoggar Laurits Dimmestøl utførte arbeidet. Han fann eit høveleg emne i ein stor stein sør for Gamlevegen, Bakkeberget, like nedfor huset til Ole Leinebø. Så tinga dei ei bronseplate med namna på alle dei som hadde kome bort på sjøen frå 1900 til 1930. Den 17. mai 1931 avduka sokneprest Holmås steinen. Lærar Martinus Bjørndal talte over dei bortkomne, Hasund blandakor og Ulstein mannskor tok del i høgtida, skriv Peder Fritz Waage (1978) som også peiker på det kristelege og sosiale engasjementet i desse kriseåra i mellomkrigstida:
– Dei vanskelege økonomiske tilhøva i slutten av 1920-åra og førstninga på 1930-åra sette djupe spor og gjorde seg gjeldande på ymse vis. Men nettopp i slike tronge tider synest det å vekse fram ein åndeleg styrke som gir seg utslag i samkjensle og offervilje, og ikkje minst større aktivitet innanfor dei ymse organisasjonane. Ei oversikt frå 1929 syner at kristne og sosiale organisasjonar i Ulstein samla inn i alt 21.600 kroner, og i tillegg kom ofring og kollekt i kyrkja med til saman 3.200 kroner. Her er ei oversikt over medlemstalet i dei ulike organisasjonane på denne tida: Det norske misjonsselskapet 366, Kinaforbundet 112. Santalmisjonen 58, Sudanmisjonen 30, Indremisjonen 225, Finnemisjonen 122, Den ytre sjømannsmisjonen 93, Den indre sjømannsmisjonen 90, dei kristelege ungdomsforeiningane 277, søndagsskulane 380 born, fråhaldsarbeidet 187, sanitetsforeiningane 300. Dei fleste vaksne i bygda var med i ei eller anna form for kristeleg og sosialt arbeid.Kyrkja og kristenlivet spelar altså ei grunnleggande rolle for livet til folk i Ulstein også i 1930-åra. Som i enno mange tiår framover spelte skulen og lærarane ei avgjerande rolle med å bringe kristendomskunnskap, bibelsoge og salmar vidare til kvar ny generasjon; det bibelske språket, omgrepa, tankegangen, vart allemannseige på ny og på ny.
Reidar Harkjerr, fødd 1921, var folkeskuleelev på slutten av 1920-talet og tidleg i 1930-åra. I Vikebladet 18. februar 1999 fortel han om skuletida si:
– For meg var skulen ein god skule, og læraren ein god lærar. Skuledagane var tradisjonelle. Vi starta dagen med ein salme, Syng i stille morgonstunder, Sjå dagen sprett i austerætt – og fleire andre. Før vi gjekk heim, song vi Dagsens auga sloknar ut, No soli bak om blåe fjell og Herre ver oss evig nær. Eg trur det er rett å seie at læraren la størst vekt på kristendom. Der var han sterk og klar i undervisninga si, som til tider var rein forkynning, fortel Harkjerr. Skulen forandrar seg sakte, og nye lærarar tek opp i seg veteranane sin måte. Vi trur mange seinare generasjonar vil kjenne igjen mykje av denne skulekvardagen (Widnes Johansen 2017).