I november 1938 blir det kjent at sokneprest Otto Holmås igjen har søkt seg bort og truleg vil få kallet i Radøy. Samtidig køyrer dei ein møteserie med god oppslutning. Etter den tredje møtekvelden skriv ei mor ei takk gjennom lokalavisa til presten. Kanskje håpte ho han ville ombestemme seg å bli: – Eg har slik hug til å takke presten vår for alt han gjer for oss! Så pliktoppfyllande som han er, så prøver han å gi oss det beste han veit. Frå hans store, rike sjel strøymer hans forklaring av Bibelen mot oss, og Guds nåde. Holmås er den fødde førar, og han leier i sanning ungdommen «på dine vegar».

Mang ein gong har eg kome til kyrkja, trøytt på lekam og sjel. Alltid har Holmås noko å gi ein trøytt syndar. Han har lært meg kva som meinast med «kirkens fred». Eg tykte det var så vondt då eg høyrde at presten søkjer seg ein annan stad. Kunne eg gjere han ei lita glede med desse linjene, kunne takke slik eg ville, så var det meininga, men det blir så lite å fare med når det kjem på papiret. Takk for alle høgtidsstunder i kyrkja! skreiv denne mora.

Like etter melde Vikebladet at Holmås, som var fødd i Lindås i 1898 og no var 40 år, hadde fått soknekallet i Radøy i Nordhordland, eit par timars båtreise nord for Bergen. Første påskedag 1939 heldt Holmås avskilspreika si. Eit par månader seinare vart Sverre Nilsen frå Bergen utnemnd til ny sokneprest. Han skulle snart få ein elddåp i konflikten med nazistane. Søndag 27. august 1939 vart han innsett i embetet.

*

Det var stadig dramatiske hendingar utover hausten 1939. Vinterkrigen i Finland braut ut 30. november då Sovjetunionen gjekk til angrep på Finland, tre månader etter at verdskrigen var eit faktum. Vinterkrigen førte til eit veldig engasjement i Ulstein-området for å hjelpe finnane. Det var innsamlingsaksjonar utover hausten og på nyåret. Laurdag 10. februar 1940 arrangerte Losje Tru stor Finlands-kveld på Fredheim i Ulsteinvik, der heile inntekta skulle gå til Finlandshjelpa. På programmet stod mellom anna tale ved lærar Gustav Flø, song ved Ulstein mannskor, tale ved lærar Hans Dragesund og fleire andre innslag. Hans Skeide avslutta kvelden.

Krigstrusselen fekk folk til å tenkje på kva som kunne gjerast for å auke matproduksjonen i Ulstein. I midten av mars 1940, berre vel tre veker før krigsutbrotet, skriv Gerhard Myklebust ei orientering i Vikebladet om noko av det som kan gjerast: – Sjølv om heradet (Ulstein kommune) har store interesser i fiskeria, så er det då 220 gardsbruk med 1300 dekar open åker og 2300 dekar dyrka eng. Når vi veit at det i tillegg er 5000 dekar gjødsla eng og 2600 dekar småbruk og beite på innmark, så er det då ikkje så lite å ta av til dømes ved ei pliktdyrking på 160 dekar. Kommunen har meir enn 150 hestar, skreiv han.

Vikebladet fortel vinteren 1939 at det er krigsfrykt i Europa. I oktober hadde Hitler okkupert tsjekkoslovakisk Sudetenland, og i mars 1939 okkuperte han Praha. Austerrike vart okkupert i 1938. Den 1. september gjekk tyskarane til åtak mot Polen, og England og Frankrike erklærte Tyskland krig. Med det var andre verdskrigen i gang.

Den 7. september skriv Vikebladet: – Så skulle me då oppleve atter ei verdsulykke. Alle har høyrt og frett det i radio og aviser. Eit sørgjeleg skotmål for sivilisasjonen! Noreg har meldt seg nøytralt, og Tyskland har godkjent det, såframt Noreg er absolutt nøytralt i handel og vandel. Det er vilkåret. Så spørst det om me kan halde dette. I siste krig svikta me stygt. Noreg hadde ei uhyggjeleg svarteliste. Ein kunne ikkje så mykje laste staten; men så var det perar og pålar som ville gå ein snarveg fram til millionær. Dei sveik den vennskapsavtalen vårt land hadde gjort med Ententen, og me kom gong etter gong ufjelgt ut i det. Denne gongen har me å styre klar båe sider. Finst her då ein eller annan sturv som kan vinne ein pengeneve på å handle på ei eller anna side med krigskontrabande, så vil staten straks få skulda, og me får høyre: De bryt nøytraliteten; me held dykk ikkje lenger for nøytral stat. Me handsamar dykk nett som det høver oss. Me ser på Noreg som krigførande. Dermed er me inne i heksedansen. Det burde difor vere livsvarig tukthus for den som for vinnings skuld lurer seg til å bryte den strenge nøytrale åtferd i forretning eller på annan måte, skriv avisa.

Første verdskrigen hadde vart i fire år, tre månader og 10 dagar, 10 millionar drepne, 6.400 falne per dag, 40 prosent av dei ungdom mellom 19 og 24 år, 87 prosent av dei falne var arbeidarar og bønder. I tillegg kom ufattelege materielle øydeleggingar. Skulle det bli noko slikt igjen?

I september 1939 var det innført bensinrasjonering – og ein del anna rasjonering – i Noreg. Det vart utdelt rasjoneringskort. Den 14. september melde Vikebladet at bensinrasjoneringa valda vanskar for sjåførane i Hareid og Ulstein. Fleire av dei som hadde bilkøyring som leveveg, fekk ikkje ein drope bensin. Lastebilane fekk knappe rasjonar. Frå og med 8. november vart det fullstendig rasjonering på sukker og kaffi.

Samtidig frykta folk prisstigning på bygningsmateriell. Denne hausten skulle det byggjast fleire nye hus i Ulstein og Hareid, og enkelte ville byggje på eldre hus. No ville folk gå i gang for å unngå prisstigninga. Mange hugsa førre krig.

Vikebladet skriv i julenummeret 21. desember 1939: – Vårt granneland Finland lid naud. Ei brutal makt har byrja å slakte ned uskuldige menneske som er våre frendar, medan vi endå sit trygt i kvar vår sess og ser korleis alt utviklar seg og lét andre lide. Folket på Hareidlandet ville hjelpe.

Før 1940 var omme, var Noreg også i krig.