Den økonomiske optimismen før og under første verdskrigen snudde til depresjon og krise i 1920. Ulstein hadde hatt bank saman med Hareid heilt sidan Ulstein off. sparebank vart skipa i 1867, den såkalla Rise-banken, ettersom hovudkontoret for banken låg på Rise, midt mellom Ulsteinvik og Hareid. Aktivitetsauken under krigen førte til at folk fekk meir bruk for banken. Bankstyret vedtok derfor å halde ein kontordag for veka i Hareid og ein i Ulstein så snart høvelege lokale kunne skaffast.

I 1916 flytta banken frå Rise, og fekk kontor i kvar kommune. Ei ny tid var komen. Det gamle fiskarbondesamfunnet var tufta på sjølvbergingshushald. No var pengehushaldet med eitt i full utvikling. Under slike tilhøve nytta det ikkje med to eller tre bankmøte i månaden på Rise. No måtte banken flytte til sentrum, der flest mogleg lettvint kunne nå han, konkluderer Peder Måseide i boka Hareid Sparebank 50 år (1977).

Fram til slutten av krigen hadde banken stort sett ytt lån til fiske og fangst. Men no lånte dei villig ut til elektrisitetsverket i Ulstein, den nye kristelege ungdomsskulen og det nye Ulstein Mekaniske Verksted. I Hareid ytte banken kassakredittlån til det nye Storelvens elektrisitetsverk i Brandal og det same til kommunale kraftverk. Toppåret for den første lokale sparebanken var 1917. Det var eit bra barometer på den økonomiske utviklinga. I 1918 kom aktiviteten ned på 1916-nivå, og der vart han liggande til 1920. Sidan gjekk det jamt nedover.

Sommaren 1918 kunne du merke at det snart kunne vere slutt på krigskonjunkturane. Prisane vart mindre faste, aksjeverdiar gjekk ned. I 1920 var landet for alvor inne i konjunkturomslaget. Den økonomiske nedgangen i USA og England spreidde seg til andre delar av verda. I Noreg kom ikkje omslaget i alle næringsgreinene samtidig. For fiskeriet vart omslaget hardt. Ein låg inne med store lager, og driftsmidlane var innkjøpte under høgkonjunkturen. Fiskeprisane gjekk ned, og korleis du enn stelte deg, vart det underskot på drifta. Særleg ille ute var dei som hadde teke opp lån og kjøpt båt medan prisane var på topp. No måtte fiskarane selje fangsten til den prisen kjøparen var villig til å betale. Det var ikkje hjelp i å fiske godt. Det eine reiarlaget etter det andre i området til banken gjekk konkurs og drog bankar med seg i fallet. Sparebanken kom under offentleg administrasjon i 1923, men det verste året for mange reiarar var kanskje 1926. Ein av Ulstein-båtane som ikkje klarte seg gjennom kneika, var dampfiskebåten Øyulf. Dei økonomiske vanskane førte til at båten vart seld frå Johan Ottesen til det nystarta AS Øyulf i Hareid i 1926.

Eit anna døme på korleis krisa kunne råke, er hotellpioneren og forretningsmannen Julius Ulstein som fylte 100 år 9. mars 1985. Den første jobben sin i forretningslivet fekk han på Ulstein Forbruksforening. Sidan vart det Islands-turar, gruvearbeid i Kings Bay på Svalbard – og torskefiske. Ei tid dreiv han landhandel i Torvik og tente gode pengar, slik at han kunne byggje forretningsgard i Ulsteinvik. Der vart det handel i første etasje og utleige i resten av det store huset. Så trefte han den 10 år yngre Sina, og dei gifte seg, reiste Central og flytta inn 1916. Der vart det ofte spørsmål frå handelsreisande etter ei seng for natta og mat. Slik starta hotelldrifta som Sina tok seg av. Julius dreiv butikk, hadde båtar og bygde Sjøborg. Men då nedgangstidene kom etter første verdskrigen, vart det konkurs. Seks forretningar i bygda gjekk med då. Julius miste skuta si også, ei Colin Archer-skøyte som heitte Fiskerjenta. Ho vart seld til Brødr. Aarsæther i 1922. I 1923 fekk Julius arbeid som heradskasserar og styrar for kaiekspedisjonen. Han vart ofte kalla Pantius, men det var ikkje alltid like moro å fare rundt og pante folk for skatten i dei harde mellomkrigsåra.

Historia om Ulstein på 1920- og 1930-talet er ei historie om tøffe økonomiske vilkår for mange av innbyggjarane. Det er ei historie om slit og sveitte, om arbeidskonflikt, arbeidsløyse, naudsarbeid, tvangsauksjonar og ein kamp om å få endane til å møtast. Siste utveg var fattigkassa. Men den fornedringa utsette folk i det lengste. Igjen var det kristelege samhaldet ein viktig faktor for å hjelpe heimar i naud.

For å hjelpe på situasjonen kunne kommunen vende seg til staten og søkje om tilskot til naudsarbeid. Ulstein Indremisjon fekk òg merke krisa då det nye bedehuset skulle finansierast. Medlemer gjekk rundt med lister der folk kunne teikne seg for bidrag, men denne gongen gav det på langt nær nok. Sommaren 1920 var situasjonen byrja å bli prekær mellom folk, bankane kunne ikkje yte lån, og styret vende seg til privatpersonar med bønn om lån. I 1921 sa landhandlar A. Johannessen i Ålesund seg villig til å løyse ut dei private långivarane og overta heile lånet. Huset kosta i alt vel 35.000 kroner, og lånet var på 28.000. Ulsteinvik bedehus vart først gjeldfritt i 1944 (Kristen Ulstein 1983)

Økonomar har gjort mange forsøk på å forklare kvifor djupe depresjonar utviklar seg, slik dei gjorde først på 1920-talet og særleg rundt 1930, på verdsbasis, nasjonalt og lokalt. Under boomen ser vi at det private næringslivet låner pengar for å investere, det vere seg i nye båtar og utstyr – eller i maskiner og bygningar, ikkje ulikt det vi har opplevd under oljeboomen i vår tid, frå 2005 til 2015. Så lenge oppturen held fram, og prisane stig, verkar dette lønsamt. Men kredittvekst ber med seg gjeldsvekst. Så sprekk bobla, prisane stuper utan at gjeldspliktene blir mindre. Med eitt skuldar reiarlag, bedrifter og hushaldningar meir enn dei eig – og er teknisk konkurs. I ein slik situasjon vil merksemda endre seg frå å låne og bruke – til å betale ned gjeld. Aktiviteten i samfunnsøkonomien får ein bråstopp, noko som forsterkar krisa.

For Ulstein off. Sparebank er utviklinga typisk. Konjunkturskiftet er ikkje nemnt i protokollane frå forstandarskapet før i mai 1920. Då har revisjonen nokre merknader med omsyn til kassakredittlån. I desember same året ber møtet bankleiinga vere merksam på mindre solide og punktlege låntakarar. Banken femnde då vidare enn til nærings- og forretningsliv. Skulebygga på begge sider av Eidet var reist med banklån. Banken har lånt pengar til kjøp av idrettsplass i Ulsteinvik. Sjølv om dette var ei god investering for ungdommen i bygda, fekk idrettslaget vanskar med å gjere rett for seg overfor banken.

– Vi treng ikkje bla lenge i møteboka frå 1921, før vi sit med kjensla av at tidene ikkje var så trygge som før, skriv Peder Måseide (1977). No var konjunkturnedgangen ein realitet. Men etter mange år med høgkonjunktur kunne dei nesten ikkje tenkje seg anna enn at dette berre var ein mellombels situasjon; at alt snart ville bli som før. Banken såg seg nøydd til å gi utsetting på betaling av avdrag og rente, elles ville det føre til økonomisk ruin både for den eine og den andre i bygda. Bankleiinga hadde lite røynsle med ein slik kraftig nedtur; situasjonen var vanskeleg. Både styret og forstandarskapet kjende ansvar for å halde hjula i gang. Dermed vart det til at banken tøygde strikken med omsyn til lån og garantiar alt medan dei venta på nye oppgangstider. Samtidig var banken under press frå anna hald. Sparebankdirektøren oppmoda banken om å innfri låna sine til andre bankar så fort som mogleg. No var gode råd dyre. Banken vende seg til kommunane Ulstein og Hareid om å reise kommunelån som delvis kunne innfri det kommunane hadde lånt frå banken. Banken ber også Storelvens Elektrisitetsverk i Brandal om å finne ei løysing slik at verket kan innfri banklånet sitt i nær framtid, i alle fall delvis.

Vi er no komne til sommaren 1921. Eitt av dei moderne fiskedampskipa har økonomiske vanskar, og banken må til med garanti. Det skulle ikkje bli den siste. Straks etter ser vi at eit anna dampskip er drive for bankens rekning. Andre går konkurs, og av mangel på bod må banken sjølv kjøpe dei. Seinare sal gir berre tap. No slår det også til med konkursar og tvangsauksjonar over eigedommar på land. Vanskane tårnar seg opp, og det synte seg komplisert å få statstilskot. Næringslivet både på land og sjø hamna midt i stormen som feia over ende mykje av det som var bygt opp sidan hundreårsskiftet. Dei fleste reiarlaga i Ulstein gjekk under. Då verste krisa var over rundt midten av 1930-talet, var det berre to dampfiskebåtar att i Ulstein, Snorre og Skjervøy.

I 1925 stod problemstillinga klar for Ulstein Sparebank: Anten å atterreise banken eller likvidasjon. Eit innskytarmøte på Fredheim i Ulsteinvik drøfta saka. Klarte dei ikkje å skaffe nok kapital til atterreising, var det rettast å avvikle og skipe ny bank. Det gjekk tungt. Den 27. oktober 1926 kalla styret igjen inn til innskytarmøte, denne gongen på Trudvang på Hareid, for å få klarlagt lagnaden til banken. Om lag 250 innskytarar møtte. No fekk dei frist på seg til 1. februar 1927 med tanke på å skrive under på ei erklæring om rekonstruksjon av banken. Kunne ikkje dette gjennomførast, oppmoda dei styret til å ta opp spørsmålet om å skipe ny bank. I den samanheng skulle dei også reise spørsmålet om ein bank i kvar av kommunane (Peder Måseide 1977).

Det skulle vise seg at folk var mest interesserte i ny bank, og mange ønskte å ha han i sin kommune. Dermed starta avviklinga av den gamle banken, ein omstendeleg prosess som varte heilt fram til 1936. I løpet av 1927 vart dei nye sparebankane skipa. Ulstein nye Sparebank, seinare Ulstein Sparebank, opna den 22. august 1927, medan den gamle banken gjekk til likvidasjon. Det var då klart at innskytarane kom til å tape innskota sine. Den nye banken leigde rom på ungdomshuset Fredheim. Dette var upraktisk fordi mange andre lag og organisasjonar brukte huset. Dessutan var Fredheim eit trehus i tettbygd strøk med tilsvarande stor brannfare. Arbeidet med å skaffe eige hus starta nokså raskt. Banken fekk det lågaste tilbodet frå Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk ved Olav I. Seljeseth, og arbeidet kunne ta til med murmeister Vilhelm Ringstad i spissen. Utover sommaren 1936 kom huset opp, og ut på hausten kunne Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk levere frå seg bygget.

I dei vanskelege åra på 1920-talet gjekk utviklinga i ei heilt anna lei enn det politikarar og entusiastar hadde tenkt seg då dei bygde det kommunale elektrisitetsverket i Ulsteindalen – og kommunestyret vedtok å gå med i Tussa kraftselskap. Kostnadene ved utbygginga i Ulsteindalen vart fleirdobla i høve til det dei hadde tenkt i utgangspunktet. Kraftprisane måtte justerast, og det førte til at folk ikkje hadde råd til å bruke kraft. Det var billigare å fyre med koks og ved. Dermed stod kommunen med eit dyrt kraftverk og eit forbruk som låg langt under det dei hadde kalkulert med. Og endå hadde ikkje alle grender i kommunen fått kraft. Men dei hadde ikkje råd til å byggje ut meir, for det kosta meir enn dei kunne rekne med å få inn.

I 1927 peikte kommunestyret på følgjande forhold då ein stor kreditor, Bøndenes Bank, kravde betaling: – Dei økonomiske tilhøva er fortvila. Prisane på kol og ved har gått sterkt ned. Det har ført til at dei fleste av abonnentane hos elektrisitetsverket har minka bruken av elektrisk kraft. Folk er nøydde til å bruke det som kostar minst.

I brevet sitt krev banken at kommunen betaler inn ein sum innan 1. januar 1928, elles blir elektrisitetsverket seld på tvangsauksjon. Men kommunen svarer at det er umogleg å betale innan fristen og ber innstendig om at banken ikkje går til tvangssal av verket (Ottesen 1992).

Ulstein var ikkje åleine. I dyrtida under og like etter krigen hadde kommunar over heile landet kjøpt inn vassdrag og bygd elektrisitetsverk. Gjelda kom totalt opp i 700 millionar kroner. Så kom svikten i inntektene frå fisket og arbeidsløysa, og paripolitikken la tunge bører på økonomien i mange kommunar. Fleire greidde ikkje å betale renter og avdrag. I 1923 fekk vi ei lov som tillét å setje kommunar under statleg administrasjon. Ulstein kommunestyre vurderte situasjonen og gjekk i forhandlingar om ei gjeldsordning. Forhandlingane vart leia av fylkesmannen. Kommunen vart ikkje sett under administrasjon, men i 1932 fekk Ulstein gjennomført ei gjeldsordning ved hjelp av lån frå Norges kommunalbank.