Folketalet i Ulstein ved teljinga i 1930 var 2477, 1235 menn og 1242 kvinner. 188 av desse er jordbrukarar, medan 277 er sysselsette i fiske og fangst, mange av dei i kombinasjon med småbruk. Her er 410 husmødrer og 144 under rubrikken husarbeid heime. Ved kommunevalet i 1931 er det berre krinslister, ingen politiske parti. Flø får inn to representantar, Ulstein to, Ulsteinvik ni, Hasund fire, Haddal to og Dimna ein, medan Hatløy krins ikkje når opp.

Det er ingen tvil om at dei første tre tiåra etter at Ulstein vart skild frå Hareid, var krevjande. Sjølv om vanskar også oppstår og har si årsak heilt lokalt, er dramatikken på verdsscena og nasjonalt med på å forsterke den kjensla av uro og uvisse som folk tidvis måtte kjenne på. Verdskrig, økonomisk krise, ny opprusting og krig igjen. Vi snakkar ofte om dei harde trettiåra, og ja, dei var harde, særleg dei første tre-fire av dei, også for mange i Ulstein. Men 1920-åra hadde vore harde dei òg. Folk flest hadde derfor små ressursar å stå imot med når ei ny verdskrise banka på døra.

Børskrakket på Wall Street på Manhattan i New York i 1929 markerer ofte starten på det som blir kalla den store depresjonen. Heile verda merka etter kvart følgjene. Medan perioden 1923 til 1929 hadde vore prega av nokså stor velstandsauke i USA, hadde den økonomiske krisa etter første verdskrigen vore djupare og vart lenger i Noreg. Det hadde mellom anna samanheng med paripolitikken og deflasjonen som følgde. 1920-talet har ofte blitt kalla det tapte tiåret her i landet, sjølv om landet alt i alt fekk ein økonomisk framgang. Krisa som starta i Noreg rundt 1930, førte til massearbeidsløyse med påfølgjande sosiale problem. I ein kystkommune som Ulstein, der mange levde av jordbruk, fiske og fangst, kan vi ikkje snakke om massearbeidsløyse på same måten som i dei store byane. Men dei som stod utan arbeid, fekk det tøft, og det var tronge tider for mang ein fiskar og småbrukar òg. I tillegg var det mange som hadde mist pengane sine då bankane gjekk over ende i tiåret før. Det hende at familiar måtte flytte frå husa sine og stod på berr bakke. Då var det slekt og grannar å lite på.

I 1933 fall Bondeparti-regjeringa på den økonomiske politikken. Ap røysta saman med Venstre. Regjeringskrisa dette året gav signal om økonomisk nytenking både på sosialistisk og borgarleg side. Den klassiske økonomiske tenkinga hadde mist mykje av berekrafta i møtet med den nye verdskrisa. Den økonomiske teorien før første verdskrigen hadde eitt kjernepunkt: Pengeverdien skulle haldast stabil. Var dette i orden, ville produksjonslivet ordne seg sjølv utan offentlege inngrep. Slik røyndomen var i åra før krigen, fungerte teorien truverdig. Men i mellomkrigstida gjekk det ikkje bra. Krisene vart til katastrofar for næringsliv og folk flest. Styresmaktene vart tvinga til å gripe inn med lover som hindra banksamanbrot og kommunekonkursar, med gjeldsmekling og lånekasser. Gradvis vart ein ny teori pressa fram om korleis stat og styresmakter kunne gripe inn for å hindre at økonomiske kriser vart til katastrofar. Ein ny røyndom kravde ein ny teori.

Det nye teoriklimaet kjem til syne først på 1930-talet i fleire land, også Noreg. Den felles grunntanken var idéen om den aktive staten: Han skulle påverke den økonomiske utviklinga ved direkte inngrep. Næringslivet trong statleg medverknad om det skulle gå bra. Staten skulle utvide verksemda si og investere. Såleis kunne staten få i gang økonomisk verksemd, trekke arbeidslause inn i arbeid, skape etterspurnad etter varer og tenester, som igjen trekte fleire inn i arbeid.

Mellom 1933 og 1935 var regjeringa Mowinckel stadig i hardt vêr. Ikkje minst sleit dei med å få fleirtal for landbrukspolitikken. I mars 1935 var det slutt, og Ap med Johan Nygaardsvold som statsminister tok over. Denne regjeringa konsoliderte stillinga si ved det påfølgjande stortingsvalet og vart sitjande til 25. juni 1945, dei siste åra i London.