Den lokale høgkonjunkturen heldt seg også utover i 2008, sjølv om året etter kvart skulle føre med seg internasjonal finansuro. Arbeidsløysa var framleis på veg nedover. Odim i Hjørungavåg var eitt av selskapa som hadde vind i segla. Før 2008 var omme, runda selskapet 2 milliardar kroner i omsetning. Våren dette året fekk selskapet ein ordreinngang på over 500 millionar og sat på ein ordrereserve på over 2,1 milliardar kroner. Det var ny rekord. Dei gode tidene gav også feite opsjonar til Odim-toppane. Tre av dei hadde delt 35 millionar i opsjonsgevinst. Den største potten på 21 millionar kroner fekk konsernsjef Jogeir Romestrand som no var i ferd med å gjere seg rik på Odim-eventyret.
Denne våren var det også offisiell opning av det nye Odim-bygget i Hjørungavåg. I april 2009 fekk Hjørungavåg-bedrifta ein ny hovudaksjonær, Røkkes Aker Solutions AS. Odim hadde samarbeidd med Aker-selskap dei siste åra, og Odim-produkt hadde inngått i ei rekke prosjekt som Aker hadde stått bak. Men det vart diskusjon og avisoppslag om saka.
I slutten av juli 2009 gjekk Jogeir Romestrand av som konserndirektør i Odim ASA etter 24 år i selskapet. Arild Hatløy vart konstituert som ny konsernsjef. Tidleg på hausten 2009 kjøpte Rolls-Royce 33 prosent av aksjane i Odim, og i slutten av januar 2010 kom den endelege meldinga: Rolls-Royce var i ferd med å kjøpe Odim. Dei tilsette i bedrifta i Hjørungavåg var ikkje overraska: – Dette er ikkje eit fiendtleg oppkjøp, der ein konkurrent kjøper ein annan, kommenterte konserndirektør Håvard Haanes i Odim. Representantane for dei tilsette trudde oppkjøpet ville vere bra for Odim, og at dei to konserna ville utfylle kvarandre. Prisen Rolls-Royce var villige til å betale, var høg: Ikkje sidan kjøpet av Vickers hadde konsernet vore villig til å punge ut så mykje for ei bedrift: kring 2,2 milliardar kroner vart prisen på Odim, som no skulle kome til å gå over i historia på meir enn ein måte.
I mai 2010 kan vi lese i lokalavisa at integreringsprosessen etter Odim-kjøpet hadde starta. Odim-namnet var på veg ut, og leiinga hadde fått Rolls-Royce-namnet i titlane sine. At Rolls-Royce hadde kjøpt 100 prosent av aksjane, innebar mellom anna at Odim ASA Offshore ville bli organisert i eit nytt område av Rolls-Royce Offshore, kalla Deck, Machinery, Seismic & Subsea. I Hjørungavåg spesialiserte Rolls-Royce seg på produksjon av skipsutstyr til seismikk- og subseabransjen, mellom anna vinsjar. Bedrifta hadde no om lag 300 tilsette i Hjørungavåg. Rolls-Royce nytte godt av oljeboomen og opplevde rekordresultat. I marinedelen var resultatet før skatt i 2011 på 2,0 milliardar kroner.
Oljeoptimismen i den maritime næringa var til å ta og føle på. Redaktøren av lokalavisa skriv på leiarplass i oktober 2012: – I dag går norsk eksport på høggir. Til dømes har salet av tenester, såkalla after sale, til utlandet vakse kraftig, sjølv om det er krise i Europa. For ein månad sidan spådde Nordea at eksporten ville halde fram med å auke, trass i vår særnorske lønnsvekst. Dei høgteknologiske verksemdene her i landet sel pakkar, der kunden kjøper kompetanse. Det betyr at bedriftene i tillegg til å levere det fysiske utstyret, også leverer tenester knytt til det same utstyret – i mange år framover. Mykje av den høgteknologiske suksessen er knytt til olje. Det er ikkje mange vekene sidan ei spåkvinne frå Meklerhuset SEB Enskilda slo fast at den komande oljefesten ville slå alle rekordar, og meklarhuset spådde norsk oljefest i mange år.
Slik såg verda ut hausten 2012 og dei komande åra. Den maritime næringa innkasserte i denne perioden stadig nye og store kontraktar. Suget etter arbeidsfolk og ingeniørar var omfattande. Ein rapport frå januar 2013 frå Norske Offshorerederier viste at næringa hadde hatt ein kraftig vekst i verdiskapinga. Aller sterkast stod reiarlaga på Sunnmøre. Meklartal viste hausten 2013 at reiarlaget Island Offshore i Ulstein var verdt over 4,5 milliardar kroner. Men det skulle ikkje gå meir enn vel eit år før nedturen i bransjen var eit faktum.