Medan industrien gjekk på høggir, og servicenæringar, helse, omsorg og undervisning voks og fekk stadig fleire kvinneleg tilsette, gjekk det tilbake med tradisjonelle næringar i Ulstein. Ein statistikk frå 2010 (SSB) viste at over halvparten av dei registrerte jordbruksverksemdene i Ulstein og Hareid hadde blitt borte dei siste ti åra.
I 1999 var det ifølgje jordbruksteljinga 135 registrerte gardsbruk i Ulstein og Hareid, i 2010 var det berre 60 att. I Ulstein var det 68 registrerte bruk i 1999, berre 32 i 2010. Sjølv om det vart færre gardar, sikra dei jordbruksverksemdene som var igjen, seg større areal. Det var likevel ikkje nok til at det totale jordbruksarealet ikkje gjekk ned, sjølv om nedgangen var mindre dramatisk enn talet på bruk skulle tilseie.
Det vart stadig færre kyr og sau viste husdyrteljinga for 2012-2013. På Ytre Søre Sunnmøre var det 397 kyr i 2013, ein nedgang på 39 frå 2012. Sauehaldet i distriktet hadde minka med 182 til 4753 i 2013. Men det hadde vore ein auke i talet på utegangarsauer, frå 630 til 780. Teljinga viste at det var ni hestar i Ulstein i 2013, 141 mjølkekyr, 765 sauer, 58 utegangarar, 252 griser, 9 verpehøns og fem lamaer.