Sjølv om Sunnmøre er langt frå Utøya og regjeringskvartalet, gjekk den dramatiske terroraksjonen sterkt inn på folket også lokalt. Vikebladet Vestposten køyrde ni sider med reportasjar og intervju, og i sentrum for det heile Silja Øvrelid frå Ulstein (Dimnøya). I nesten ein time låg Silja stille bak ein stein medan kulene hagla på Utøya. Eit kaldt hovud, gode kunnskapar og flaks gjorde at ho kom seg vekk frå marerittet i live.

20 år gamle Silja hadde akkurat fått stillinga som fylkessekretær i Møre og Romsdal AUF, og den første sommarleiren hennar på Utøya skulle vere ei hyggeleg opplæringsveke. I staden enda leiren som eit mareritt. Silja var mellom dei heldige som kom seg frå øya i live og utan fysiske skadar. Men ho miste og sakna mange vener. Då lokalavisa intervjua henne etter at ho hadde kome heim, fortalde ho at ho framleis var apatisk og nærast i sjokk.

Det har vore skrive mykje om 22. juli 2011. Vi tek likevel med nokre linjer frå leiaren i Vikebladet Vestposten i den første avisa etter terroraksjonen: – Fredag 22. juli 2011 har skore seg inn i vårt norske medvit og kløyvt historia vår i eit før og etter. Bomba i Oslo og massakren på Utøya kjem til å prege samfunnet i mange år framover. Mest av alt vil ugjerninga setje spor i dei som er hardast råka (..). Vi har høyrt statsminister Jens Stoltenberg og kronprins Haakon nytte ord og vendingar som vi elles ville ha rekna som klisjéar, men som situasjonen har gitt nytt innhald: samhald, nærleik, fellesskap. Biletet av folkehavet som lyfter blomster mot himmelen, har skrive seg inn i historia som symbolet på korleis vi kan svare på hat og terror.

Men på landsplan tok listetoppen i Kristent Samlingsparti i Oslo, Magnar Tanem, til orde for at terroren hadde samanheng med politikken til Arbeidarpartiet dei siste 30 åra. Han meinte Guds velsigning no var i ferd med å bli borte frå Noreg mellom anna fordi Ap hadde gått i bresjen for ein avkristningspolitikk her i landet. Listetoppane Kristine Røren i KrS i Ulstein og Trond R. Gustavsen i Hareid var usamde i analysen til Tanem.

I Ulsteinvik og mange andre stader samla folk seg i hundretal, ja, kanskje tusental, for å vise medkjensle med dei som hadde blitt råka av tragedien. I Ulsteinvik var det mellom anna eit stort fakkeltog gjennom gatene.