Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

I Dimna var det losje Kveldsljos som hadde fest første nyttårsdag, og andre nyttårsdag var det søndagsskulen som laga til fest for barna. Slik eg hugsar det, var det alltid fullt hus på desse festane, og folk måtte vere tidleg ute for å finne seg ein god plass slik at dei fekk både høyre og sjå.

På denne tida var det nok ikkje så svært mange foreiningar og organisasjonar som laga istand julefestar, men medlemmene var svært aktive og var med i komitear og programnemnder. Samarbeidet mellom Hasund og Dimna har alltid vore godt. I den tida var det både ungdomsforeining og losje i desse bygdene. Då vart det halde ungdomsmøte på Sundgot ein søndag, og den neste søndagen var det losjemøte i Dimna.

Medlemmene frå Dimna gjekk til Sundgot på ungdomsmøte, og medlemane frå Sundgot og Hasund gjekk til Dimna den neste. Det var nødvendig for folk å møtast. I jula var det slik at dei fleste som elles var bortreiste kom heim for å feire jula heime. Såleis var det eit godt høve til å møte vener og kjende som ein sjeldan såg.

I Dimna var det også prøvd med ein julefest som vart kalla “fiskarfesten”. I denne tida var det ikkje så mykje skog her i distriktet. Men vi var heldige som hadde Statsskogen eller Dimnasundskogen, og her var det Jon Garshol i Dimnasund som var skogvaktar. Det var han som tok ut juletreet og saga det ned. Til å hjelpe seg hadde han som regel med seg Nikodemus som var formann i ungdomsforeininga og bedehuset. Dette treet vart så brukt på festane på Sundgot, og fjerde juledag vart treet og pynten elles nedteke. Det var då det var “skalkefest” med kaffi og restar av maten frå festane. Juletreet vart så henta til Dimna der det vart nedkorta og oppsett i skulekjellaren, klargjort til festane som skulle vere første og andre nyttårsdag.

Dei elektriske juletrelysa vart nytta i begge bygdene. Eg synest å hugse at dei vart omtalte som “bedehuslysa”. Dette var lys i mange fargar. Dei var elles i så dårleg stand at dei måtte oversjåast før dei vart tekne i bruk til kvar jul. Lysa vart oppbevarte på Klubbeneset. Etter kvart vaks skogen til og det vart litt meir pengar å rutte med i organisasjonane, så dei fekk kvar sine tre og lyssett.

Dette førde då til at juletreet på Sundgot vart ståande til etter nyår. Det vart elles så mykje barn at barnefesten måtte delast, slik at det vart ein fest for dei skulepliktige, og ein for dei minste. Det kunne nok vere både vel og ille.

Seinare, i mange år, laga sjømannsforeininga “Bølgen” til julefest. Dette var også ein fest som samla fullt hus.

Når det galdt programmet på barnefestane, var det nok eit samarbeid mellom søndagsskulen og skulen. I skulen vart det i god tid før jul starta med å øve inn julesongar. Og når vi kom opp i “storeklassane” som vi sa, vart songane innøvde med andre- og tredjestemmer i tillegg til førstestemma. Lærarane var også med på barnefestane og sytte for at dei som hadde same stemma gjekk saman i ringen – dei største ungane i den ytste ringen og dei minste i inste.

Dette var ein uskriven regel, og fungerte fint. Verst var det nok for den som hadde fått i oppdrag å lese eit eller anna, eller kanskje synge på festen. Desse var nok så nervøse at jula var bortimot øydelagd. Dette har heldigvis endra seg kolosalt, og her må eg få gi ros til skulen og musikkskulen som har greidd å få ungane til å sjå på dette som heilt naturleg. Dei er så frimodige og scenevande at det er ei lyst å sjå og høyre!

For å lage til fest måtte det ein komité til. Og utpå seinhausten vart desse valde av styret i ungdomsforeininga og i losjen. Etter at losjen i Dimna vart nedlagd, heldt festane fram som før, og komitear vart valde. Etter det eg har forstått, var det “kjellarstyret” (skulekjellaren) og seinare grendahusstyret som valde komitéen.

Det å verte vald i festkomitéen trur eg mest vart sett på som ei ære. Og komitéane var samansette av både heilt unge og gamle ungdomar av begge kjønn. Dei eldre skulle naturlegvis vise dei unge korleis tradisjonen var. Det var komitémøte med planlegging av program, og kven som skulle vere talar. Det hende nok at komitéen bad formannen i ungdomsforeininga hjelpe til med å få tak i talar. Det å lage eit program for festane her i våre bygder var nok ikkje så vanskeleg. Vi var stort sett sjølvhjelpte med det meste. Men vi måtte som oftast utanbygds etter talar. Men enkelte gangar greidde vi det også, for vi hadde Knut Strand og Liv Dimmen. Begge desse var nytta – Knut Strand på sin rolege og lavmelte måte og Liv engasjert. Ho tala med tindrande auge og folk lytta.

Når vi hadde både blandakor og mannskor og i tillegg hornmusikk som alle skulle to gangar på scena, og i tillegg eit handskrive blad for ungdomsforeininga som heitte “Lerka”, var det alt langt på kveld. Men det var også i tillegg ei opplesing litt seint i festen og opning og avslutning. Enkelte gangar kunne det vere ein “føyndel” som rende seg til å skrive ein prolog også. Ei lang og god matpause høyrde med, og folk prata.

Det som kanskje var spesielt her hjå oss, var at det under festen var gang rundt juletreet. I forsamlingshusa den gongen var det trebenkar. Det gjekk difor fort å rydde salen. Benkane vart sette oppetter veggen på begge sider av salen, og det var klart for gang rundt juletreet. Ofte sette Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps (HDU) seg på scena og spelte til julesongane, men også Alfred Garshol trødde trottig på det gamle orgelet.

I Dimna var det ikkje orgel i den fyrste tida. Då vart orgelet på Holane frakta på handvogn til skulen og nytta under festane. Då var det som regel Asbjørn Waage som spelte på det. Festane var alltid opna og avslutta med ei kort andakt.

Siste programposten var gang rundt juletreet. Dei som av ein eller annan grunn ikkje ville eller kunne gå, dei fann seg plass i lisjesalen eller på galleriet. I Dimna sette desse seg mellom kjøkenveggen og skorsteinen. Men det var ofte så mykje folk som gjekk rundt treet at ytste ringen måtte gå mellom skorsteinen og kjøkenveggen. Då måtte desse som hadde funne seg ein plass her finne seg ei eller anna krå, eller så måtte dei “pitle” seg heimatt.

På bedehuset på Sundgot var det litt betre plass, så her kunne folk sitje i fred og ro og prate med kvarandre. Og så var det no spennande då å sjå kva gut den jenta gjekk saman med, eller kva jente den guten kom saman med!

Og folk stakk hauda saman og kviskra høglydt – spennande.

Det var alltid kjekt å korne på julefest anten det no var i Dimna eller Sundgot. Spesielt kjekt var det nok for den som hadde funne seg kjæreste der. Og det var ikkje berre jentene som var ettertrakta, nei då, det var “rift” om gutane også. Men litt tilbake til komiteen sitt førebuingsarbeid.

Det skulle pyntast med glitter og lekkjer i salen. På talarstolen vart det oppsett ei rame av trespiler som var kledd med krepp-papir. Der var det utskore “Velkomen og glad jul” i papp. Det øvste feltet hadde ein trekanta fasong med eitt spir i midten og eitt på kvar side. Bak hang det ei lyspære og velkomstorda lyste mot deg når du kom inn i salen. I Dimna var det same opplegget, men her var velkomstorda: “Velkomen og godt år”.

På kjøkenet var det jentene som regjerte. Dei koka koppar, vaska og styrte. Det var også jentene som ordna med maten. Han var tillaga i papirserviettar, likt i kvar pakke, og med to kaffisukker i. Med eit grep i kvart hjørne og snurring rundt, var pakken klar for servering.

Når maten skulle serverast var det gutane som bar baljen med koppar, og eit par jenter som delte dei ut. Det var gutane som bar bretta med matpakkane og jentene som delte dei ut. Kaffi vart servert i småkjelar. Det fekk også gutane vere med på. I matsalen på bedehuset var det sett opp langbord slik at folk kunne legge frå seg yttertøyet og skifte fottøyet der. I Dimna var det gjort på same måten, men her var det oppe i klasseromet dei heldt til.

Det var ikkje alltid så enkelt å kome seg fram på denne tida. Bilar var ikkje allemanns-
eige. Det var stort sett berre drosja til Nils, Tuebilen og Skreddar-Arthur som hadde bil i førstninga. Folk gjekk på fest, og dei kledde seg etter veret. Verst var det nok kan hende når det var snø og rennefok, slik at Kristen-Ole, som var vegvaktar, ikkje kunne take ut med hesten og treplogen.

Men folk kom seg fram og inn i matsalen eller klasseromet for å stelle seg istand til fest. På Sundgot var det greit, for der kunne dei berre gå opp trappa inne i huset og inn i salen. Verre var det i Dimna der dei, etter å ha stelt seg på håret og fått på seg høg-hæla-skorne, måtte ut og ned den høge og bratte steintrappa i rennefok og kanskje med islagde trappetrinn. Det var ikkje så greit.

– Kan dokke høyre dokke hyla? Eg må kome med ei historie som komitemedlem. Det var vanleg at ein del av siste års konfirmantar vart valde inn i julefestkomiteen. Vi skulle opplærast. Andre juledag var vi på bedehuset for å gjere istand det meste før vi gjekk heim og stelte oss til fest. Eg fekk jobben med å fyre opp i dei store runde omnane.

Omnen i lisjesalen var nok litt i ustand, for det mangla ein del av steinen innvendig. Men eg fekk no fyr, og fylte på med kol før vi gjekk heim. Men i mellomtida bles det opp, og då vi kom tilbake var omnen i lisjesalen raudglødande, og det hadde danna seg ei “rukke” på baksida. I tillegg hadde omnane slått fram, så det var eit belegg av sot på golv, benkar og bord.

Her vart det full fart med bøtter, vatn og tvoger for å få salane i presentabel stand. Og det gjekk. I kråa innfor døra i storesalen i bedehuset stod det alltid to små benkar utan ryggstø. Ein eldre mann, som alltid var med på julefestane, kom inn og sette seg her saman med andre. Under festtalen vart han sitjande framoverbøygd. Han strauk seg over haudet og ansiktet med hendene, som eldre folk ofte gjer når dei lytta.

På veggane rundt salen var det ei list på om lag 10 cm. Denne lista hadde komiteen oversett då det vart vaska. Her hadde mannen tydelegvis lagt handa før han strauk seg over ansiktet og resultatet vart eit ansikt svart av sot.

Det vart, naturleg nok, litt uro i salen etterkvart som folk vart merksame på dette, heilt til ein eller annan rydda opp.

På denne tida var det ikkje noke så praktisk som vann-klosett. På Sundgot vart utedoet til skulen nytta. Dette låg på nedsida av vegen bort mot gamlebrua. Her var det ei dør inn til gutado, ei til jentedo og ei til lærardo. Det var ikkje lys i desse roma. Dette vart då nytta når det var samling på bedehuset og når einkvan vart “trengande”. For mannfolka var det no etter måten enkelt. Dei gjekk nok ut for døra og fann seg ein skugge ein eller annan stad.

Verre var det for damene. Tenk dokke – i bestekjolar og høghæla sko i eit “himlande rennefok” å gå dei 30-40 meterane i mørket bort på dette nødvendige huset.

Dei måtte nok først i kjellaren og kle seg om før dei tok ut. I Dimna var det litt enklare, for der var vegen frå kjellardøra til utedoet kortare enn frå kjellardøra til klasseromet. Dermed var det å “syle” seg over vegen og verte berga.

Gatelys var det svært lite av. Eg kan i farta hugse at det var ein lysestolpe ved den gamle brua over Straumen. Han stod på Sundgot-sida. Ein stod på Skaret, vegkrysset ved skulen. Det var ei lykt i Våge-vågen, men ho stod så langt frå vegen at lyset knapt nådde vegen. Det var nok likevel slik at folk skimta kvar brua var. Så var det ei på Hellestøbakken og ei i Dimnamyrane. Eg trur at det også var ei ved bilhuset til Gjerdsbakk-Forden.

Vi var slik sett godt vande med mørket. Men vi hadde den fordelen at i klarver fekk vi sjå ein storslagen stjernehimmel.

Men no må vi innom festen att. I god tid før festen skulle ta til tok folk til å korne. I sin firraste stas kom den eine etter den andre skridande innover golvet og fann sine plassar. Det summa i salen av godprat, og etterkvart som salen fyltest merka ein også ei aning av naftalinlukt i salen. Sjølv om finstasen i god tid før jul var uthengt til lufting, sat lukta i, men det gjorde ingen ting. Festen var igang, og den varde lenge.

Etter at festen var slutt vart ungdamen att og gjekk rundt juletreet til langt på natt. Dette var det same både på Sundgot og i Dimna. Ungdomane møtte også opp når barnefestane nærma seg slutten, og heldt fram med gang rundt juletreet utover kvelden og natta. Det kunne nok hende at det ut på kvelden kom personar frå andre bygder som ikkje var heilt stø på beina. Dei kom seg inn i ringen og prøvde å gå og synge etter beste evne. Det vart nok litt uro, men ikkje bråk. Det var eit par eldre karar som på ein effektiv måte ordna opp. Den eine gjekk inn framfor den første, og den andre gjekk inn bak den siste. Dei følgde ringen til utgangsdøra. Den første gjekk ut døra med dei andre på slep. Dermed hadde dei fått karane ut og dei vart som regel ståande og prate med dei. Karane vart nok einige i at det ikkje var som det skulle vere det dei gjorde.

Dei same to karane var også snare å starte opp med juletregangen. Sangen og gangen rundt juletreet her hjå oss har hatt god omtale. Dette har nok med det aktive sang-, og musikkmiljøet å gjere. Her var det takt og tone. For oss “gamlingane” syrrest det umuleg å få til den solide sangen med å gå sidelengs, eller av og til kanskje baklengs rundt treet.

Med mange personar som stod, eller hadde stått i kor, kom ofte både alt- og basstemma fram slik at sangen lydde fleirstemt. Glansnummeret var nok “Den himmelske lovsang” fleirstemt – nydeleg.

Dette var ikkje ein julesang, men vart nok nytta fordi det var mange som hadde gått på Sunnmøre kr. ungdomskule i sin ungdom. Der vart sangen øvd inn fleirstemt. Og fleirstemt sang rundt juletreet gjorde seg. Julesongar var heller ikkje slike som: “Inga bok er meg så kjær” og “Kom til den hvitmalte kirke”, men det var songar som var gode å gå og synge og med takta kom også tonen.

Ein medverkande grunn var nok også at ungdomsforeininga hadde fått laga eit sanghefte til bruk på julefestane. Dette var i eit hendigt format og var å finne i dresslommer og handvesker. Dette heftet var laga like etter at krigen var slutt i 1945 og bar nok preg av det. Eg hugsar godt at vi gjekk rundt juletreet og sang “Gud signe Noregs land” så det ljoma. Seinare vart heftet revidert både to og tre gangar.

På Sundgot bedehus var det opp i fire ringar rundt juletreet. Med taktfast gange kan vi tenkje oss korleis det røynde på bjelkane. Det var derfor nødvendig med støtte oppunder dragarane nede i matsalen. Dette var noko som festkomiteen måtte passe på.

Eg vil nemne eit par som får stå som representantar for det solide sangmiljøet i bygdene våre. Helga og Jonas i Elling-garden. Han Jonas med si kraftige bass-røyst og Helga med si fine og fyldige alt-stemme som dei nytta i lyd og lag og i gang rundt juletreet. Ser vi dei føre oss? Eg trur nok at ein del av dei eldre vil kjenne seg att, men for dei heilt unge vil nok dette meir høyrest ut som eit eventyr.