I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta). Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet.
Det var meint å vere ei julegryte der pengane som kom inn skulle gå til julefeiring for dei trengande i Ulstein.
Dette blei vanskeleg og ein endra formålet til at pengane skulle gå til julefest for eldre på Ulsteinvik bedehus som blei arrangert av Ulstein kristelege blandakor.
Til venstre: I dag tener julegryta som innsamlingsbøsse for Ulstein nye kyrkje.