I folkevisa om Olav og Kari kjem dette til uttrykk i Olav sin karakteristikk av kona si. Mor til Olav anklagar Kari for å vere heks og spør han korleis han likar kona si, gifta si. Olav svarar: ”Sosso likar eg gifta god, som kvor den dagjen å drekka jol.” Altså ein svært så positiv omtale. Likevel endar visa tragisk. Olav trur mora og tar livet av kona si. At omgrepet at “drekka jól” er svært gamalt, ser vi av at skalden Torbjørn Hornklove, som levde kring år 900, fortel at han vil drikke jul ute på havet.
Etter at kristendomen vart innførd i Noreg, vart førebuinga til jula innleia med advent, dei fire siste vekene før jul. Den fiolette fargen som vi nyttar til lys o.l. i adventstida, er den liturgiske fargen for den katolske fastetida.
Fastetida er jo ei lutringstid, og det er godt muleg at såpass simpel kost som fisk, juletorsk og lutefisk, og graut, som framleis blir brukt som julemat somme stadar i landet, er etterleivningar etter den katolske fastetida.
Same om det var fisk eller kjøt, skulle all mat til jul vere fersk. Ein levde jo stort sett på salta og tørka mat resten av året. Derfor kom slaktinga og fiske av julefisk tett innpå jul. Sameleis med julebaksten. Og ølet skulle ikkje vere ferdig før 21. desember, Tomas Bryggjar, minnedagen for den vantru Tomas, apostelen som ikkje utan vidare godtok at Jesus hadde stått opp frå dei daude. Tanken var at fersk mat og ferskt øl gav friskt blod.
Julaftan skulle alle ekstra tidleg opp. Alle skulle ha god føde denne dagen, både dyr og menneske. Også skapningane i det fri måtte ein ta seg av. Mellom anna sette ein opp kornband, på svensk julkårv, for at fuglane skulle ha mat. Skikken har overlevd trass i at prestane gjekk hardt ut mot denne “heidenskapen” på 1700-talet.
På golvet i stova strødde ein halm, og i halmen burde heile huslyden sove julenatta. Menneska skulle ikkje ha det betre enn frelsaren. Denne skikken varde visstnok i enkelte bygder på Vestlandet heilt fram til 1940-åra.
Og helst skulle alle i huslyden sove tett saman i halmen, for på julekvelden møttest både gode og vonde makter. Derfor var det om å gjere å ha lys i alle rom slik at dei vonde vettene heldt seg unna. Av same grunn står det òg i julesongen: «så tenner moder alle lys, så ingen krok er mørk». I sær var ein redd Oskoreia, ei samling av vonde vetter og daude menneske som ikkje fekk fred. Julenatta for reia frå stad til stad, og passa ein seg ikkje, kunne ein bli teken med J.S. Wellhavesn dikt «Aasgaardsreien» og P.N. Arbos måleri med same namn gir eit godt bilete av dette fenomenet. Seinare tok julegeita over for reia. Trykte ein andletet mot vindaugsruta klokka 12 julekvelden, kunne ein sjå henne, og kanskje også bli teken. Denne skikken levde godt på øygruppa Froan på Trøndelagskysten enno på 1950-talet.
Også dei underjordiske måtte ha sitt julekvelden. Mellom anna sette ein ut graut til nissen. Det måtte ein gjere for å sikre at avlinga vart god også i det nye året. Det gamle namnet på nissen er tomtegubbe. Ordet tomt tyder gardsrom eller grunn. Altså er tomtegubben ein gubbe som råder over gard og grunn. Julevisa «Kom tomtegubbe stå i ring og lat oss lystige vere» kan nærast sjåast på som ein påkalling på denne skapnaden.
Somme stadar vart han òg kalla hauggubbe eller gardvord, dvs. den som vernar garden. Eigentleg er denne skapnaden rudkallen, den første som rydda gard og grunn. Han er så sterkt knytt til garden at han går igjen, og kvar julaftan krev han sitt, nemleg den symbolske handlinga å få julegraut, som er eit offer frå menneska til forfedrane deira.
Men kvifor fekk så tomtegubben namnet nisse? Det skjedde først på 1800-talet. Som så mangt anna skjedde det òg eit hamskifte i julefeiringa i dette hundreåret. Ordet nisse er det same som mannsnamnet Nils, og det kjem av det latinske Nicolaus. Den Nicolaus som har gitt namnet sitt til nemninga, er den heilage Nicolaus. Han levde i Lilleasia på 300-talet e.Kr. Han vart i si tid kanonisert til barna sin helgen. Minnedagen hans er 6. desember. Då skulle han gå rundt med ris i eine handa og gåver i den andre. Barna fekk då som fortent, juling eller gåver. Denne skikken skal visstnok eksistere enno somme stadar i Tyskland. I følgje Rudolf Steger frå München vart dette praktisert i hans barndom på 1950-talet. Med protestantismen forsvann Nicolaus, og gåveutdelinga vart knytt til julaftan og Jesusbarnet. Men nissen følgde med på lasset, m.a. som julegåveformidlar på julaftan. Og slik er den gamle tomten blitt blanda saman med helgenen Nicolaus og blitt til den moderne nissen, som i likskap med mykje i landet vårt er meir amerikansk enn norsk.
Vår moderne jul byrjar eigentlig med advent. Og julestjerna vi henger i vindauget og kransen på døra, er innlån frå Tyskland. Derifrå kjem òg julekalenderen, som dag for dag leiar oss mot den store dagen, julaftan. Det er ei tysk kvinne, fru Haug, som har fått æra for det. Ho levde på 1800-talete, og hadde ein sjuk gut. For å glede han laga ho ein kalender med ei overrasking for kvar dag i advent. Og dermed var det gjort.
Luciafeiringa derimot kjem frå Sverige. Luciadagen er 13. desember, minnedagen for St. Lucia som leid martyrdøden på Sicilia kring år 300. Ved midten av 1800-talet fann svenske studentar på at dei ville feire denne dagen med opptog og servering av mat, truleg ein skikk frå katolsk tid, då denne dagen innleidde fasta før jul, og då måtte ein ete ekstra godt. I tradisjonen er også denne dagen ein farefull dag, for som motstykke til den lyse Lucia finst ei mørk Lucia, ein kvinneleg Lucifer, som kunne fare ille åt viss juleførebuinga ikkje var som ho skulle vere, t.d. bake sju sortar julekaker osb. Hos diktaren Olav Duun er Løssi langnatt omtala i soga om Juvikfolke, ei farleg natt der ein helst skal halde seg innandørs.
Frå gamalt kan ein tenkje seg at ein dansa rundt treet, som i fleire religionar er eit frævleiks – og livssymbol, kunnskapens tre i Bibelen og livstreet i Elysien i gresk mytologi samt Yggdrasil i norrøn mytologi. Vi ser også det same i den opprinneleg tanken bak fastelavensriset. Frå Tyskland kjenner vi til at dei unge jentene i landsbyane kledde seg nakne til dømes på eit jorde. Så sprang gutane etter dei og piska dei med bjørkeris, med det førmålet at jentene skulle bli fruktbare. Som takk fekk gutane bollar som jentene hadde bakt. I julesongen syng vi jo «Du grønne glitrande tre goddag. Velkommen du som vi ser så gjerne.» Ei besjeling av treet der vi helsar det som eit levande vesen.
Juletreet i vår form, det ein på tysk kallar Christbaum, kristustreet, kom også frå Tyskland. Ca. 1820 har overklassa i Christiania for første gong juletre til jul. Julehefta kom omtrent samstundes, og kring 1870, med raskare og betre postgang, kom julekorta i bruk.
Under: Julekorta er henta frå Nasjonalbiblioteket.