Kvifor fekk den radikale, frilynte ungdomsrørsla aldri rotfeste i Ulstein sist på 1800-talet? Det er nesten gløymt at det vart gjort eit forsøk med ungdomslaget «Kolmila», for laget vart etter alt å døme nedlagt etter eit par år.
Tidleg på 1980-talet blei gratisavisa Ulsteinrevyen gitt ut. Utgjevar var Ulstein Næringslag og avisa blei delt ut til alle husstandard i Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og delar av Vanylven. Opplaget var 8000 og Tegneren Reklamestudio stod for sats, repro og montasje. Artikkelen om Bedi Import og La-Chris er henta frå Ulsteinrevyen, 6. årgong, oktober 1982.
Rolf Botnen (min far) arbeidde i sitt pensjonisttilvære med dokumentering av slekter rundt om i Ulstein. Trur det vart 14 hefter med utgangspunkt i si oldemors generasjon. Det første heftet tok føre seg hans oldemor Serine Ottarsdotter Daleskard, f. 1819 som kom til Ulstein saman si syster Johanne i 1828. Johanne f.1802 gifte seg då med Ole Kolbeinson Ulstein i Kolbeingarden. Johanne vart oldemor til mellom andre Martin Ulstein og då tippoldemor til Idar Ulstein.
Livet på bedehuset, og i familiane som høyrde til der, har fått mindre merksemd enn andre kulturuttrykk og anna lagsliv. Men bedehusmiljøet er ein viktig del av den lokale kultursoga. Dette er ei personleg forteljing om ein barndom sterkt knytt til Ulsteinvik Bedehus.
Dette bildet (til høgre) er av Ulsteinvik sentrum og er mest truleg teke våren 1936. Bildet er henta frå Widerøe Flyveselskaps flyfoto.
I år er det 80 år sidan fredsdagane i 1945. Levd liv markerer hendinga med ein artikkel om motstandsmannen Harald Notanes som er skrive av oldebarnet Vilde Garshol.
Min oldefar Harald Notanes, født 6. juli 1921 og død 19. april 2014 er som regel hovudpersonen i dei mange historiene eg har høyrt frå andre verdskrig. Han teneste gjorde i krigen frå 1941 til 5.desember 1945, og fekk blant anna fleire krigsmedaljar for den heltemodige innsatsen sin. Det er hans historie eg har valt å fordjupe meg i.
I 2022 blei det utgitt ein guide for bygg i Trondheim med jugendstil (også kalla art nouveau). Den er tileigna minnet om arkitekt Johan Osness:
«Hans frodige, nyskapende og varierte jugendstil med nasjonalt preg gjorde han til en av de aller mest betyningsfulle og produktive arkitektene i jugendstilperioden, både i Trondheim og Norge.»
Under finn du 2 røvarhistorier som vart tatt med i «Levd Liv 2025».
Marit Dimmestøl Voldsund, fødd 06.10.1935, gifta seg med Arnold Voldsund og flytta til Voldsund i 1953. Faren hennar var Sigurd Dimmestøl (1899) frå Skogstranda, og mora var Signe Garnes (1904).
Med ein oppvekst i Tjørvågane på 50-talet så kjem du ikkje unna historiene frå Ishavet, og dei sette sine spor. Alle bygdelag hadde sine fangstfolk og ishavsheltar. Mange deltok i redningsaksjonar og berga liv, andre miste livet når dei skulle skaffe innkome til familien. Men felles for alle er at livet deira var knallhardt.
I ei lita stove på Oshaugen budde der ei dame, Gjertrud Jetmundsdatter, f. 1791, frå Indre Dimna. Ho eigde br.nr. 3, Oshaugen på Osnes, og hadde levd der samam med to tidlegare ektemenn som no var døde. Korleis omstenda var er ikkje kjent, men Paul (Pål) Larsson (f. 1820) frå Hasund dukka opp, og han og Gjertrud gifte seg.
På Skeide bur Robert Skeide med kona Karin – Marie. Der har familien budd sidan 1981. Borna Kristian, Ruben og Miriam er vaksne og forlengst flytta heimanfrå.
Eg hadde sett for meg at eg alt visste mykje om Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Historikaren Ove Bjarnar som samla NKS historie ved 100-års jubileet konkluderer innleiingsvis med at NKS på brei kunnskapsbasis har reist utruleg mange institusjonar og sett i gang ein uoverskueleg rekke tiltak i landet vårt. Han listar opp: forebyggande arbeid for born, for psykisk utviklingshemma, for demente, for revmatikarar, sjukepleieutdanning, og bygging av ei rekkje bad, helsehus, sjukehotell – «for å nevne noen»1.