Asle Geir Widnes Johansen

374 treff

Asbjørg Hasund Grønmyr reiste rundt heile kommunen og sette sprøyter då ho kom tilbake til bygda på 1950-talet. Deretter vart ho styrar for Ulstein kvileheim og så sosialsjef i Ulstein.

Asbjørn Flø har markert seg som politikar både på kommune- og fylkesnivå. Han har vore ordførar og har engasjert seg sterkt i eldrepolitikk.

Asbjørn Waage leia kommuneadministrasjonen i Ulstein i ein periode der det vart teke mange, viktige framtidsretta grep. Waage sjølv var ei sterk drivkraft i desse viktige åra på 1960- og 70-talet.

Krigen hadde ikkje vore den same for alle i Ulstein. Somme fekk krigshandlingane heilt inn på livet; andre miste livet eller vart invalidiserte på kropp og sjel. For folk flest hadde truleg den største forandringa vore at samfunnet vart så mykje annleis, regulert og kontrollert. Dei daglege innkjøpa vart rasjonerte på kort og handlebok.

Bertha Karoline Osnes (f. Søvik) var ein av få kvinnelege gründerar i si tid i Ulstein. Ho makta å skape eit levebrød for seg og familien gjennom drifta av det som «alle» kjende som Berthakiosken midt i Ulsteinvik sentrum.

Bjarne Wærdahl har vore ein markant og kjend person i lokalsamfunnet med mange gjeremål og mange ballar i lufta både næringsmessig, kulturelt og innan fotball.

Gunvor Ulstein hadde hatt ei kjensle av at nokre av prosjekta dei jobba med, kunne slå til. Det ho hadde ymta om offentleg, skulle vise seg ikkje å vere falske forhåpningar. Den 4. mars 2000 ryddar Vikebladet Vestposten endå ein gong framsida for ei verftssak, denne gongen med blomster, smil og applaus: Ulstein Verft hadde fått kontrakt med Solstad. Reiarlaget tinga eit skip som kunne legge fiberoptisk kabel, prislapp 400 millionar kroner. Det viste seg at også UMV Holding var med på kjøparsida. Skipet var det største spesialskipet som til då var bygd på verftet og skulle leverast i april 2001. Kontrakten hindra ikkje at arbeidarar ville bli permitterte, men situasjonen vart mindre prekær.

Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.

Den 15. juli 2009 vart avfallsplassen på Eidet lagt ned. SSR ville i 2010 starte med å tilbakeføre området til slik det ein gong var. Avfallsplassen på Eidet var opna i 1994, og i 2005 var SSR 25 år. På slutten av 1990-talet hadde SSR opna sortertingsanlegg for grovavfall i Saunesmarka. Litt etter kvart dukka ein ny idé opp; kva med å gjere den gamle grovavfallsplassen på Eidet til hageavfallsplass? Slik vart det, og slik er det den dag i dag.

Midt i januar 1990 leverte bossbilane den siste lasta si til bossbrenningsanlegget i Saunesmarka. Så skulle arbeidet med å rive skorsteinen og omnane starte. Etter at rivinga var ferdig, skulle dei setje inn portar i underetasjen som mellom anna skulle brukast til garasje. No skulle bosset køyrast til Grautneset.

Ei av sakene som endeleg var i ferd med å finne si løysing, var bossaka. Bossplassane både i Hareid og i Fløstranda i Ulstein var i ferd med å bli sprengde. Men no skal Ulstein og Hareid samarbeide, og dei har samla seg om eit bossbrenningsanlegg i Saunesmarka i Ulstein.

I 1926 kom der ei høyring som demonstrerer haldninga i folket, og kanskje også den sterke stillinga til kristendom, kyrkje og bedehus i Ulstein: I 1926 var striden for eller mot brennevinsforbod på det hardaste. Han var også aktuell for kyrkja. Kyrkjedepartementet sende ut skriv med forbod om å halde foredrag for eller mot brennevinsforbodet i landets kyrkjer. Hausten 1926 var det folkeavstemming om forbodet. Dei røysteføre i Ulstein møtte mannjamt opp. Det skal vi straks kome attende til.

1980-talet var eit innhaldsrikt tiår for utviklinga i Ulstein. Kommuneleiinga visste at det var avgjerande for næringslivet at det var tilgang på husvære og tomter, både for tilflyttarar og innfødde. 1979 hadde vore eit bra byggjeår i Ulstein kommune; 50 bustadhus med 58 husvære vart sette i arbeid. Dei fleste av husa kom til i bustadfelta Hofsetmarka og Sundgotmarka. Men Flø figurerte no endeleg på bustadstatistikken med fire hus, og likeeins Eiksund med fire hus.

I mai 1987 tok Ulstein kommunestyre avskil med rådmann Asbjørn Waage. I nærare 40 år hadde han arbeidd i kommunen når han no hadde nådd pensjonsalderen; først ved kommunekassa, så ved elektrisitetsverket, deretter som formannskapssekretær frå 1957 og ti år seinare i stillinga som kontorsjef som seinare vart heitande rådmann. Ein periode på 1970-talet hadde Waage permisjon for å arbeide ut generalplan og gjere gardssoga for Ulstein og Hareid ferdig.

I oktober 1964 vedtok Ulstein kommunestyre at det skulle byggjast idrettshall med symjebasseng aust for Ulsteinvik skule. I budsjettet for 1968 var både idretts- og symjehall, hybelhus og pengar til opparbeiding av bustadfelt kome med. I slutten av 1968 kom dei første annonsane i lokalavisa, som fortalde om opningstider for symjehall og badstove. Det skulle bli offentleg bading tre dagar i veka.

Det var gode tider i norsk næringsliv fram til 1998. Sysselsettinga i landet auka med 230.000 frå 1993 til 1998. Frå 1998 minka veksten i økonomien noko. Det skuldast mellom anna uro i internasjonale kapitalmarknader i samband med den såkalla Asia-krisa, kraftig fall i oljeprisen og dobling av rentenivået i eit forsøk på å forsvare kronekursen.

Det viktigaste fisket for fiskarbonden utover siste halvdelen av 1800-talet var vintertorskefisket. Båten han brukte, var åttringen, ein låg og heller flatbotna båt med mast og eitt segl. Handteringa av seglet og masta var tungvint. Men etter kvart vart desse båtane justerte, og møringen kom med to master og fem segl. Så kom det dekksbåtar, og enkelte byrja å eksperimentere med motorar. I Ulstein var listerskøyta Svanhild den første med motor. Då Ålesund brann i 1904, stod Svanhild på slipp der og fekk innsett motor på seks hestar. I åra som følgde vart heile kystfiskeflåten i Ulstein motorisert (Johan Ottesen 1987).

Vestre Sunnmøre Samvirkelag leverte i oktober 2000 inn byggjemeldinga på det nye varehuset i Ulsteinvik sentrum. Målet var då å få det gamle Skeide-bygget rive i løpet av desember. Det var Sporstøl AS som hadde teikna varehuset – som ei stund seinare i prosessen skulle bli Blåhuset.

Kristenfolket følte seg truga i tida rett etter krigen. Under ein fest på Hareidlandet i 1946 talte prost Tjensvoll. Han kom inn på den ideologiske kampen han syntest å registrere i tida, og kristendomens posisjon:

Så skaut debatten i lokalavisa fart. Tor Meinseth gir i eit intervju uttrykk for at Trekantsaka er den viktigaste saka på 50 år. Trond Berg stiller spørsmålet: Kva annan kommune kan stå med eit nytt, nesten gjeldfritt kulturhus? Då intensjonsavtalen kom til kommunestyret 26. juni 2003, svarte ei delt forsamling ja til å gå vidare. Heile 10 av dei 25 stemte imot. Den mest klare på neisida var Knut Erik Engh: – Det overraskar meg at oppegåande politikarar svelgjer dette forslaget rått (..). Dette er eit døme på at politikarane er meir interesserte i å skaffe seg eit monument for ettertida, enn å skaffe innbyggjarane eit godt tenestetilbod, hevda Engh ifølgje Sunnmørsposten.