Jula varer så lenge

Eg har eit bestemt inntrykk av at jula startar tidlegare og tidlegare for kvart år som går. Det siste sparket i seriefotballen er ikkje sparka, og spelarane spring framleis berrføtte, når julepynt og nissar dukkar opp i butikkane. Brosjyrar om alt du må ha til jul, kjem til postkassene, saman med farga blad om årets siste haustmoter og skatteoppgjeret for 2019.

“Geburt Jesu”, takmåleri i klosterkyrkja, Engelberg, Obwalden, Sveits. Foto: Adobe Stock.

Julefestane i Hasund og Dimna

Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

Artikkelen er henta frå Julestjerna 2018.

Julefestane i Hasund og Dimna

Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

Styret i Hasund og Dimnøy kr. ungdomslag ein gong på 1960-talet. John Eidem er formann og styremøtet her blei halde i heimen til Lise Gjerdsbakk. Desse har vore med å planlegge mange julefestar i Hasund. Fremst ser vi John Eidem. Bak frå venstre: Johan Hasund, Alvhild Hasund, Karl Kleven, Nikodemus Garshol og Lise Gjerdsbakk.

Julefestar

I fjorårets utgåve av Julestjerna kunne vi lese om innsamlingsbøssa Julegryta som Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. For å lage artikkelen var vi innom arkivet til Vikebladet. I ei utgåve frå 22. desember 1949 fann vi bakgrunnen for Julegryta. Ved gjennomlesing av utgåva vart vi overvelda av talet på julefestar som blei arrangert.

Bildet er frå ein julefest på Hareid bedehus i 1962.

Julegryta

I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta). Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet.

Julegryta i Ulstein kyrkje

I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.

I dag tener julegryta som innsamlingsbøsse for Ulstein nye kyrkje.
Ulstein kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1849. Kyrkja stod fram til 1878 ute på gamle Ulstein kyrkjestad før den blei flytta til sentrum.

Julemøte i Ulstein historielag

Julemøtet i 2023 for Ulstein historielag blei halde i den gamle kraftstasjonen i Ulsteindalen torsdag 23. november. Ulstein Mannskor opptredde. Og sjølv om fleire av medlemmane i koret ikkje kunne møte, gav den utrulege akustikken i kraftverksbygget ein fyldig klang.

Trudi Eikrem fortalde om klippfisken sin plass i portugisisk matkultur. Johan Ottesen fortalde om då Ulstein vart elektrifisert.

Videoen er filma og redigert av Åge Andre Breivik.

Johan Ottesen fortel om kraftstasjonen i Ulsteindalen.

Juleskikke

Tekst er henta frå Tidsskrift for Sunnmøre Historiske Lag 1918-1919, 10-11 årgang.

Naar jeg har nedskrevet endel gamle bygde­skikke her i Ulstein, er det av to grunde. Først fordi flere har opfordret mig hertil, og dernæst – og det er det avgjørende – fordi det kunde tænkes at være av kulturhistorisk betydning. Det er nøkternt nedskrevet, saaledes som jeg selv har set det, t. eks. bryllupsskikke, eller saaledes som ældre folk har fortalt mig det, t. eks. «om­talsøl» og «be til bustad.» Jeg har hørt det me­ste fra min mor, som i sin tid var flink til at fortælle.

Artikkelen er henta frå Julestjerna 2018.

Julestjerna lyser opp i mørket

Julestjerna blei første gong tent vesle julaftan i 2012. Då hadde Magne Grimstad jr. to dagar tidlegare presentert idéen for Lidbjørn Vattøy. Han stilte sporty opp, teikna modellen og kappa to-fire-tom for montering. Dei to første åra stod stjerna i Osnesbrunene, men trestjerna var ikkje ei permanent løysing.

Julius Ulstein

I dag er «Sjøborg» kjent som kulturhuset i Ulsteinvik. Men det var Julius Ulstein som sette opp det opphavlege Sjøborg i Ulsteinvik i 1917. Julius var fødd på Ulstein og døydde 103 år gammal.

Julius Ulstein.

Karl Alme

«Han Kalla var ein romantikar.» Det var far sin yngste bror – onkel Ottar – som sa dette. Eg fekk ikkje spurt godt nok kva han la i det. Kanskje tenkte han både på det sterke engasjementet og evna og viljen til å gjennomføre og forsvare det han trudde på. Han støtta gjerne andre sine mål, og han lytta.

Karsten Warholm

Redaksjonsnemnda i Levd liv ba om ein artikkel om Karsten Warholm i årets bok av Levd Liv. Ikkje fordi han er historie, men fordi han er historisk. Dette er ein artikkel der vi berre har snakka litt med Karsten, denne artikkelen byggjer ikkje på eit intervju med han, men ved å snakke litt med dei som er nær han for å finne litt meir ut kven guten er.

Karsten Warholm fekk kongepokalen i 2015, 2016 og 2017.

KFUM-kameratane Ulsteinvik

I år er det femti år sidan volleyball-klubben KFUM-kameratane Ulsteinvik blei stifta. Klubben var ein del av Ulstein Kr. Ungdomslag, det som i dag heiter Ulstein KFUK-KFUM.

Bildet t.v.: Lodve Strandebø smashar. I bakgrunnen Idar Våge (6) og Svenning Skeide (2).

Kirsti Pedersen Haugen

Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.

Kirsti Pedersen Haugen.

Kjartan Grimstad

Kjartan Grimstad var ein sentral person innan det kristne organisasjonslivet i Ulstein. Han sat i soknerådet frå 1970 til 1985. I perioden 1970 til 1974 var han soknerådsleiar.

Kjartan Grimstad.

Kjempehall og ny stadion

I oktober 2011 fekk dei nyvalde kommunepolitikarane i Ulstein saka i fanget, planane om ein kjempehall ved Ulstein vidaregåande skule. Med eit golvareal på 5000 kvadratmeter ville dette bli den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim. Lokalavisa slo fast at det kom til å bli litt av ein start for det nye formannskapet då dei møttest for første gong mot slutten av oktober. På sakskartet stod aktivitetsparken på Saunes, omsorgsbustader ved Sjøsida og ny idrettshall ved Ulstein vidaregåande skule. Den nye hallen var kalkulert til 77,5 millionar kroner og var tenkt som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, som eigde og dreiv UVS, Ulstein kommune og ulike lag og organisasjonar, særleg Hødd og Dimna IL, som begge hadde vore sentrale i planlegginga av hallen. Både Ulstein vidaregåande og idrettslivet i kommunen hadde etterlyst ein betre hall. No var planen å rive den gamle Ulsteinhallen, og byggje den nye så stor at han kunne vere eit regionanlegg for friidrett, og med det løyse ut 10 millionar kroner frå departementet. Det heile kunne såleis gjennomførast med relativt låge kostnader for kommunen.

Den nye Ulsteinhallen vart offisielt opna 9. januar 2015.

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven er dotter til John Kleven (d. 2009). Ho er styreleiar i Kleven Maritime AS, har teke imot prisar og markert seg i offentleg debatt.

Kjersti Kleven