I år er det femti år sidan volleyball-klubben KFUM-kameratane Ulsteinvik blei stifta. Klubben var ein del av Ulstein Kr. Ungdomslag, det som i dag heiter Ulstein KFUK-KFUM.

Volleyball er rekna for å vere verdas største idrett om ein måler det i talet på utøvarar, og blei “oppfunne” av KFUM-rørsla. I dag er KFUM-kameratane Ulsteinvik historie.

Dramatisk opprykk

I 1980 feira KFUM-kameratane Ulsteinvik 10-års jubileum der herrelaget på nytt hadde rykt opp i andre divisjon. Det skjedde med knappast mogleg margin etter ein dramatisk kamp i Kristiansund. Laget hadde tapt knepent i Ulsteinhallen, og no var det returkamp i Kristiansund. Laga hadde vunne kvar sine to sett, og eit femte og avgjerande sett skulle kåre ein vinnar. Kristiansund leia 12-7 og hadde berre tre poeng før dei var klare for ny og høgare divisjon. Men KFUM-kameratane Ulsteinvik tok fram sitt beste, og laget frå Kristiansund kollapsa fullstendig. Sluttresultatet blei 15-12 og opprykket var ein realitet. Den gongen vart kvart sett spela til 15 poeng og vinnaren var det laget som først vann tre sett. Kristiansund dominerte seinare norsk herrevolleyball med tre seriegull, to sølv og to tredjeplassar i eliteserien. Laget har også tre cupgull og fleire cupfinalar. Sigeren denne vårdagen i 1980 danna grunnlaget for gullalderen til KFUM-kameratane Ulsteinvik og blei starten på at klubben også var representert med jente- og gutelag.